11/09/2025
Hei alle
No kan me danse to kveldar på rad. I kveld er det som kjent polska (tralling) og rull (Maria og Brit) i Gimle kl 19:30. I morgon startar kulturnatta same stad kl 1800: Det er jo eit godt høve til å ta med seg folk som ikkje har dansa så mykje:
https://www.kulturnatt-bergen.no/kopi-av-konserter-annet
Musikk og dans i Gimle
fredag, september 12, 2025 18:00-21:30
Bergen ungdomslag Ervingen har mange grupper som driv med dans og musikk på ulike måta - og på årets Kulturnatt vil du få oppleva mykje forskjellig.
I løpet av kvelden vil det bli krasjkurs i folkedans, vakker korsong frå Kor e' tonen og moglegheit til å svinga seg på dansegolvet til musikk frå både Bergen Juniorspelemannslag, spelmannslaget
Audhilds, Flatsabbane og Kvedargruppa i Bergen.
Stad: Gimle, Kong Oscarsgate. 18
Tid: 18.00 – 21.30
Pris: Gratis
Arrangør: Bergen ungdomslag Ervingen