Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie

Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie Memoar arbeider for at det skal bli lettare å lage, bevare og dele munnlege forteljingar om levd liv KVIFOR?

Vi intervjuer folk om livet og bevarer opptaka til framtida. Vi samarbeider tett med anna frivillig kulturvern - oftast i trekantsamarbeid med musé, bibliotek eller arkiv. Vi ønskjer meir demokrati, at fleire menneske vert kjelde til historia. Gjennom arkivering og deling av folk si livshistorie får historiene deira verdi som kjelde til vår tid, og vi får eit større mangfald og fleire nyansar om t

ida vi lever i. Deling av livshistorier styrker storsinn og forebygger ekkokammer og fordommer. Memoar er ein medlemsorganisasjon og del av lokalhistorierørsla. Memoar er mellom anna medlem i International Oral History Association, Kulturvernforbundet, Arkivforbundet, Landslaget for lokalhistorie, Museumsnettverk for mangfold og minoriteter og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Ikkje akkurat eit premiebilete. Men slik ser altså ein lukkeleg Bjørn Enes ut i den stunda der UNESCO si generalforsamli...
18/06/2026

Ikkje akkurat eit premiebilete. Men slik ser altså ein lukkeleg Bjørn Enes ut i den stunda der UNESCO si generalforsamling av statar som har signert konvensjonen om immateriell kulturarv (185 i alt) bestemmer at Memoar skal innlemmasat mellom 300 rådgjevande organisasjonar i verda. Vi er den fyrste oral history- organisasjonen som får denne statusen.

TILBAKE TIL HALLINGDAL: I to dagar skal Gol Historielag og Memoar diskutere munnleg historie og immateriell kulturarv i ...
01/06/2026

TILBAKE TIL HALLINGDAL: I to dagar skal Gol Historielag og Memoar diskutere munnleg historie og immateriell kulturarv i samband med historielaget sitt bokprosjekt "Gol mellom bruene". Bjørn Enes er på veg frå Bergen, og Hilde Solheim er på veg frå Tinn. Vi gler oss!

Nytt museum - nytt sjøfartsprosjekt Nytt kulturhistorisk museum (Viga museum) opnar i Kristiansand i 2028. Munnleg histo...
14/05/2026

Nytt museum - nytt sjøfartsprosjekt
Nytt kulturhistorisk museum (Viga museum) opnar i Kristiansand i 2028. Munnleg historie blir eit satsingsområde for muséet - og bygginga av den munnlege kjeldesamlinga startar alt nå! Memoar og sjømannsforeiningane i Lillesand, Kristiansand og Mandal skal samarbeide med Vestagdermuséet om ei innsamling av sjøfartsminne i Agder. Fyrste planleggingsmøte var 13. mai. Sjå meir på www.memoar.no/sjoefart/agder

Stor - men også vemodig dag i dag!  Årets praksisstudent Bo Lucas Steiro Løkke frå UiB er ferdig med sin praksis hos Mem...
12/05/2026

Stor - men også vemodig dag i dag! Årets praksisstudent Bo Lucas Steiro Løkke frå UiB er ferdig med sin praksis hos Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie . Her rapporterar han om erfaringane sine for medstudentar og kursleiing.
Det har vore ei stor glede å ha deg på laget, Bo! Og vi håpar at du blir med vidare - det er derfor vi har tatt så kraftig tak i vetlefingeren den!! Uansett: Lukke til med neste utfordring!!

Bergensminne 5. mai: Spennande samtale mellom Lovise Espeland og Sebastian Kaasa i går! Opptak kjem om kort tid på www.m...
06/05/2026

Bergensminne 5. mai: Spennande samtale mellom Lovise Espeland og Sebastian Kaasa i går! Opptak kjem om kort tid på www.memoar.no/bergensminne . Dette var siste samtale i vårhalvåret - neste Bergensminne blir tirsdag 1. september

Masterstipend om ytringsfridom: https://frittord.no/nb/aktuelt/utlysning-fritt-ords-masterstipend-2026Utlysinga nevner s...
20/04/2026

Masterstipend om ytringsfridom:
https://frittord.no/nb/aktuelt/utlysning-fritt-ords-masterstipend-2026
Utlysinga nevner særskilt "ytringskultur i bredere, kulturell forstand. Teknologiens rolle for ytringsfrihet og ytringskultur, minoriteter og andre gruppers forhold til ytringsfrihet står sentralt."
Eit prosjekt om kritisk analyse av Memoars visjon, metodikk, oppnådde resultat og funksjon i ytringskulturen - både i samtid og framtid - vil kanhende vere ein sterk søknad?
Vi bidrar gjerne med innspel til problemstilling, metode og teoretiske perspektiv! Skriv til [email protected]

Stiftelsen Fritt Ord lyser ut stipend til masterprosjekter som tar for seg ytringsfrihet i juridisk betydning og/eller ytringskultur i bredere, kulturell forstand. Teknologiens rolle for ytringsfrihet og ytringskultur, minoriteter og andre gruppers forhold til ytringsfrihet står sentralt. Stipenden...

Siste panelsamtale på Memoarkonferansen.no - "Er det Europa som er smeltedigelen nå?"
21/03/2026

Siste panelsamtale på Memoarkonferansen.no - "Er det Europa som er smeltedigelen nå?"

Er det amerikanske århundret slutt? Det er tema for Andre paneldebatt under Memoarkonferansen.no- streaming på nettsida ...
21/03/2026

Er det amerikanske århundret slutt? Det er tema for Andre paneldebatt under Memoarkonferansen.no- streaming på nettsida :-)

Furste panel i dag  på Memoarkonferansen.no - finst det ein levande migrasjonsarv?
21/03/2026

Furste panel i dag på Memoarkonferansen.no - finst det ein levande migrasjonsarv?

DAG 2  av Memoarkonferansen er i gang - med Isabel Sandvik Shepherds tilbakeblikk på Amerikafestivalen på Lista! Følg ko...
21/03/2026

DAG 2 av Memoarkonferansen er i gang - med Isabel Sandvik Shepherds tilbakeblikk på Amerikafestivalen på Lista! Følg konferansens livestream på Memoarkonferansen.no

Adresse

Lodin Lepps Gate 2B
Bergen
5003

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4792256277

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie:

Del