Sykkylven Speidargruppe

Sykkylven Speidargruppe Vi har speidarar frå 2.klasse og opp til 75 år. Les gjerne meìr på Norges Speiderforbund (NSF) om speiding. Med sine rundt 100 medlemmar i alder frå 2.

Ta kontakt for å få informasjon om aktivitetar for den aktuelle aldersgruppa. Sykkylven speidargruppe har runda 75 år, og er dermed ei av dei eldste speidargruppene på Vestlandet. klasse til vaksen, er gruppa livskraftig og vital, med eit omfattande tilbod. Aktivitetane er mange, med fokus på friluftsliv, samfunnsansvar, vennskap og fellesskap. Speidargruppa har sin faste base i den velhaldne spei

darhytta Speidarbo i Skogvegen, og herifra er vegen kort til dei store opplevingane. Sykkylven er eit eldorado for alle som likar seg utandørs, og sykkylvsspeidarane veit å gjere seg nytte av naturen både til fjells og ved sjøen, til alle årstider. Sykkylven speidargruppe har mykje utstyr til bruk under leirar og utflukter, mellom anna eit sett på åtte kanoar som har gitt små og store speidarar mykje glede. Vi er fast deltakar på lands- og kretsleirar. I tillegg set vi kursen utanlands kvart fjerde år. Sykkylven speidargruppe vert driven etter speidarmetoden. Det er eit mål at alle speidarar, gut og jente, liten og stor, skal oppleve glede, vennskap, personleg vekst og tilfredsstillinga som det gir å meistre utfordringar på stadig nye område.

Adresse

Speidarvegen
Sykkylven
6230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sykkylven Speidargruppe legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sykkylven Speidargruppe:

Del