Lønavatnet og omegn heimebryggjarlaug

Lønavatnet og omegn heimebryggjarlaug Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Lønavatnet og omegn heimebryggjarlaug, Frivillig organisasjon, Strandavegen 733, Vossavangen.

Utdrag frå statuttane:
- "Det er ein føresetnad for medlemskapen at gleda, interessa og sansen for eit glas godt heimebryggja øl framleis er tilstades, samt at ein er medveten på kor viktig kulturtradisjon ein er med på å halda i hevd".

- "På tru og ære lyt ein lova å halde teieplikta både i høve produksjonsløyndommar, samt all gutapraten som måtte oppstå undervegs i bryggesjauen".

20/03/2019
Stall- og fjøspreg på ølet... Virkelig?

Godt innlegg Voss Bryggeri! :)

Kveikøl er ikke bare for «spesielt interesserte», dette er en viktig del av Norsk kulturarv, en gjemt skatt som nå blir løftet fram av blant andre Vinmonopolet og New York Times.

26/07/2018
The Unseen

Øl, reine helsedrykken!

What happens to our body when we drink a beer everyday? 😮

23/07/2018

Wenche

Då er da brygging av øl til brydlaup i august

23/12/2017

Det nærmar seg julehøgtid, og heilt sidan førkristen tid har øl og ølbrygging vore ein viktig del av vår norske kultur. Ølbrygging var jamvel nedfelt i dei tidlegaste lovene våre.
Denne skikken ynskjer lauget å halda i hevd, og me har tradisjonen tru, bryggja godt maltøl til jul i år óg. Me vonar at både sjølvbryggjarar og andre har fått sikra seg juleølet, og ynskjer alle fylgjarane våre ei retteleg god jul!🎄

23/12/2017
Nordmenn drakk juleøl og skåla for Odin

Nordmenn drakk juleøl og skåla for Odin

Juleølet kan ein spore heilt tilbake til den heidenske julefeiringa. Da var drikkinga seremoniell. Mest sannsynleg blei det skåla for Tor, Odin, Njord og Frøy.

24/11/2017

Ein månad til jul, då høver det med prøvesmaking/kvalitetssikring av juleølet.😊

06/11/2017

Olav H. Hauge: "Uppskoke"

Dei såg han la kjerald
til tettings i be**en
og at han køyrde
på turka med sekken, -
dei såg han or skogen
med brakebyrd rugga.
Då skyna dei hine
han Torstein skal brugga.

Og rett nok, ein morgon
dansa røyken
or Torsteins-garden
blå og føyken.
Dei såg kor Torstein
stuka i tunet, -
det blenkte i kjelar,
det skein i ei krune.

Det leid fram på våren
og soli gløste.
Karane gjekk der
sveitte og pløste
i mold og stauka
bak plog og horv,
udlone gnog dei,
det rauk av torv.

Øltorsten kjem
med varme og vår,
den kjem so visst
som erla i fòr.
Dei smatta på øyken
og song for seg sjøle
og gledde seg alt
til det gode ølet.

So onna dei på
med kjempenupp,
til kvelden kom
det skal skakast upp.
Grannar og bodslott,
tyrste og fuse,
stemnde då mannjamt
mot bruggehuset.

Torstein og drengen
er berre smil.
Dei hadde nett løyst
av ein dugeleg gil
og teke hol på
den skrauvande hetta.
Det såg ikkje verst ut,
tykte dei, detta.

Ausa gjekk rundt
frå mann til mann;
alle smaka,
kjende og fann
at ølet var godt
og fint i leten,
og jaggu gjorde
det godt i heten!

So sessa dei seg
i mosstova svart
på baksterbord, krakkar
og noko av kvart.
I risdungen fann
han seg sete, han Per,
han visste han sovna
i sokkane her.

Torstein og drengen
rundt gilsåen vagga
og fyllte på anker
og dunkar og kaggar, -
slo spuns i og skjemta
og rasta på benken
logg etter logg
med den skummande skjenken.

Raudleitt og raust
som ein Snorrekong
baud Torstein kjengja rundt
gong på gong:
Noko skal ganga
i langebyttet!
Karane tok ut
skråi og kytte.

Ute stod blømande
angande alde.
Humlor i blomskyer
surra og valde.
Vårsvarte fjorden
blika og blenkte,
og kringum stod snjohatta
nutar og tenkte.

Og karane ralla
med vårkvelden skumra.
Det tok til å verta
i godlag - og humra.
Ølgeis gjema,
og kjakar rodna,
og jøklar i hjarto
losna og bråna.

Månesylv inn
gjenom gluggar glatt
og gylte ei raud nòs
under ein hatt.
Tannstubbar skein
i skrattande skjegg,
og skuggar skrymta
på svart vegg.

Vist og gale
av sagt og sunge
rann so radleg
frå løyst tunge.
Skratt skrall
under kola mønet
til godt rall
med song og skrøne.

Det sveiv um ætter
og eplestrokkar,
um beiterettar
og timberstokkar,
um Gud og bibel
og sakrament,
og alt som hadde i verdi hendt.

Ei ause og tvo,
so sovna han inn,
han Per der burte
i risdungen sin.
Smeden og Peisen
tok til å tretta,
dei hadde båe
hetna i hetta.

Skitord kom att,
og gamalt hat
vakna og viste
kor djupt det sat.
Mange sanningsord
vart der sagt,
og Peisen, veit du,
skal bruka makt.
Skål! sa han Torstein,
og nikka til sonen.
Skål! sa han Kolbein,
og nikka til månen.
Skål, gode grannar!
kom det frå bordet,
og alle rundt gilen
tok dei på ordet.

21/10/2017
Voss Bryggeri

Voss Bryggeri👍

Sjekk ut bokslinja vår. Den er så fin. Og vi har nesten nok plass til den i kjelleren på Kyte.

15/09/2017

😬

14/07/2017

Timeline Photos

18/03/2017

Brygging på Lønemo! No vert det påskeøl!🐣

21/01/2017
Vossaøl til hele landet

Eventyrleg ekspansjon!😎

I løpet av ett år var LL Voss Fellesbryggeri dannet, bygd opp og produksjonen i gang. Nå skal ølet distribueres til landets dagligvarekjeder.

11/01/2017
Doblet øltilbudet – økte omsetningen

Butikksjef Rune Disserud i Extra Kallerud ved Gjøvik registrerte at kundene etterlyste flere ølsorter.

En Extra-butikk ved Gjøvik gjør det motsatte av Rema på ølfronten og øker tilbudet. Butikken har 247 ølsorter. Resultatet er 20 prosent omsetningsøkning.

24/12/2016

Ynskjer alle saman ei riktig god jul!🎄

16/11/2016

Oppskóka på Lønemo!
Joleølet er sikra! 😉🎄

12/11/2016

Renning og innkoking in progress👍

11/11/2016

Fyr under kjelen og "gostemning" i bryggjestova. No skal juleølet lagast🎄🍺

12/10/2016
7 gode grunner til å drikke mer øl

7 gode grunner til å drikke mer øl

Dette er gode nyheter for alle ølelskere! Forskere har funnet 7 helsefordeler ved å drikke øl, så nå kan du reise glasset med god samvittighet. Øl kan minske risikoen for hjertesykdommer Folk som drikker store mengder øl, har en 19 prosent mindre risiko for å dø under en spesifikk tidsperiode, samme...

05/08/2016
La Vanguardia

Spansk reklamefilm om ølet La Vanguardia, og dei fortreffelege effektane det har på kroppen vår!

¿Tomamos una caña después de esto?

13/07/2016

Litt industrispionasje hjå Trondhjem Mikrobryggeri.. Dei har sabba godt øl!

15/06/2016
Voss Bryggeri

Voss Bryggeri

Vi brygger godt øl, og vi drikker godt øl, he he.

16/05/2016
ABC Nyheter

ABC Nyheter

Øl kan kan ha mye godt for seg, men det avhenger av mengden den kommer i.

31/12/2015

Godt nyttår til alle som fyl oss her på Facebook! 🎉

23/12/2015

Vil få ynskje alle våre "fylgjarar" ei retteleg god jul!

15/12/2015
Slik velger du øl til julematen | Oppskrift

Slik velger du øl til julematen | Oppskrift

Slik velger du øl til julematen Bryggerisjef og Ægir-grunnlegger Evan Lewis på det originale bryggeriet i Flåm. Juleøl er en særegen nordisk tradisjon, og hvert år lages det flere titalls ulike typer. Det kan være utfordrende å vite hva du skal velge for å matche riktig øl med julematen. Det har vi…

12/11/2015
- Ølfestivalen er komen for å bli

- Ølfestivalen er komen for å bli

- Eg er overvelda, seier festivalgeneral Sjur Hermann Rørlien. Han har trua på ølfestival på Voss neste år òg.

31/10/2015

Laugslemar på kurs og sosial trening, på Voss Ølfestival

31/10/2015

Avisannonsering frå ca 1880, som manar til produksjon av norsk øl. Kuriositeten her er at det var fråhaldsrørsla sitt innspel, i von om å redusere bruken "av de sterkere drikke".

24/10/2015

Snart jul, på tide å laga noko slik

08/10/2015
Klart for ølfestival på Voss

Det er duka for Ølfestival på Voss 31. oktober. Skal me freiste å dra Lønavatnet og omegn Heimebryggjarlaug opp i 500 likes innan den tid? Lik og del folks!

Alle ølelskarar i distriktet; set av laurdag 31. oktober alt no. Då dreg Sjur Hermann Rørlien & co i gang tidenes aller fyrste ølfestival på Voss.

19/09/2015
Kurs i ølsmaking

Då er me påmeldt og klare for kursing! 😊

Kurs i ølsmaking, litt utanom det vanlege: øl har mange gode smakar, men av og til hender det at det er smakar som ikkje skulle vore der. Kva smakar er dette, og kva gjer at dei oppstår? Kursdeltakarane får oppleve øl som er tilsett dei vanlegaste smaksfeila og lærer korleis ein kan definere dei – o…

08/09/2015
Ein ølelskar sin draumehage

Kortreist humle, det likar me!
Interessant reportasje i Avisa Hordaland

På Fletre steller Kåre Frøland humlehage med lokale og engelske plantar. Ølbryggjaren ynskjer å nå ut til likesinna.

03/07/2015

Frisk einer, malt og god humle. No er det bryggjesjau og sommarøl i emning på Lønemo! 😎

05/06/2015

God helg til alle våre "fylgjarar"!

Skummande friskt handverksbrygg –
Den beste maten fortener selskap av den beste drikken ! God helg !

Adresse

Strandavegen 733
Vossavangen
5710

På førespurnad

Generell informasjon

Lønavatnet og omegn Heimebryggjarlaug vart stifta 2001, og har som føremål å brygge godt tradisjonelt maltøl; på vossavis sjølvsagt. Lauget har sidan hausten 2009, bryggja i eige bryggehus heime hjå Wenche & Arvid Løne på Lønemo. Me brukar rustfrie kjørold, og vedfyrt kjele.

Telefon

480 97 930

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lønavatnet og omegn heimebryggjarlaug legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del


Andre Frivillig organisasjoner i Vossavangen

Vis Alle