Voss Ungdomslag

Voss Ungdomslag Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Voss Ungdomslag, Frivillig organisasjon, Uttrågata 18, Vossavangen.

SUNDAG 21. JUNI vert det lagstur og dugnad til lagshytta på Singeset. Me startar med å gå frå Fjosestølen kl. 11.00. Me ...
18/06/2026

SUNDAG 21. JUNI vert det lagstur og dugnad til lagshytta på Singeset. Me startar med å gå frå Fjosestølen kl. 11.00. Me brukar ein liten halvtime på å gå opp til Singeset. Me organiserer oss i privatbilar, der medlemma kan avtale seg i mellom. Ta kontakt med Bodil Brekkhus om du lurar på noko, tlf: 91711876.
Nemnda serverer varm suppe til dugnadsfolka!
Oppmodar om å ta med regnklede, personleg drikkevatn og om ein har; øks og vedsag.
Dagen kan bli litt våt på starten, men at det klarnar opp og kan bli ein nokså fin dag på tur! 🌤️

Vel møtt! 🤩

Me er verkeleg glade for å ha ein bank som dette i bygda vår! TUSEN TAKK ✨
05/06/2026

Me er verkeleg glade for å ha ein bank som dette i bygda vår! TUSEN TAKK ✨

Toradarskulen stilte med innslag i folketoget på Vangen i dag, og jaggu vart det premiert som beste innslag, med pengegå...
17/05/2026

Toradarskulen stilte med innslag i folketoget på Vangen i dag, og jaggu vart det premiert som beste innslag, med pengegåve frå Vekselbanken 🤩 Dette var STAS! 🥳 Me er kjempestolte av gjengen! ✨💃🏽 📸: Inger Anne Halrynjo og Torbjørn Tveit Bakketun

06/05/2026
🌸 Blømingsfestivalen 2026 🌸Mange frå Voss Ungdomslag tok i helga turen til Kinsarvik på Blømingsfestivalen. Faktisk heil...
03/05/2026

🌸 Blømingsfestivalen 2026 🌸

Mange frå Voss Ungdomslag tok i helga turen til Kinsarvik på Blømingsfestivalen. Faktisk heile 40 (‼️) startande til tevling, i store og små grupper 🤩 Born og unge stilte som vanleg med Vossakrutt, og nytt av året var VossaRekrutt 🤩 i tillegg så stilte Erling Jordalen Trio med ein knallpresentasjon!

Fast i Skjervet stilte også i år, og spelte seg til ein god 8. plass 🥳 i tillegg så spelte gruppa Felefri seg HEILT til finale, og endte på ein 4.plass 🤩✨ i tillegg til dette var det fleire som var scenen både 1 og 5 og 7 gonger til, med andre samansetningar 😄 og me må sjølvsagt ikkje gløyme dei som tok turen for å heie, eller danse 💃🏽💃🏽 Ungdomslaget er stolte over toradaraktiviteten i laget 🤩

Og dersom du var så uheldig og ikkje fekk med deg dette i helga kan du svinge deg til desse flotte folkene på tysdag i hallen😎 då vert det vårfest, med dans og korgafest frå kl 19 ✨ Vossakrutt, Fast i Skjervet og Voss spelemannslag spelar til dans 🌸 Ta med dansesko og eit bidrag til korgafest og ta turen. Vel møtt!🤩💃🏽

Til alle som av ein eller annan grunn IKKJE har motteke medlemskontingenten sin: Bruk betalingsinformasjon som er vist i...
29/04/2026

Til alle som av ein eller annan grunn IKKJE har motteke medlemskontingenten sin: Bruk betalingsinformasjon som er vist i biletet under, og merk innbetalinga med namnet ditt, så skal eg ordnar ting seg!

Prisen for medlemskap:
Voksen over 26år: 350kr
Ungdom mellom 18-26år: 250kr
Barn under 18år: 150kr

Me arbeider med å få på plass andre system for betaling av kontigent (e-faktura, avtalegiro og Vipps), men det er ikkje heilt på plass endå. Dersom du lurar på noko, send oss ein melding her, eller på mail til [email protected], så hjelper me deg!

Her stiller Voss Ungdomslag sterkt med mange startande i tevlinga, og heilt sikker mange på dansegolvet også! Har du lit...
29/04/2026

Her stiller Voss Ungdomslag sterkt med mange startande i tevlinga, og heilt sikker mange på dansegolvet også! Har du lite planar i helga? Ta turen til Kinsarvik for ein sving på golvet då! 🤩💃🕺

Hei, alle!

Her er startlista for tevlinga på Blømingsfestivalen.

1. Kan alle hjelpe til å sjekke at alle som har meldt seg på har kome med?

2. Sei ifrå om det er noko med rekkjefylgja som er hakkande gale. Me har prøvd å ta hensyn til veldig mykje, så me håpar det kan stå mest mogeleg slik det står.

3. Me gledar oss veldig - hjarteleg velkomne alle saman!

27/04/2026

‼️Til deg som skal betale medlemskontigent: merk innbetalinga med namn eller medlemsnummer så me får registrert betaling på deg! Har du allereie betalt? Gi oss ein lyd så me får registrert det inn 😁

24/04/2026

👋👋
Medlemskontigent for 2026 skal vere sendt til deg på e-post no Og ynskjer du å bli medlem? Gå inn på heimesida vår (lenkje i kommentarfeltet), og meld deg inn! 😎 Send oss ei melding om du møter på utfordringar på vegen, så hjelper me deg! 🤗

Årsmøte blir halde no på Sundag.
27/02/2026

Årsmøte blir halde no på Sundag.

Adresse

Uttrågata 18
Vossavangen
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss Ungdomslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Voss Ungdomslag:

Snarveier

Del