Redd Barna Sykkylven

Redd Barna Sykkylven Redd Barna kjempar for barna sine rettar, og for at alle barn skal leve eit verdig liv – uansett kven dei er og kvar dei bur.

04/02/2026

Vi minner om årsmøtet i Redd Barna Sykkylven torsdag 5. februar 2026 kl 18.00.
På Biblioteksalen. Inngang via biblioteket.

STOPP forslaget frå regjeringa - ingen familiar skal mista barnetrygda! Signer oppropet, lenkje i kommentarfeltet.
05/11/2025

STOPP forslaget frå regjeringa - ingen familiar skal mista barnetrygda! Signer oppropet, lenkje i kommentarfeltet.

Signer oppropet ✍🏽

Regjeringen foreslår nå at familier som mottar sosialhjelp skal bli fratatt barnetrygden.

Å ta barnetrygden fra de fattigste familiene er urettferdig, usosialt og diskriminerende.

Nesten 100.000 barn vokser opp i fattigdom i Norge. Dette er en tredobling de siste 20 årene.

Krev at forslaget stoppes – ingen barn skal vokse opp i fattigdom

29/10/2025

Kjære Redd Barna - venner.
Språkkaféen som vi driv saman med flyktningtenesta har bytta tid og stad. Frå no av møtest vi på tysdagar kl 18.00 til 19.30 på den nye Frivilligsentralen over biblioteket. Dette er ein lågterskel møteplass der dei som er nye her kan møte folk i bygda og øve på å snakke norsk.
Vi har det veldig fint, men for å fungere endå betre ønskjer vi fleire norsktalande. Det er ingen krav om forkunnskapar eller påmelding. Berre å møte opp og vere med på å skape eit godt og inkluderande miljø.
Noko for deg?

La barna leva!Me vil at alle dei 2,48 millionar barna i Palestina, skal ha ein rett til å overleva, veksa opp i trygglei...
01/09/2025

La barna leva!

Me vil at alle dei 2,48 millionar barna i Palestina, skal ha ein rett til å overleva, veksa opp i tryggleik og ha ei framtid.

Over 18 000 barn er drepne i Gaza. Bak kvart tal finst eit namn og ei historie. Derfor tok Redd Barna og Amnesty initiativ til kampanjen . No har organisasjonar over heile verda slutta seg til. Saman krev me:

💔 Stopp drapa, valden og utsveltinga av barn
🚛 Opphev blokaden av Gaza
✊ Avslutt okkupasjonen

Bli med og støtt kampanjen https://letchildrenlive.com/
Registrer deg og få namnet til eitt av desse barna. Del namnet du får i sosiale medium, og bli med på den globale markeringa 13. september.

2.38 million Palestinian children are living in the Occupied Palestinian Territory. Together, we can make their names visible and impossible for world leaders to ignore.

I dag tenkjer me på jenter og kvinner som kjempar kampar me i trygge land ikkje kan førestilla oss💔Når me står saman, sk...
08/03/2025

I dag tenkjer me på jenter og kvinner som kjempar kampar me i trygge land ikkje kan førestilla oss💔

Når me står saman, skaper me håp. Ved å løfta, støtta og kjempa for endring, bidreg me til at fleire jenter får utdanning, fleire kvinner får bestemma over eigne liv, og fleire barn får ein tryggare oppvekst❤️

Ingen skal måtta kjempa for rettane sine åleine. Saman skaper me ei betre verd for jenter, kvinner og barn.

NB! Døma over er berre eit lite utval av mange ulike kampar som kvinner må kjempa verda over.

På den samiske nasjonaldagen feirar me stoltheit, kultur og fellesskap!🫶🏻Samtidig er det viktig å hugsa at alle barn har...
06/02/2025

På den samiske nasjonaldagen feirar me stoltheit, kultur og fellesskap!🫶🏻

Samtidig er det viktig å hugsa at alle barn har rett til å bli møtt med respekt, uansett kultur eller identitet. Me har eit ansvar for å skapa eit samfunn der ingen opplever hets eller diskriminering. Saman kan me endra haldningar, løfta fram mangfaldet og sikra ein trygg og inkluderande framtid for samiske barn!

Adresse

Sykkylven
6230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Redd Barna Sykkylven legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Redd Barna Sykkylven:

Del