Juleglede - Volda/Ørsta

Juleglede - Volda/Ørsta Vi sprer juleglede til dei som treng det litt ekstra, både i Volda, Ørsta og i nabokommunene våre

Juleglede - Volda er ein frivillig organisasjon som samlar inn julegaver og julemat og deler ut til dei som treng litt ekstra hjelp og juleglede, både i Volda og i nabokommunene våre

innlegga våre. Gavene kan leverast uinnpakka eller godt merka med kva som er inni , aldersgruppe, og evt, kjønn. På den måten blir det enklare for oss å finne rette mottakaren

Mekko keramikkverkstad i Volda har donert fleire flotte gåver til Juleglede ❤️Handlaga gåver med omtanke kan bety ekstra...
18/12/2025

Mekko keramikkverkstad i Volda har donert fleire flotte gåver til Juleglede ❤️

Handlaga gåver med omtanke kan bety ekstra mykje, og vil glede fleire som treng litt ekstra varme i jula.

Tusen takk for rausheita og for at de stiller opp for lokalsamfunnet.

Filmopplevingar kan bli til store minne 📽️✨Tusen takk til Ørsta kulturhus for at de er med og skapar glede, og har spons...
17/12/2025

Filmopplevingar kan bli til store minne 📽️✨

Tusen takk til Ørsta kulturhus for at de er med og skapar glede, og har sponsa 10 billettar 💌

No nærmar vi oss slutten på arbeidet som er gjort med eitt mål for auge: at fleire i Volda og Ørsta skal få ei god julef...
17/12/2025

No nærmar vi oss slutten på arbeidet som er gjort med eitt mål for auge: at fleire i Volda og Ørsta skal få ei god julefeiring 🎄

Vi kan ikkje få takka nok alle dei frivillige som har stått på dag etter dag. Utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg, og de har gitt tid, krefter og enorm varme, og det utgjer ein stor skilnad for dei som treng det 💞

Tusen takk òg til Skin Tonic Volda som igjen har vore svært rause og donert mange gåver som eit viktig supplement til det vi har mangla. I år var dei ekstra rause, med mange flotte gåver som vil glede mange 💅💄

Tidlegare i veka hadde vi endå ei veldig flink og hjelpsam nissejente på laget som hjelpte til med pakking av både gåver...
14/12/2025

Tidlegare i veka hadde vi endå ei veldig flink og hjelpsam nissejente på laget som hjelpte til med pakking av både gåver og julemat.

Lydia, dottera til Line Lauvsnes Oddekalv hadde full kontroll på kva barn og unge likar, og gjorde ein fantastisk innsats.

Tusen takk til flinke Lydia ❤️

I dag tenner vi tre lys – for lengsel, håp og glede. Tre kjensler ein kan kjenne på i jula, uansett om ein har mykje ell...
14/12/2025

I dag tenner vi tre lys – for lengsel, håp og glede. Tre kjensler ein kan kjenne på i jula, uansett om ein har mykje eller litt mindre 🕯️❤️

Tusen takk til alle dei frivillige som stiller opp og gjer sitt, slik at lengselen ikkje blir den sterkaste kjensla denne jula 🌟

Osdals Catering i Volda har sponsa ei gåvekasse til Juleglede 🍽️🎁Bidrag som dette gjer ein stor forskjell for dei som tr...
13/12/2025

Osdals Catering i Volda har sponsa ei gåvekasse til Juleglede 🍽️🎁

Bidrag som dette gjer ein stor forskjell for dei som treng litt ekstra i førjulstida. Tusen takk for støtta og omtanken ❤️

Ei stor takk til Helse Møre og Romsdal for lånet av Mork-senteret i Volda ❤️Der får vi også i år pakke inn alle julegåve...
13/12/2025

Ei stor takk til Helse Møre og Romsdal for lånet av Mork-senteret i Volda ❤️

Der får vi også i år pakke inn alle julegåvene og gjere klare matkassene, slik at alt kjem trygt og godt fram til dei som treng det. Å ha ein slik plass å arbeide på er heilt avgjerande for at vi skal klare å gjennomføre dette arbeidet på ein god måte.

Tusen takk for tilliten, støtta og for at de bidreg til at vi får spreidd juleglede i Volda og Ørsta 🌟

Garnbutikken Lun i Volda har også gitt gåver🧶❤️Slike gåver spreier varme på fleire måtar, både bokstavleg tala og i hjar...
12/12/2025

Garnbutikken Lun i Volda har også gitt gåver🧶❤️

Slike gåver spreier varme på fleire måtar, både bokstavleg tala og i hjartet til dei som får. Tusen takk! 😍

Elkjøp i Furene har samla inn gåver og også gitt nokre sjølve 🎁✨Tenk, kjensla ein 8 åring får av ein hard pakke, med nok...
12/12/2025

Elkjøp i Furene har samla inn gåver og også gitt nokre sjølve 🎁✨

Tenk, kjensla ein 8 åring får av ein hard pakke, med noko datagreier eller liknande under juletreet om 13 dagar 🎄

Takk for at de stiller opp for lokalsamfunnet 💚

Plakaten vår har også hengt hjå Norli Volda  som har samla inn gåver 📚✨Tusen takk for at de hjelper oss å spre bodskapet...
11/12/2025

Plakaten vår har også hengt hjå Norli Volda som har samla inn gåver 📚✨

Tusen takk for at de hjelper oss å spre bodskapet. Kvar plass der plakaten får henge, aukar sjansen for at nokon som treng det, får ei litt varmare jul ❤️

Vi er godt i gang med både pakking av julegåver og sortering av julemat på Mork, og i går fekk vi veeldig god hjelp av t...
11/12/2025

Vi er godt i gang med både pakking av julegåver og sortering av julemat på Mork, og i går fekk vi veeldig god hjelp av to flinke nissejenter 🙋🎁💁

Elea og Tilje hadde full kontroll i fjor, og arbeidet låg tydeleg i fingrane. Systematiske, engasjerte og effektive heilt frå start til slutt 👏

Takk for innsatsen. De gjorde at alt gjekk mykje raskare og gjorde dagen litt meir magisk for oss alle 💫

Vi har fått flotte gåver frå Sigrid Øye Gjersdal, som driv Lille Apekatt i Volda ❤️Ei gåve som nokon har ønska seg kan s...
10/12/2025

Vi har fått flotte gåver frå Sigrid Øye Gjersdal, som driv Lille Apekatt i Volda ❤️

Ei gåve som nokon har ønska seg kan skape både glede, varme og eit viktig pusterom for ein familie eller ein liten mottakar 🎁

Tusen takk for omtanken og for at de er med og spreier ekte Juleglede i bygda vår!

Adresse

Volda
6103

Telefon

+4748148395

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Juleglede - Volda/Ørsta legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Juleglede - Volda/Ørsta:

Del