14/06/2026
Voss Røde Kors Hjelpekorps set opp faste fyrstehjelpskurs i tida som kjem!
Treng du eller nokon du kjenner eit fyrstehjelpskurs?
Er de ei lita bedrift som treng å kursa dykkar tilsette? Har de nokre få i bedrifta di som treng fyrstehjelpskurs?
Her er moglegheita du/de har venta på!
Dei komande datoane er:
18.juni AVLYST.
27.august
24.september
29.oktober
Tidspunkt kl 18.00 - 21.00 alle datoar.
Dette er eit 3t standardkurs med DHLR (hjarte-lungeredning med defibrilator).
Deltakarpris er 500 kr per person, kursa er åpne for enkeltpersonar og grupper, bedrifter og private.
Ved for få påmeldte 48 t før, vert deltakarane flytta til neste dato (då tek me kontakt).
Deltakarane får kursbevis etter gjennomført kurs.
Andre tilpassingar kan gjerast etter avtale, ta kontakt om oppsatte tidspunkt ikkje passar!
All inntekt går direkte til Voss Røde Kors Hjelpekorps sitt arbeid lokalt.
Del gjerne denne posten med alle du kjenner, og bidra til at fleire kan redde liv!
Send mail eller sms til
[email protected] / [email protected] eller 41528084