10/06/2026
Info Vampkonsert
Litt informasjon om konserten.
🛻Parkering - Parker ved nyefabrikken og gå over brua
⛺️det er ein utandørskonsert- IKKJE i telt, om det blir regn, kle deg for å vere ute. Vi har plass inne før konserten. Dei som har billett til Etterpålag med Torbjørn Gran, er det også plass til etter konsert.
⛱️ - ikkje lov med paraply -om det blir regn, kle på! :)
🪑Det blir både sitjeplassar og ståplassar. Pass på at dei som treng sitje får sitje. Vi satsar på å klare rundt 350 sitjeplassar.
🕠Innslepp frå kl. 1730, konsertstart kl. 1900
🚌buss frå Strynehallen kl. 1700 til dei som har bussbillett, stoppar på Joker Loen og Bunnpris Olden. Vis bussbillett når du går på
❌Røyking på tilvist plass, hugs brannfare og vis omsyn til andre.
🍔Det vil bli matvogn, der du kan få kjøpe deg mat. Elles har vi drikkevare. Ikkje lov å ta med drikke inn på området
🟠Det vil vere eit telt ved inngang, der de viser billett og derifrå går til konsertområde. Her er korte avstandar til alt. Dei som har billett til Etterpålag - går i eiga kø og får stempel som sikrar inngang også etterpå.
🍻Det vil vere eit eige område til dei som evt. ikkje er 18 år. Dette vil vere avgrensa og ein kan ikkje nyte alkohol på dette området.