Refleks Ten Sing

Refleks Ten Sing Her kan du fylgje med på det Refleks Ten Sing på Voss finn på gjennom året. Aktive refleksere melder seg inn her: facebook.com/groups/reflekstensing

Refleks Ten Sing er eit stort ungdomsarbeid som høyrer til i Voss KFUK-KFUM sitt hus Vonheim midt på Vangen på Voss. Me har omlag 50 medlemmar i alderen 13- 19 år. På Ten Sing syng ein i kor og går i ulike grupper som dans, drama, band, minikor, teknikk og kjøkkengruppe. I koret syng vi alle typer sanger, alt i frå pop og rock til gospel. Det er øving kvar torsdag frå kl. 18.00- 21.00. Vonheim er

ope frå klokka 14.15 kvar torsdag og det er mogleg å henge rundt og kose seg, eller gjere lekser. Det vert servert middag kl 16.00. Etter øvinga er det nattcafe for dei som er 15 år og eldre. Kvart år set vi opp ein stor konsert som me lager sjølv, og inviterer stort publikum til! Refleks har eit godt miljø og er med på og arrangerer ulike turar og leirar. Vi reiser på haustleir, arrangerer julebord, er med på vinterfestival, påskeleir og sommartur / Ten Sing festival. Refleks Ten Sing høyrer inn under KFUK-KFUM som er ein kristen orginisasjon. Ein treng ikkje vere kristen for å vere med i Ten Sing. ALLE kan kan begynne i Refleks, det er ingen audition, og ein kan byrje når som helst på året, sjølv om hovedstarten er i august. Du er hjarteleg velkomen!

Adresse

Hestabakkvegen 1/Vonheim
Voss
5700

Nettsted

https://www.facebook.com/groups/reflekstensing/

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Refleks Ten Sing legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Refleks Ten Sing:

Del