Etne Røde Kors

Etne Røde Kors hjelpeorganisasjon som aktivt jobber i nærmiljøet

I dag har mannskap frå Hjelpekorps bistått AMK på eit henteoppdrag på Strypeheia. Oppdraget vart gjennomført på ein tryg...
15/07/2026

I dag har mannskap frå Hjelpekorps bistått AMK på eit henteoppdrag på Strypeheia. Oppdraget vart gjennomført på ein trygg og god måte, og pasienten kom seg trygt ned frå fjellet.⛑️❤️

I går kveld var mannskap fra Hjelpekorpset på veg til Kvinnherad for å bistå i leiteaksjonen etter ei sakna kvinne. Mann...
12/07/2026

I går kveld var mannskap fra Hjelpekorpset på veg til Kvinnherad for å bistå i leiteaksjonen etter ei sakna kvinne. Mannskapet kunne avbryte utrykkinga ved Markhus etter at det kom melding om at den sakna var funnen i god behald av SAR Queen.

Me er glade for at aksjonen fekk eit godt utfall. ❤️

Skånevik Bluesfestival er godt i gang! ⛑️I går og i dag er Hjelpekorpset på plass saman med Kvinnherad Røde Kors Hjelpek...
04/07/2026

Skånevik Bluesfestival er godt i gang! ⛑️

I går og i dag er Hjelpekorpset på plass saman med Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps for å sørgje for ei trygg og god festivalhelg.

Det stiller 6 mannskaper, fordelt på ATV frå Etne RKH, Røde Kors-båten frå Kvinnherad RKH. I tillegg patruljerer fotmannskap i festivalområdet gjennom heile arrangementet og er klare til å hjelpe dersom det skulle vere behov.

Slike arrangement viser kor viktig godt samarbeid mellom hjelpekorpsa er. Ved å samarbeide kan me utnytte ressursane best mogleg og sikre ei god beredskap for både publikum og arrangør. 🤝❤️

Me vil også rette ei stor takk til Etne Brann og Redning og Politiet for det gode samarbeidet gjennom festivalen. God samhandling mellom naudetatane og dei frivillige gjer oss betre rusta når det verkeleg gjeld. 🚒🚓⛑️

Og så må me nesten nemne kveldens høgdepunkt: Det vart inngått ein uoffisiell avtale der innsatsleiar brann stilte med steiketakka, politiet med lapperøre, og Røde Kors skulle stå for steikinga. Til slutt var det politiet som tok steikespaden – og resultatet vart skikkeleg gode lappar! 🥞😄

Takk til alle som bidreg til eit trygt, godt og triveleg arrangement. ❤️

🤠🎶 Saloon Festival er i full gang!Hundrevis av festivalglade publikummarar har funne vegen til konsertområdet, og stemni...
27/06/2026

🤠🎶 Saloon Festival er i full gang!

Hundrevis av festivalglade publikummarar har funne vegen til konsertområdet, og stemninga er på topp.

Samtidig er frivillige frå Hjelpekorpset på plass. Våre mannskap er ute blant publikum. 🤩⛑️

Hjelpekorpset er på plass med 6 frivillige frå Etne Røde Kors Hjelpekorps som sanitetsvakt under årets festival.Kommando...
26/06/2026

Hjelpekorpset er på plass med 6 frivillige frå Etne Røde Kors Hjelpekorps som sanitetsvakt under årets festival.

Kommandovogna er rigga som operativ base, og me er klare dersom nokon skulle trenge hjelp.

Me ønskjer alle ei flott, trygg og minnerik festivalhelg! ❤️⛑️

22/06/2026

Photo collection by HannaPhoto

Nå nærmar me oss klare til camp og gledar oss stort!Tusen hjarteleg takk for all støtte me har fått❤️Ei stor takk til:Et...
21/06/2026

Nå nærmar me oss klare til camp og gledar oss stort!

Tusen hjarteleg takk for all støtte me har fått❤️

Ei stor takk til:
Etne Elektrisitetslag - Elagsfondet, Etne Kommune- Fond Kraftkontrakten, Bufdir, Hordaland Røde Kors, Norges Røde Kors, Sparebanken Norge, Omega 365, Etne Auto as, MCE A/S, Berge Sag, Søvik og Ramstad As, TINE

Og ikkje minst – tusen, tusen takk til alle våre fantastiske frivillige som stiller opp!!❤️

Me sjåast på Hjørnås!

Takk for vakta under Ankerfestivalen og for godt samarbeid. Saman står me sterkare når det gjeld tryggleik og beredskap....
21/06/2026

Takk for vakta under Ankerfestivalen og for godt samarbeid. Saman står me sterkare når det gjeld tryggleik og beredskap. ❤️⛑️

Etne Røde Kors Omsorg takkar for ein flott dag på EtneLeikane 2026. ❤️Kjekt å kunne bidra saman med andre frivillige og ...
21/06/2026

Etne Røde Kors Omsorg takkar for ein flott dag på EtneLeikane 2026. ❤️

Kjekt å kunne bidra saman med andre frivillige og organisasjonar. Takk for godt samarbeid og for eit arrangement som skaper aktivitet, meistring og fellesskap! 😊👏🏻

Aktiviteten er godt i gang på EtneCup’en.Hjelpekorpset er på sanitetsvakt gjennom heile cuphelga. Me har sanitetstelt i ...
13/06/2026

Aktiviteten er godt i gang på EtneCup’en.

Hjelpekorpset er på sanitetsvakt gjennom heile cuphelga. Me har sanitetstelt i Skakkeparken og beredskap med mannskap på Steinsvollen.

Det har vore jamn pågang i Røde Kors-teltet gjennom dagen, og på Steinsvollen har me handtert nokre mindre skadar. Heldigvis er det mest fotballglede, godt humør og kjekke opplevingar å sjå rundt om på cupområdet. ❤️🤍

Me ønskjer alle ei fortsatt flott cuphelg! ⚽

🚑❤️⚽

Adresse

Stadionvegen 6
Etne
5590

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Etne Røde Kors legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Etne Røde Kors:

Snarveier

Del