Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag, Veldedig organisasjon, Vossestrand.

Streif i RøldalTre damer frå Oppheim og Hauge bygdekvinnelag tok turen på streif i Røldal.Det vart ein særs triveleg dag...
31/05/2026

Streif i Røldal
Tre damer frå Oppheim og Hauge bygdekvinnelag tok turen på streif i Røldal.
Det vart ein særs triveleg dag i lag med rundt 50 andre damer frå Hordaland og nokre frå Suldal i Rogaland.
I samfunnshuset kom me rett inn ei lita bunadsutstilling.
Me starta med kaffi og festfat og fekk høyra og sjå bilete frå ein oppvekst i Røldal på 60- og 70-talet.
Deretter vart med delt i to grupper og me vitja stavkyrkja først. Det er ei vakker lita kyrkje som er rikt dekorert med rosemaling. Over koren heng det vidgjetne krusifikset som mange har meint at har helbredande evner. I lange tider var det mange som var på pilegrimsvandring med mål om å røra ved krusifikset og verta kvitt sine plager.
Så var det bygdtunet som stod for tur. Det første huset me var inn i hadde aldri vorte modernisert og stod slik det vart forlete i 1977. I det andre huset var det samla ymse gamle ting frå bygda. Der var fleire bunadsdeler og ei samling kunstferdige dåpshuer i silkebrokade og andre fine stoff og dekorert med sølvborder og anna.
Vel inne att fekk me kyllingsuppe og foccacia.
Så var det ein runde der laga fortalde om sine aktivitetar til inspirasjon for andre.
Møtet vart avslutta med meir kaffi og festfat og trekking av loddboka.
Tusen takk til dei driftige damene i Røldal!

Vert med på ei triveleg songstund på Omsorgstunet!
15/05/2026

Vert med på ei triveleg songstund på Omsorgstunet!

15. april hadde me besøk av Trine Teigen Rekve som er leiar for Home-Start Voss På Voss vert dette tilbodet drifta av Ki...
18/04/2026

15. april hadde me besøk av Trine Teigen Rekve som er leiar for Home-Start Voss
På Voss vert dette tilbodet drifta av Kirkens bymisjon.
Dei som melder seg som frivillige går gjennom eit 20-timars kurs før startar arbeidet.
Familiar med minst eit barn under skulealder kan melda inn at dei vil nytta seg av tilbodet. Den frivillige besøker familien i 2 -4 timar kvar veke i ca. eit halvt år.
Home-Start Voss har bruk for fleire frivillige, så det er berre å melda seg 😊

Ingunn og Astrid B sytte for god mat: påsmurt, islandskake og frukt.

Etter mat og kaffi gjekk me gjennom litt aktuelle saker i bygdekvinnelaget.
Mellom anna hadde me ein god bolk om beredskap. Maries hadde vore på møte mellom heradet og frivilligheita på tysdagen og Margunn følgde NBK sitt teamsmøte om beredskap på måndagen.
Mange hadde tenkt meir gjennom kva dei har i heimen etter møte med beredskapsleiaren i heradet.
Alle var samde om at bonden og aktivt landbruk over heile landet er avgjerande for beredskapen.
Ein ide var at me lagar ei beredskapsøving ein kveld med eit tenkt scenario der t.d. straumen vert borte i lengre tid. Kva gjer me då?

Alt i alt hadde me ein triveleg og nyttig kveld 😊
Takk til alle som møtte opp 😊

15/04/2026

Hugs møte i kyrkjestova kl 19.00 i kveld.
Alle vel møtt!

Jentekveld med FLOR38 damer møtte opp i ungdomshuset i Haugsvik denne onsdagskvelden.Bygdekvinnelaget stilte med kaffi o...
19/03/2026

Jentekveld med FLOR
38 damer møtte opp i ungdomshuset i Haugsvik denne onsdagskvelden.
Bygdekvinnelaget stilte med kaffi og te og lappar med rømme og syltetøy.
Praten gjekk livleg rundt borda frå første stund.
Kristin og Mari frå FLOR hadde rigga opp utstilling av kleda sine.
4 damer frå bygdekvinnelaget stilte som mannekengar og viste fram ein del nye og andre godt innarbeida modellar.
Etter det var det tid for damene å sjå på og prøva kleda, og mange fann noko dei ville ha.
Alle fekk lodd ved inngangen som me trekte ut gevinstar på.

Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde dette til ein veldig kjekk kveld 🤩

Snart klar for moteshow og pop-up butikk med Flor.
18/03/2026

Snart klar for moteshow og pop-up butikk med Flor.

Hugs at det er i kveld Flor kjem med moteshow og pop-up butikk i ungdomshuset i Haugsvik 🤩Ta med deg nabodamo og kom 😊
18/03/2026

Hugs at det er i kveld Flor kjem med moteshow og pop-up butikk i ungdomshuset i Haugsvik 🤩
Ta med deg nabodamo og kom 😊

14 damer var samla på Omsorgstunet på strikkekafe måndag 9.mars.Me hadde ei triveleg stund der praten gjekk livleg rundt...
11/03/2026

14 damer var samla på Omsorgstunet på strikkekafe måndag 9.mars.
Me hadde ei triveleg stund der praten gjekk livleg rundt borda.
Det var mange som strikka labbar, nokon strikka til barnebarn og oldebarn. Maries arbeidde med ein barnebringklut. Så lett variert handarbeid.
Maries og Liv sytte for kaffi og mat.

Distriktsårsmøte i Øystese 7. - 8. mars.Maries, Bjørg Astrid og Margunn deltok på distriktsårsmøte i år.Det var to kjekk...
11/03/2026

Distriktsårsmøte i Øystese 7. - 8. mars.
Maries, Bjørg Astrid og Margunn deltok på distriktsårsmøte i år.
Det var to kjekke dagar saman med trivelege damer frå heile Hordaland.

Adresse

Vossestrand

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag:

Del