Ung i Volda

Ung i Volda Ungdomsklubb i Volda kommune. Onsdagar 18-21, Grobygget Hornindal. Måndag, onsdag og fredag frå 28/02-25, Samfunnshuset i Volda.

Siste sjanse for påmelding er i dag! Meld deg på for eit artig og kreativt opplegg på ungdomsklubben i Volda! meld deg p...
08/05/2026

Siste sjanse for påmelding er i dag! Meld deg på for eit artig og kreativt opplegg på ungdomsklubben i Volda! meld deg på gjennom https://www.ukm.no/

Fredag 15. Mai er klubben på samfunnshuset stengt pga. planlegging av Rockeskule!
06/05/2026

Fredag 15. Mai er klubben på samfunnshuset stengt pga. planlegging av Rockeskule!

30/5 vert det lokalmønstring i UKM i Ørsta. UKM er ein super arena for å få utfolde seg og sitt kulturelle uttrykk! les ...
06/05/2026

30/5 vert det lokalmønstring i UKM i Ørsta. UKM er ein super arena for å få utfolde seg og sitt kulturelle uttrykk! les meir om UKM på ukm.no Bruk denne lenka til påmelding, del med vener og kjende!

Fredag 1. mai er klubben på samfunnshuset stengt på grunn av anna arrangement på samfunnshuset. Velkomen tilbake på månd...
30/04/2026

Fredag 1. mai er klubben på samfunnshuset stengt på grunn av anna arrangement på samfunnshuset. Velkomen tilbake på måndag 4. mai!

27/04/2026

I løpet av Mai blir det rockeskule på ungdomsklubben i Volda! vi har satt av tre laurdagar til å drive med workshop i Samspel, Lyd og Lys og musikkutøving på scena! Du får gratis lunsj kvar samling! Målet er å jobbe fram mot UKM i Ørsta 29. og 30. Mai. Meld deg på på tlf: 90125431. 9/5, 16/5 og 23/5 kl. 10-16.

Lenke for påmelding: https://www.ukm.no/arrangement/2026-volda-rockeskulevolda

Ta med heile familien og bli med på den store opningsdagen til X2 Festivalen 🎈Onsdag 15. april vert Propellhallen og omr...
13/04/2026

Ta med heile familien og bli med på den store opningsdagen til X2 Festivalen 🎈

Onsdag 15. april vert Propellhallen og området rundt fyllt med liv, aktivitetar og gode opplevingar for både små og store 🧸 Her blir det show med Bluey & Bingo, masse leik, mat og overraskingar gjennom heile ettermiddagen 🎪
La ungane klatre, leike, prøve nye aktivitetar og møte kjende figurar – medan dei vaksne kan senke skuldrene og nyte stemninga. Dette er den perfekte starten på festivalveka 🌟
Arrangementet er gratis og ope for alle🌟Kl. 16.00–19.00 i og rundt Propellhallen, Volda sentrum
Velkomen til ein ettermiddag full av energi, latter og nye gode minner 💛
🎈Ekstra tips: Hugs også å få med dykk barneyoga 🧘‍♀️, aktivitetane til DNT Sunnmøre, aktivitetskortet og alle dei gratis sportskonkurransane gjennom veka ⛷️🛹
Volda kommune er stolte av å vere med på laget 🌟

Måndag 6.april kl. 13-16, vert det "knask og plask" i Voldabadet for born i 6.-7. klasse.  Det vert servering av frukt o...
30/03/2026

Måndag 6.april kl. 13-16, vert det "knask og plask" i Voldabadet for born i 6.-7. klasse. Det vert servering av frukt og leik i bassenget. Ta turen og sjekk ut tilbodet!

30.03.2026 kl 1730 vert det visning av Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl arrangert av Volda Filmklu...
24/03/2026

30.03.2026 kl 1730 vert det visning av Pirates of the Caribbean: The Curse of the Black Pearl arrangert av Volda Filmklubb og Volda Ungdomsråd. Ta turen for ein skikkelig klassikar, og stikk gjerne innom klubben for ein prat på vei heim! For ungdom 13-19år (fom. ungdomskule tom. vidaregåande). Vel møtt!

På grunn av hærverk er vi nøydde til å begrense ungdomsklubbtilbodet til å kun ha open ungdomskafeen ei periode framover...
24/03/2026

På grunn av hærverk er vi nøydde til å begrense ungdomsklubbtilbodet til å kun ha open ungdomskafeen ei periode framover. det var oversvømmelse i mellometasjen onsdag 18/3 som forplanta seg over 3 rom og bløytte diverse gamingutstyr. Vasken var tetta med tørkepapir. vi ønskjer oss tips om kven som er ansvarlege for hærverken og at dei skuldige melder seg. VI KJEM IKKJE TIL Å OPNE RESTEN AV KLUBBEN FØR VI HAR LØYST SITUASJONEN.

TIPS KAN SENDAST PÅ TLF: 90125431

Adresse

Samfunnshuset
Volda

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ung i Volda legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del