DNT ung Voss

DNT ung Voss Dette er den offisielle facebook sida til DNT ung Voss (13-25 år). Her finn du informasjon om turar, aktivitetar og kurs som DNT ung Voss arrangerer.

Blir du med oss på tur? Velkommen til DNT Ung Voss si offisielle side! DNT Ung Voss er for alle mellom 13 - 30 år. Me arrangerer eit mangfald av aktivitetar og arrangement for ungdom og unge vaksne 🧗🏔️🤸🏕️🏞️

Det var ein veldig gira gjeng som fekk prøva seg på isklatring i Tvinnefossen på mandag🤩Takk til instruktør Carlos Abral...
23/02/2026

Det var ein veldig gira gjeng som fekk prøva seg på isklatring i Tvinnefossen på mandag🤩

Takk til instruktør Carlos Abraldes Szi fra WildVoss som sørga for ein super dag med mykje læring💪

Dnt Ung: IsklatringMe gjentar suksessen frå januar, og kjørar på igjen med å tilby ei lita gruppe isklatring med Wild Vo...
30/01/2026

Dnt Ung: Isklatring
Me gjentar suksessen frå januar, og kjørar på igjen med å tilby ei lita gruppe isklatring med Wild Voss!

Turomtale:

Me møtast på Voss Utferdslag sine kontorer i 2 etg. over Tre Brør kl. 9. Her ordnar me det me treng av utstyr for dagen.

Kurshaldar køyrar deltakarane til isklatring (eksakt lokasjon kjem i infoskriv i forkant). Me kosar oss med isklatring på topptau i eit par timar, før turen går tilbake til kontoret til kl. 14.

Ta med godt med varme og vasstette klær som er lette å bevega seg i. Hugs også å ta med lunsj og drikke.

Krav til deltakarar:

Brattkort og erfaring med klatring på led utenførs. Erfaring med å være ute på tur vinterstid. Grei fysisk form.

Utstyr:

Lunsj & drikke

Varme og vasstette klær som er lette å bevega seg i

Om du har:

Stive turstøvlar eller randoneestøvlar

2 isklatreøksar

Klatrestegjern

Klatresele og taubrems

Frammøte:

Kontoret til Voss Utferdslag i 2 etg. over Tre Brør- Sundag 25 januar kl. 9.

Transport:

Kurshaldar kjøyrar privat bil.

Pris:

Gratis. Du må være medlem for å melda deg på.

SKREDKURS!Dette skredkurset er for ungdom i alderen 15- 30 år. Er du glad i skiturar og toppturar utanfor oppkøyrde løyp...
28/01/2026

SKREDKURS!
Dette skredkurset er for ungdom i alderen 15- 30 år.

Er du glad i skiturar og toppturar utanfor oppkøyrde løyper i høgfjellet? Vil du bli tryggare på å gjere gode vurderingar av skredfare og kunna stole på dine eigne vegval? Då vil du ha nytte av dette skredkurset.

NF grunnkurs skred (alpint) er eit 3-dagars kurs som gir deg kunnskapen du treng for å planleggje og leie trygge skiturar i høgfjellet. Kurset inngår som ein av tre kursmodular i DNT si vinterturleiarutdanning. Kursplanen følgjer Norsk Fjellsportforum (NF) sin kursmal og passar både for deg som treng å friske opp gamal kunnskap, og for deg som har lite erfaring med snøskred frå før.

Formålet med kurset er å gi deltakarane tilstrekkeleg kunnskap om snøskred og terrengvurdering for å unngå skredfare på skiturar i fjellet. Kurset går over tre heile dagar og er praktisk retta med hovudvekt på aktivitet ute.

𝗣𝗿𝗶𝘀:
Frivillige i Dnt Ung/ Unge Voksne: GRATIS
Medlem: 750 kr (Du må være medlem for å melda deg på dette kurset)

𝗣å𝗺𝗲𝗹𝗱𝗶𝗻𝗴 𝗼𝗴 𝗺𝗲𝗶𝗿 𝗶𝗻𝗳𝗼:
https://aktiviteter.dnt.no/register/nfgrunnkursskrednordisk1_22102025114006

Ca 30 spreke vossingar var med på  nyttårsbad! Sjåast til nye aktivitetar til neste år!✨️🎉
31/12/2025

Ca 30 spreke vossingar var med på nyttårsbad! Sjåast til nye aktivitetar til neste år!✨️🎉

Engasjert gjeng under kortfilmkvelden til DNT ung Voss 🤩Tusen takk til Ada Amilia Skjensvold frå Natur og Ungdom som tok...
17/11/2025

Engasjert gjeng under kortfilmkvelden til DNT ung Voss 🤩

Tusen takk til Ada Amilia Skjensvold frå Natur og Ungdom som tok turen heilt frå Oslo for å halde eit inspirerande innlegg rundt gruvedumpinga i Førdefjorden🙌

Kortfilmkveld med DNT ung og Natur og ungdom! I anledning "Grøn November" arrangerer Dnt Ung & Natur og Ungdom ein kortf...
28/10/2025

Kortfilmkveld med DNT ung og Natur og ungdom!

I anledning "Grøn November" arrangerer Dnt Ung & Natur og Ungdom ein kortfilmkveld med fokus på bærekraft og miljøaktivisme.

Arrangementet er 𝗚𝗥𝗔𝗧𝗜𝗦 for alle!

𝗧𝗶𝗱𝘀𝗽𝘂𝗻𝗸𝘁:
Torsdag den 13 nov. kl. 18:00-19:30 (dørene opnar kl. 18:00).

𝗞𝘃𝗮𝗿:
Kultursalen i Voss kulturhus

𝗣𝗿𝗼𝗴𝗿𝗮𝗺:
Kort intro av Dnt Ung

- "𝗡𝗼𝗿𝗱𝗳𝗼𝗿 𝘀𝗼𝗹𝗮" 𝗮𝘃 𝗜𝗻𝗴𝗲 𝗪𝗲𝗴𝗴𝗲 𝗼𝗴 𝗝ø𝗿𝗻 𝗡𝘆𝘀𝗲𝘁𝗵 𝗥𝗮𝗻𝘂𝗺

Filmen handler om to kompisar som overvintrar på en øy i Nord-Norge for å surfe og samle søppel. Dei bur i ei hytte dei byggjer frå søppel dei finn på stranda, og overlever på dumpsterdiving.

- "𝗧𝗵𝗲 𝗟𝗮𝘀𝘁 𝗦𝗸𝗶𝗲𝗿𝘀" 𝗮𝘃 𝗩𝗲𝗿𝗼𝗻𝗶𝗰𝗮 𝗖𝗶𝗰𝗲𝗿𝗶:

Dokumentaren skildrar korleis italienske skitrekk som pleide å yra av liv no er nedlagt på grunn av klima forandringane. I januar 2023 var det 20 grader i Nord-Italia, og snømengda i alpene har sunke over 50 prosent. Ein vekkar om framtiå til skisporten om ikkje klimakrisa blir tatt på alvor.

- "𝗨𝗹𝗼𝘃𝗹𝗶𝗴𝗲 𝗔𝗸𝘀𝗷𝗼𝗻𝗶𝘀𝘁𝗲𝗿: 𝗞𝗮𝗺𝗽𝗲𝗻 𝗼𝗺 𝗡𝗼𝗿𝗴𝗲𝘀 𝗳𝗷𝗼𝗿𝗱𝗲𝗿"

I 2016 samla ungdom frå Natur og Ungdom seg i bygda Vevring for å protestera mot gruveselskapet Nordic Minings plan om å dumpa gruveavfall i Førdefjorden. Aktivistenes demonstrasjonar, blokadar, og sivil ulydighet førte til arrestasjonar og bøter.

Miljø og Ungdom kjem til å sei nokre ord om korleis kampen om Førdefjorden fortsatt pågår og pregar debatten rundt miljøvern av norske fjorder.

- "𝗟𝗶𝗴𝗵𝘁 𝗟𝗶𝗻𝗲𝘀" 𝗮𝘃 𝗩𝗲𝗴𝗮𝗿𝗱 𝗔𝗮𝘀𝗲𝗻

Naturfotograf Vegard Aasen fotograferer skilinjer på ikoniske norske fjell i mørket med hodelykt. Han ynskjer å laga ei platform for å engasjera det norske friluftsmiljøet i naturkrisa me står i.

"Me mistar meir og meir av naturen vår, og me som eit samfunn av menneske som brukar mykje av tida vår ute i naturen er nødt til å bli politisk aktive for å beskytte den."

I går kveld arrangerte me Kveldsklatring på Staup! Takk for ein koselig kveld med mykje kjekk klatring og flinke Carlos ...
24/09/2025

I går kveld arrangerte me Kveldsklatring på Staup! Takk for ein koselig kveld med mykje kjekk klatring og flinke Carlos frå !
Gler oss til meir klatring til våren! 🥰💪

Nokre blinkskot frå Avslutningsfest Bucketlist førre torsdag🤩🥳Det vart både premiering, kakefest og "sheriffen" på Tingh...
08/09/2025

Nokre blinkskot frå Avslutningsfest Bucketlist førre torsdag🤩🥳

Det vart både premiering, kakefest og "sheriffen" på Tinghusplassen, samt takking av styremedlemmer som no har gjeve seg🏆🍰👏

Dei neste vekene arrangerer me to økter med tysdagsklatring (16. - og 23. September) på Staup, samt ope styremøte (18. September) 🧗🍕🥤

Meir info finn du i aktivitetskalenderen vår, lenkje til sistnemnte finn du i bioen vår🔥

Ope styremøte med Dnt Ung2025 er friluftslivets år. I den samanheng ynskjer me i DNT Ung Voss å utvide aktivitetstilbode...
26/08/2025

Ope styremøte med Dnt Ung
2025 er friluftslivets år. I den samanheng ynskjer me i DNT Ung Voss å utvide aktivitetstilbodet vårt. Me håpar difor å engasjere fleire frivillige lokalt, og inviterer til ope styremøte!

Tidspunkt:

Torsdag 18.september kl.18-20

Kvar:

I Kirkens Bymisjons lokaler, Bonangergata 6.

Kva skal me:

Me opnar for inntil 5 nye styremedlemmer, samt for fleire frivillige ellers i Ung- gruppa.

Det vært gratis pizza og brus, samt gode moglegheiter for både å få eit innblikk i kva me held på med, og kva DU får ut av å bli med i styret.

Det vil vere gode moglegheiter for å kome med innspel til kva me skal halde på med framover. Du vil og få moglegheit til å bli kjend med oss i styret.

Målgruppe:

Er du mellom 13 - 30 år er du velkomen!

Merknad/PS!:

Dette er et ope møte for alle som er nysgjerrige, så du treng ikkje å melda deg på. Det er berre til å møte opp :)

For alle som er interesserte i å bli med i styret har me laga til eit Google Forms skjema. Om du ynskjer kan du fortelle litt om deg sjølv, samt krysse av på at du kjem på ope styremøte: Fyll inn google form skjema

Kontakt:

Om du ikkje finn fram eller har spørsmål, kontakt Ingeborg Meeg Farestveit tlf. 911 35 904 eller Erlend Rong Næss tlf 959 31 731."

BLI MED PÅ KLATREKVELD! I september organiserar me to klatrekveldar på Staup. Desse arrangementa passar for alle med ell...
22/08/2025

BLI MED PÅ KLATREKVELD!

I september organiserar me to klatrekveldar på Staup. Desse arrangementa passar for alle med eller utan klatreerfaring.

Tid/datoar:
Tysdag 16 sept. kl. 17:50 - 20.20
Tysdag 23 sept. kl. 17:50 - 20.20

Instruktør: Godkjent klatreinstruktør frå Wild Voss

Pris: Medlem: gratis/ Ikkje medlem 250 kroner per økt (instruksjon, klatreutstyr, og transport inkludert)

Endring: Aktiviteten er vêravhengig og du blir kontakta om det blir endringar.

(Obs bilete er ikkje frå Staup)

Mer info og påmelding:
https://www.dnt.no/aktivitetskalender/?startdate=08.01.2024&enddate=31.12.2025&associations=24898&organizergroups=454&q=tirsdagsklatring

Adresse

Voss
5700

Åpningstider

Mandag 11:00 - 15:30
Tirsdag 09:00 - 17:00
Onsdag 09:00 - 17:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 15:30

Telefon

+4794839239

Nettsted

https://www.dnt.no/aktivitetskalender/?page=1&q=DNT+Ung+Voss&targetgroups=Ungdom&startdat

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når DNT ung Voss legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til DNT ung Voss:

Del