16/10/2026
Har du lyst til å lære meir om slekta di, men veit ikkje heilt kvar du skal starte? No inviterer Slekt og Data til eit gratis nybyrjarkurs i slektsforsking på Stryn bibliotek.
Tid:
Fredag 6. november kl. 17.00–20.30
Laurdag 7. november kl. 10.00–18.00
Kurshaldar er Bjarne Husevåg, leiar i Slekt og Data, som vil gi ei innføring i korleis du kan kome i gang med slektsforsking. Deltakarane vil mellom anna få lære om ulike kjelder og nettstader der ein kan finne arkivmateriale, folketeljingar, kyrkjebøker og anna relevant informasjon for slektsgransking.
Kurset er gratis, og det blir servert enkel mat undervegs.
Det er svært ønskjeleg at deltakarane tek med seg eigen PC, og at dei har grunnleggjande kunnskap i bruk av datamaskin. Det er ikkje nødvendig å ha installert eige slektsprogram, men det er ein fordel å ha tilgang til eit skriveprogram som kan nyttast til notat og registrering av opplysningar.
Velkomen til eit lærerikt kurs for alle som er nysgjerrige på familiehistoria si!
Det er avgrensa plassar på kurset, så dersom ein ønskjer å vere med må ein melde frå så raskt som mogeleg til denne e-postadressa: [email protected]
Kurset blir arrangert i samarbeid med Stryn historielag og Stryn bibliotek.