Voss Utferdslag

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Voss Utferdslag Voss Utferdslag er eit lokallag under Den Norske Turistforening (DNT) og dekkjer alle som har adresse innanfor det komande Voss herad.

Voss Utferdslag er eit lokallag under Den Norske Turistforening og dekkar alle som har adresse innanfor Voss herad.

Rykande fersk biletrapport frå Grindaflethytta🍁Kjersti Vik og Bodil Atterås frå hyttetilsynet tok turen opp frå Fyre. De...
12/10/2026

Rykande fersk biletrapport frå Grindaflethytta🍁

Kjersti Vik og Bodil Atterås frå hyttetilsynet tok turen opp frå Fyre. Dei melder om litt snø og is i høgfjellet og nydelege haustfargar.

No har dei stabla ved og gjort hytta klar for vintersesongen 💪. Brua ved Grindafletosen er teke ned og om kort tid vert også bruene ved Elvamotet og Stordalen teke ned.

Merk at sjølv om bruene er/vert teke ned kan du gå til hytta frå Fyre. NB! Sjekk vermeldinga før du går - det kan koma meir snø i høgfjellet no på kort varsel.

Foto: Kjersti Vik

Fyrstkomande måndag, 12. oktober kl. 18.00 - 19.30, markerer me verdsdag for psykisk helse med bålkos og kveldsmat🔥De fi...
10/10/2026

Fyrstkomande måndag, 12. oktober kl. 18.00 - 19.30, markerer me verdsdag for psykisk helse med bålkos og kveldsmat🔥

De finn oss på ei av dei tilrettelagde bålplassane i Prestegardsmoen. Helle Karlsdottir tek med seg gitaren og syng nokre songar for/med oss.

Dette vert ein skikkeleg koseleg kveld og me vonar mange vil ta turen. Ta med familien din, bestemora di, naboen eller kom som du er. Me ynskjer alle generasjonar velkomen🥰

Ta med gode klede, sitjeunderlag og kveldsmat.

Me menneske har samla oss rundt bålet i tusenvis av år; For å kjenna på tryggleik og samhald, halda varmen, laga mat og fortelja historiar. Bålet har ein lækjande effekt på oss - å sjå og høyra knitringa frå flammene roar ned stressnivåa i kroppen.Bålkos og kveldsmat…

Siste sundagstur i år - framleis seks ledige plassar☺️Bli med på tur frå Ulvund - Svolefjell - Øyaset- Vinje fyrstkomand...
07/10/2026

Siste sundagstur i år - framleis seks ledige plassar☺️

Bli med på tur frå Ulvund - Svolefjell - Øyaset- Vinje fyrstkomande sundag. Gunn Hommedal Kvitne og Knut Blikberg viser veg🧭

Meld dykk på i lenkja under:

Bli med på ein variert tur med mange spennande stølar og vakker utsikt!Gradering / vanskelegheitsgrad:   Rød/ Krevjande: 700 høgdemeter og 12 km. Turomtale:Turen start…

04/10/2026

Sosial mandagsjogg utgår grunnet vær og høstferie☺️ Vi sees på neste tur mandag 19. oktober!

Denne gjengen har plass til fleire rundt bålet!🔥📖 Vekas helgelesing er om det nyaste turtilbodet til Utferdslaget, DNT U...
02/10/2026

Denne gjengen har plass til fleire rundt bålet!🔥

📖 Vekas helgelesing er om det nyaste turtilbodet til Utferdslaget, DNT Unge Vaksne Voss.

Kva skjer når ein møter opp på tur og ikkje kjenner nokon frå før?
Svar: Veldig mykje fint.

Lenkje til artikkelen i kommentarfeltet.

God helg🍂

BLÅTUR i sikte 🥳14. oktober avsluttar DNT Senior Voss onsdagsturane for i år med ein flott tur og ein herleg middag base...
02/10/2026

BLÅTUR i sikte 🥳

14. oktober avsluttar DNT Senior Voss onsdagsturane for i år med ein flott tur og ein herleg middag basert på lokale råvarer. Me tek buss til turmålet og et ein god middag og dessert før me reiser heimatt, proppfulle av nye minne med kremgjengen.

Me har fått tilbakemelding på at folk har slite med å melda seg på turen, og vonar at dette er retta opp i no. Har du ikkje motteke bestillingsbekreftelse, er du enno ikkje påmeldt.

Me vonar at mange har lyst til å bli med på denne turen. Meld deg på i lenkja under innan 9. oktober. Slit du framleis med å melda deg på, kan du senda ein e-post til voss.utferdslag(at)dnt.no, så ordnar me det på anna vis☺

Påmelding: Du må melda deg på nett innan fredag 9 oktober kl 12.00. Det må vera minimum 20 deltakarar for at arrangementet skal gjennomførast. Du finn påmeldinga nedst på denne sida. 

Førre helg arrangerte me NF fyrstehjelpskurs her på Voss ☺Stor takk til kurshaldar Jakob Årmann, som delte raust med kun...
01/10/2026

Førre helg arrangerte me NF fyrstehjelpskurs her på Voss ☺

Stor takk til kurshaldar Jakob Årmann, som delte raust med kunnskapen sin 🥰

Adresse

Vangsgata 28, Hålandshuset
Voss
5700

Åpningstider

Mandag 08:30 - 15:30
Tirsdag 08:30 - 15:30
Onsdag 08:30 - 15:30
Torsdag 08:30 - 15:30
Fredag 08:30 - 15:30

Telefon

+4794839239

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Voss Utferdslag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Voss Utferdslag:

Snarveier

Del