29/03/2026
Under generalforsamlinga i Sparebanken Norge 26. mars blei det vedteke eit utbytte som gir stiftinga ei utbetaling på heile 30,2 millionar kroner.
— Dette gjer at generalforsamlinga i stiftinga same kveld vedtok ei gåveramme på 15 millionar kroner, som er meir enn ei dobling frå fjorårets 7 millionar, fortel dagleg leiar i Sparebankstiftinga, Rune Ramsvik.
— Me er stolte over å kunne auke bidraga så kraftig. Dette gir oss høve til å støtte endå fleire og større prosjekt som kjem lokalsamfunnet til gode, seier han.
Saman med gåver frå Sparebanken Norge, avdeling Etne vert det delt ut nær 20 millionar kroner i år. Bakgrunnen for rekordutdelinga er eit særs godt resultat i Sparebanken Norge, som gjer at ein kan gi tilbake langt meir enn tidlegare.
— Dette er svært gledelege nyheiter, ikkje minst for lokalsamfunnet. Me får eit handlingsrom som gjer at me no kan løfte endå fleire gode prosjekt, seier banksjef Magnhild G. Våge og Ramsvik.
Sparebanken Norge, avdeling Etne, og Sparebankstiftinga Sparebanken Norge, Etne deler ut nær 20 millionar kroner til gode formål. Det kjem frivillige i både Etne og Vindafjord til gode.