29/08/2026
Ein sommar med beredskap, samarbeid og frivillig innsats ❤️⛑️
Sommaren går mot slutten, og når vi ser tilbake på dei siste månadene, er det først og fremst éin ting vi sit igjen med: kor stolte vi er av dei frivillige våre – og av det vi får til saman.
Det har vore ein aktiv sommar for Stryn Røde Kors Hjelpekorps. Vi har delteke i ei rekkje redningsaksjonar – på fjord, i elv, i urbane område og ikkje minst på mange oppdrag til fjells. Samstundes har frivillige lagt ned mange timar på sanitetsvakter under festivalar, idrettsarrangement og andre aktivitetar.
Bak dette ligg hundretals timar med frivillig innsats. Nokon har høve til å stille ofte, andre når livet elles tillèt det. Nokon møter på aksjon, andre tek ei sanitetsvakt, deltek på øving eller bidreg på andre måtar. Alle er ein del av den same beredskapen, og det er summen av alle som stiller opp som gjer at vi kan vere der når det verkeleg gjeld.
Oppdraga våre er svært forskjellige, og det same er verktøya vi nyttar. Vi arbeider med samband, vi er på fjorden med båt, tek oss fram til fjells med ATV, bruker drone frå lufta – og framfor alt har vi frivillige mannskap på bakken med kunnskap, lokalkjennskap og vilje til å hjelpe.
Sommaren har vist oss kvifor. Når alarmen går, skal det vi har trena på fungere i praksis. Erfaringane frå denne sommaren viser verdien av øving, kompetanse og det å kjenne kvarandre før vi står midt i eit krevjande oppdrag.
Og vi står ikkje åleine. Gjennom sommaren har vi samarbeidd tett med andre hjelpekorps, både i eigen kommune, eige distrikt, på tvers av distriktsgrenser, og med Politiet , Hovedredningssentralen og AMK. Når ulike ressursar, fagmiljø og menneske møtest rundt eit felles mål, ser vi kva god samhandling betyr i praksis.
For bak båtane, ATV-ane, dronane, sambandet og alt det andre utstyret står det menneske. Frivillige som igjen og igjen vel å bruke av fritida si på å øve, halde vakt og stille opp når alarmen går.
Det er vi stolte av.
Men kanskje aller mest kjenner vi på gleda over å få vere ein del av den samla lokale beredskapen. Å vite at når noko skjer, står mange gode krefter klare – og at vi får vere ein del av dette fellesskapet.
Takk til alle som har bidrege denne sommaren – uansett om det har vore éin time eller hundre. Saman skapar vi beredskap. ❤️