30/06/2026
⛱️DET NÆRMAR SEG FERIE FOR OSS I Gi Glede, MEN VI HELD OPE NOKRE FÅ DAGAR TIL:
🌺Onsdag 1. juli 11.00 - 15.00
🍒Mandag 6. juli 11.00 - 15.00
🍉Onsdag 8. juli 11.00 - 15.00
TUSEN TAKK FOR GOD MOTTAKING i sentrumslokala!
Vi har no vore 2 heile sesongar i Sykkylven sentrum, og det har vore skikkeleg kjekt og hjartevarmande med alle dokke fine kundane våre, støttespelarar, loddkjøparar, deltakarar på dei ulike arrangementa våre, og ikkje minst alle dokke som har levert inn klede, sko, utstyr og anna til gjenbruksbutikken vår og når vi har hatt innsamling til Latvia & Ukraina 🥰
TUSEN HJARTELEG TAKK - det betyr så utruleg mykje for oss, og gir oss påfyll av krefter når det røynar på... (ja - å drive gjenbruk og frivilleg arbeid er igrunn ganske så krevjande 😉)
Ikkje minst så har vi vore superheldige å ha nokre kjekke sponsorar med på laget, som har gjort det mogleg for oss å flytte "mangesysleriet" vårt til hjartet av sentrum. Utan dykk hadde vi ikkje kunna gjort dette!
📍HJØRNEGÅRDEN AS - vår kjekke huseigar, som sponsar oss med grei husleige og vilkår som muleggjer at vi kan boltre oss på fleire hundre kvadratmeter midt i sentrum😊
📍Sykkylven Brannkasse som sponsa oss med heile 40.000,- kr til å installere kjøkken i lokala våre ☺️
📍El 24 Sykkylven som ga oss ekstra god pris & god service på el-installasjonen i forbindelse med kjøkkenet 😃
📍VB avd Sykkylven Rør som gjorde rørleggararbeidet til ekstra gunstig pris & med god service 😌
📍Kåre Atle Vangen som i 6 år har latt oss disponere lagerplass på Tynesfabrikken heilt gratis!
📍Takk også for godt kommunalt samarbeid med Flyktningtenesta Sykkylven Kommune & Vaksenopplæringa, som har gjort det slik at vi har hatt fleire kjekke folk på arbeids- og språktrening. Vi har fått mykje god praktisk hjelp og vi lærer like mykje som dei vi har på arbeidstrening 😆
📍Sykkylven Frivilligsentral som for 2 år sidan tok over stafettpinnen når det gjeld å koordinere arbeidet med matkasser og julegåver til folk som treng det. I lag med kommunen, sponsorar og fleire frivillege aktørar skapte vi då "Julehjarter"-aksjonen. Det er til jul vi verkeleg ser hjartelaget i bygda vår, og givargleda til innbyggarane i Sykkylven, og prosjektet aukar i omfang år for år!
GI GLEDE vert dreve 100% FRIVILLEG, og vårt ønske er å vere eit kreativt, sosialt og inkluderande samlingspunkt i Sykkylven, samt å kunne vere med å gjere ein forskjell for folk.
Det er nok mange som skulle ønske vi kunne hatt ope både lengre og fleire dagar, men her må vi rett og slett legge opp til eit berekraftig løp for vår eigen del (vi håper på forståing for dette).
Sjåast på andre sida av sommarferien!
Vi gler oss til å finne på nye aktivitetar, utvikle konseptet vårt og sjå korleis vegen vert til vidare - kreativt, organisk og berekraftig 🥰