Bergen ungdomslag Ervingen

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Bergen ungdomslag Ervingen Bergen ungdomslag Ervingen er eit frilyndt lag i Bergen som driv med folkedans, folkemusikk, kor, kveding og målarbeid for alle aldersgrupper.

Tradisjonen tru vart UngOsa arrangert i helga i samband med Osafestivalen! UngOsa er eit helgekurs for born og unge frå ...
27/10/2026

Tradisjonen tru vart UngOsa arrangert i helga i samband med Osafestivalen! UngOsa er eit helgekurs for born og unge frå 7 til 18 år og vert arrangert i samarbeid mellom Osafestivalen og hardingfela.no. I år vart UngOsa arrangert for tiande gong og bule hadde med heile sju deltakarar! Seks deltok i hardingfelegruppe og ei var med på samspel. UngOsa vart avslutta med ein konsert på søndag der hardingfelegruppa spelte Steinsethmasurka , samspelgruppa spelte Jenta ho gjekk seg uppå ei hø. 📷: Dagrun Slettebø Daltveit.

I går var det Folkemusikkens kveld på Hovudbiblioteket! Fleire grupper frå bule bidrog til musikk og det vart god «kok» ...
15/10/2026

I går var det Folkemusikkens kveld på Hovudbiblioteket! Fleire grupper frå bule bidrog til musikk og det vart god «kok» på dansegolvet! Takk til Bergen Hovudbibliotek for moglegheita til å bringe folkemusikken til folket i ei av storstovene i Bergen!📷: Johanna Seim.

Halling i haustferien!Denne gjengen har ikkje lagt på latside  i haustferien. Dei har vorepå hallingskulen I Gimle i fir...
09/10/2026

Halling i haustferien!
Denne gjengen har ikkje lagt på latside i haustferien. Dei har vore
på hallingskulen I Gimle i fire dagar, og lært masse triks og dans av
coach Bakketun. 😊
Strålande fornøgd gjeng.
Tusen takk til Thomas som var instruktør.

Vi gratulerer!
04/10/2026

Vi gratulerer!

MINNEPRIS 2026 TIL UNG HARDINGFELEUTØVAR FRÅ KVAM

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2026 er tildelt G**o Bell Berge frå Kvam i Hardanger.

Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken på Skei i Jølster, laurdag 3.10.2026.

G**o har lært å spele hardingfele hos mora Arngunn Timenes Bell, i kulturskulen i Kvam, i Kvemmingen Spel og dansarlag, og går no andre året på musikklinja på Voss Gymnas med hardingfele som instrument. Her har ho Alexander Aga Røynstrand som lærar. I regi av Hardingfela.no er ho med på «Fordjuping på Vestlandet». På landskappleiken på Hovden sist sommar hevda G**o seg i toppen i C-klassa.

Gjennom spelet sitt har G**o alt rukke å bli sentral i folkemusikken i heimbygda. Dei siste to somrane har ho hatt sommarjobb med konsertar på Fartøyvernsenteret i Norheimsund i prosjektet Felefylje. Det er i regi av Hardingfela.no og Hardanger og Voss museum. Ho har og spelt på Fossedagane i Strandebarm og ho spelte i samband med 150-årsjubileet for Standebarm kyrkje. I tillegg til å spela i Voss spelemannslag har ho undervisning for nokre av dei unge i laget.

Prisvinnaren er svært lovande, dedikert og målretta og soleis ein verdig vinnar.

"Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal."

Prisen er støtta av Sparebanken Vest med fleire, og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit:

Arne Anderdal, Sigrid Moldestad, Eva Marie Toppe, og Erling Moxnes

_____________________________________________________________________

For meir informasjon eller spørsmål:

Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/



Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga:

Eva Marie Toppe tlf. 97769649, Erling Moxnes tlf. 91311517


Foto: Arve Ullebø

I helga var det vestlandskappleik på Skei! Vi var godt representerte med mange deltakarar både på minikappleik, fele og ...
04/10/2026

I helga var det vestlandskappleik på Skei! Vi var godt representerte med mange deltakarar både på minikappleik, fele og hardingfele c, i lagspel og gruppespel junior og halling junior. Åsmund Storesund vann klassa for fele/hardingfele c! Og Juniorspelemannslaget vann klassa si! På seniorsida stilte Helge Brøndbo Plassen både med fele og hardingfele i klasse b og vann klassa! I klassa for pardans bygdedans b hadde vi med to par denne gongen! Utruleg kjekt! Onsdagsringen stilte i lagdans senior. Audhilds stilte i lagspel og tok en flott andreplass! Vi er utruleg stolte av å ha så mange deltakarar på kappleiken og gratulerer alle med flott innsats! Vi har kost oss med masse danse- og speleglede, samhald og fine opplevingar og takkar Sogn og fjordane folkemusikklag for ein vellukka kappleik!

Denne veka tok vi med folkemusikken til folket! Nærare bestemt til Kode sin kunstsatellitt på Sletten senter! Måndag had...
27/09/2026

Denne veka tok vi med folkemusikken til folket! Nærare bestemt til Kode sin kunstsatellitt på Sletten senter! Måndag hadde juniorspelemannslaget si øving der, og onsdag var det Onsdagsringen og Audhilds sin tur! Takk til Kode og Kunstsatellitten.
Foto: Jone Michaelsen og Kristine Øvrehus.

Ny haust med ny Floke 18. september!!
02/09/2026

Ny haust med ny Floke 18. september!!

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS       TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE                                         TI...
20/08/2026

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS
TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

TILDELING HAUSTEN 2026

Styret for minneprisen ber med dette om forslag på unge utøvarar på hardingfele
som kan vera aktuelle kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for spel på hardingfele mellom unge,
og slik oppmuntra til varig interesse for spelet.

Aktuelle kandidatar må vera i alderen 12 til 18 år som svarar til C-klassen på kappleik,
og dei må vera frå Vestlandet. Prisen er eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2026, og er på kr. 20.000,-.
Tid og stad for utdelinga er 2.-3. oktober, på Skei i Jølster.

FRIST for innsending av forslag er fredag 11. september.

Forslag med grunngjeving skal sendast
med brev til: Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
eller med e-post til: [email protected]
Merk konvolutten eller e-posten med ”Minnepris 2025”.

For noko meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

Velkommen til Gimle på kulturnatt 11. September!
12/08/2026

Velkommen til Gimle på kulturnatt 11. September!

Adresse

Kong Oscars Gate 15-18
Bergen
5017

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4755317446

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bergen ungdomslag Ervingen legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bergen ungdomslag Ervingen:

Snarveier

Del

Frivillige Organisasjoner i nærheten