26/10/2026
JA TIL DØRTERSKELTENESTE
LO Vestland si regionkonferanse kan ikkje akseptera forslaget frå arbeidarpartiregjeringa om å gi 2000 posttilsette sparken.
Regjeringa seier me må tenkja nytt, og det er nettopp det me i fagrørsla foreslår: Gje Posten nye oppgåver, som samfunnet treng i ei ny tid.
Me veit at postvoluma søkk, og me aksepterer at omstilling og at tenestenivåa blir tilpassa, men ikkje rått og brutalt over natta, slik regjeringa foreslår i statsbudsjettet. Der foreslår dei å redusera talet på omberingsdagar for brevpost frå annankvar dag til éin dag i veka frå 1. juli neste år.
Me krev tid til ryddige omstillingsprosessar. Og når både statsministeren og samferdselsministeren seier at me må tenkja annleis, forventar me at nye og samfunnsnyttige tenester blir vurderte. Ei slik teneste er allereie testa ut saman med Posten og KS i ni kommunar – Dørterskeltenesta. Tenesta inneber at alle eldre over 75 år som ønskjer det, får posten levert på døra éin dag i veka, saman med eit skriv som m.a. informerer om aktivitetane til kommunen og det frivillige. Denne ordninga har vore prøvd ut med svært positive resultat. Dei eldre blir meir aktive, dei deltek meir i det frivillige og dei opplever større grad av tryggleik og betre livskvalitet. Det kan føra til at dei bur lenger heime. Ein rapport frå Oslo Economics viser at ordninga gir store samfunnsøkonomiske gevinstar. Tenesta vil også bidra til vidareføring av ei postteneste som fungerer i ein beredskapssituasjon. Fagforbundet har saman med arbeidsgivarsida, gjennom KS og Spekter, foreslått at det skal innførast ei landsdekkjande dørterskelteneste. Dette forslaget ville ha bidrege til at dei årlege kostnadene for staten blir reduserte med éin milliard kroner samanlikna med dagens nivå. Forslaget vert støtta av fagrørsla, KS, Spekter, Pensjonistforbundet, Politidirektoratet med fleire.
Posten har vore i konstant omstilling i fleire tiår, og det har vore store ned bemanningar. Dette har me klart nesten utan oppseiingar, fordi me har hatt tid til gode prosessar.
Regionkonferansen til LO Vestland er djupt skuffa over at ei arbeidarpartiregjering ikkje lyttar til fagrørsla, men set i gang ei prosess som vil verte den største masseoppseiing av tilsette i moderne tid i Norge. Dette er ikkje ei arbeidarpartiregjering verdig, og LO Vestland krev at Stortinget lyttar til fagrørsla.