Ta vare på Gamlegymnaset i Volda

Ta vare på Gamlegymnaset i Volda Støtt arbeidet for vern og vedlikehald av kulturminnet med tilhøyrande hageanlegg. Her vart landets første gymnas på landsbygda etablert.

Ta vare på Gamlegymnaset i Volda!

- Vi arbeider for vern og vedlikehald av bygningen med hageanlegg.

- I arbeidet med å ta vare på huset hastar det først og fremst med å restaurere taket og vestveggen. Vi skal sørgje for at midlar avsett til dette i kommunen vert nytta til føremålet.

- Vi skal arbeide for at hagen og tomta vert ført tilbake til opphavleg stand! Den vakre trebygningen på Engeset

, bygd i 1851, representerer eit grunnleggande stykke Voldahistorie. Gymnasbygningen står som eit ruvande symbol på Volda som skulestad. Bygget sine unike kvalitetar gjer dette til eit hus med høg verneverdi, også i nasjonal målestokk.

Takk til alle som var med og bidrog til at Julemarknaden på Gamlegymnaset 2021  vart  vellykka nok ein gong.🌲Og takk til...
24/11/2021

Takk til alle som var med og bidrog til at Julemarknaden på Gamlegymnaset 2021 vart vellykka nok ein gong.
🌲Og takk til alle dokke som besøkte oss.

Gamlegymnaset i sjelden haustsol,27. oktober 2021.No gler vi oss til årets julemarknad som skal vere laurdag 20. og sønd...
27/10/2021

Gamlegymnaset i sjelden haustsol,
27. oktober 2021.
No gler vi oss til årets julemarknad som skal vere laurdag 20. og søndag 21. november, begge dagar frå 12 til 16.
Set av datoen. Kjekt å kunne samlast i huset og føle på den gode stemninga igjen!🍂🍂🍂

09/06/2021
Gamlegymnaset i vårsol 1. mars 2020.Det har vore aktivitetsstopp på Gamlegymnaset sidan julemarknaden i desember. No håp...
01/03/2020

Gamlegymnaset i vårsol 1. mars 2020.
Det har vore aktivitetsstopp på Gamlegymnaset sidan julemarknaden i desember. No håper eg at vi får til aktivitet igjen i 2020, for her er nok av oppgåver å ta fatt på.
Så vil eg takke alle som er medlemmar av vennegruppa og betaler kontingent. Alle monner drar, og vi er takknemlege for alle som bidreg til at huset og området rundt kan bli ei perle i Voldasamfunnet!
Så håper vi å få mange nye medlemmer i 2020.
Årskontingent er 300 kroner.

Julemarknaden på Gamlegymnaset 2019 er historie. Der var mykje folk, god stemning og godt sal. Ei stor takk til alle som...
27/11/2019

Julemarknaden på Gamlegymnaset 2019 er historie. Der var mykje folk, god stemning og godt sal. Ei stor takk til alle som var med og gjorde sitt til at dette vart ei god oppleving for alle.🌲🌲🌲

Kvelden før dagen.🌲I morgon er det julemarknad på Gamlegymnaset. Mange fine ting å få kjøpt, og du kan få kaffe, mat og ...
22/11/2019

Kvelden før dagen.🌲
I morgon er det julemarknad på Gamlegymnaset.
Mange fine ting å få kjøpt, og du kan få kaffe, mat og prat i kafeen.
Velkomen 🌲

5. november i dag, og julemarknaden på Gamlegymnaset nærmar seg.  Det blir laurdag 23. og søndag 24. november, og eg håp...
05/11/2019

5. november i dag, og julemarknaden på Gamlegymnaset nærmar seg. Det blir laurdag 23. og søndag 24. november, og eg håper du tek deg tid til å stikke innom oss.
Del gjerne dette innlegget. 💚

Gamlegymnaset 19. oktober. Laurdag 23. og søndag 24. november er det julemarknad på Gamlegymnaset. Har du tombolating el...
19/10/2019

Gamlegymnaset 19. oktober.
Laurdag 23. og søndag 24. november er det julemarknad på Gamlegymnaset.
Har du tombolating eller andre ting som kan seljast til inntekt for huset, kan de kontakte Anne-Lise Fredly👍

22/09/2019

Frå opninga av "Tre i natur og kultur"
på Gamlegymnaset på laurdag.

Laurdag 21. september var det eit arrangement  på Gamlegymnaset i regi av Forskningsdagane på Høgskulen i Volda. Temaet ...
22/09/2019

Laurdag 21. september var det eit arrangement på Gamlegymnaset i regi av Forskningsdagane på Høgskulen i Volda. Temaet var:
Tre i natur og kultur.
Det var eit fagleg gjevande og vellukka arrangement, med korte innlegg der temaet vart belyst på ulike måtar.
Ramma rundt arrangementet var perfekt.
Det gamle ærverdige trehuset omgitt av dei store trea i hagen, med blodbøken som eit praktfullt midtpunkt.🌳

Flott dugnad på Gamlegymnaset i  dag 19. juni.Vi rydda, måla rekkverk og gjorde hagearbeid.STOR takk til store og små so...
19/06/2019

Flott dugnad på Gamlegymnaset i dag 19. juni.
Vi rydda, måla rekkverk og gjorde hagearbeid.
STOR takk til store og små som deltok.
De gjorde ein kjempeinnsats 🌿

Melding om Dugnad🌿I morgon onsdag 19. juni og torsdag 20. juni, begge dagane frå 16.30 til 19, kallar vi inn til dugnad ...
18/06/2019

Melding om Dugnad🌿
I morgon onsdag 19. juni og torsdag 20. juni,
begge dagane frå 16.30 til 19, kallar vi inn til dugnad på Gamlegymnaset.
Vi blir takknemmelege og glade om du kan ofre eit par timar i lag med oss for å utføre nødvendig arbeid i hus og hage.
Alle monnar drar!
Yr lovar opphaldsveir og fin temperatur.
Velkomen skal du vere!

Adresse

Engesetvegen 30
Volda
6102

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ta vare på Gamlegymnaset i Volda legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ta vare på Gamlegymnaset i Volda:

Del