08/08/2026
RAPPORT FRÅ LANDSSKYTTARSTEVNET DAG 8
Då var landsskyttarstevnet over for i år! I går var siste dagen, rapporten kjem dessverre ein dag forseinka, sidan ettermiddagen gjekk med til køyreturen heim.
Som nevnt i forrige innlegg hadde heile 5 av 11 skyttarar frå Fikse som skaut felt på årets LS kvalifisert seg til finale, ein stor prestasjon berre det, men betre skulle det bli! 😁
Karl Alfred var først ute, i det andre av fire finalelag for rekruttklassen. Han fleska til og skaut kanonsterke 12/10 i finalen, kun EIN av dei 93 andre rekruttane som skaut finale klarte å skyte bedre enn dette, og han gjekk opp i leiinga! 🤩 Dessverre hadde han eitt treff for lite i innleiande runde, og hadde difor svært liten sjanse til å vinne, men han skaut seg opp 45 plassar, frå ein 61. plass innleiande til ein 16. plass etter finalen! 🤩 Etter litt stang-ut tidlegare i veka gjorde det godt med ein opptur på tampen! 😁
Haakon Ludvik var neste ut, i det siste finalelaget i rekruttklassen, men han hadde ikkje heilt dagen... Under litt skiftande vindforhold sleit han litt med å få stilt seg inn under prøveskota, resultatet vart dermed 8/1, og det var han ikkje fornøgd med... Men, han har hatt eit fantastisk LS; 5. plass etter innleiande skyting på bane, og 22. plass etter innleiande skyting på felt, samt ungdomsmedalje etter 14. plass på baneskytinga, det er fenomenalt! 🥳
Så til seniorane vår, me hadde faktisk heile 3 mann kvalifisert til finale i grovfelt! 😃 Totalt 1729 skyttarar var med i kampen om finaleplass! 😃
Først ute var Eivind, han skaut knallsterke 12/5 i finalen! 🤩 Dessverre hadde han eitt treff for lite etter innleiande skyting, men enda altså på sterke 41/5, og ein flott 65. plass! 🥳
I same laget skaut Svein Magne frå Vindafjord, han hadde fullt hus etter innleiande skyting men fekk dessverre ein bom i finalen! 😬 11/4 var resultatet hans, 41/4 totalt, og ein flott 79. plass! 🥳
Even og Johannes var sist ute for Fikse, begge med 30 treff og fullt hus etter innleiande skyting. Even fekk seg dessverre ein hårfin bom på tredje kneskotet, men kanonfin samling på resten av skota! 🤩 11/6 i finalen, 41/6 totalt, og ein flott 52. plass! 🥳
Så Johannes, han var den av Fikse skyttarane som var best rangert etter innleiande. Han gjorde som Eivind og skaut knallsterke 12/5 i finalen, men med eitt treff meir enn Eivind etter innleiande enda han på 42/5 totalt, og ein forrykande 22. plass! 😁🥳 Altså kun 21 av totalt 1729 skyttarar som deltok på grovfelten var over han på resultatlista, fantastisk! 🤩
Kan også legge til at grensa for mesterskapsmedalje i grovfelt på årets LS gjekk på 41/2, alle våre tre skyttarar hadde betre sluttsum enn dette! 😁 Alle tre har allereie fått denne medaljen, som berre kan vinnast ein gong, og dei fekk difor stjerne, gratulerer! ⭐️🥳
Ein som ikkje hadde medaljen frå før var Svein Magne, og med 41/4 som sluttresultat fekk han sin medalje i dag, gratulerer! 🏅🥳
Heilt til slutt vil me takke Lesja for eit flott gjennomført Landsskyttarstevne! 😁 Takk også til dykk som har fulgt oss her på facebook, håpar det har vore interessant lesing! 😊 Syns du det ser morosamt ut med skyting? Er du mellom 10 og 100 år gamal, og har lyst til å prøve sjølv? Ta kontakt, me har både våpen og utstyr til utlån! 😁
Og til alle dykk frå Fikse som har vore med til Lesja i år, både skyttarar og heiagjeng; tusen, tusen takk for laget, det har vore ei UTRULEG veke i FANTASTISK godt lag! 🥰 For ein gjeng! 🤩🤩🤩
Målselv 2027, here we come! 🎯🫡😅