02/06/2026
Situasjonen for pleietrengende eldre på Voss går frå krise til katastrofe.
Med 73 nedlagde sjukeheimsplassar og 18 rehabeliteringsplassar siden 2016, føreslår nå Rådmann Kulild vidare å avikle sjukeheimane i Granvin og Vossestrand med totalt 28 plassar..
På same tid aukar behovet for pleie og omsorgstjeneste, då vi stadig vert fleire eldre over 80 år.
Dette for å spare pengar i ei slunken kommunekasse.
Pleietrengende eldre skal bu i heimen med ein heimesjukepleie som dukkar opp 3-4 gonger om dagen. Elles må vi klare oss sjøl i vår elendigheit og einsemd.
Har vi ikkje pårørande vert dette ein katastofe. Og for dei som har det, vert dei pårørande utslitt ..
Terskelen for å få ein sjukeheimsplass vert høgare og høgare uten å ta hensyn til dei menneskelege behova vi har som pleietrengende.
Dette er ei uverdig behandling av oss pleietrengande eldre som har rettigheiter på omsorgstjeneste frå kommunane jfr Helse og omsorgslova.
Det blir ferre og ferre sjukeheimsplassar og dårlegare og dårlegare kvalitet på tjenestene med ferre ansatte og akteviteten som forsvinn.
Her på Voss er det opprør i blant befolkningen og pårørandeforenigen ved Voss Sjukeheim ropar nå eit varsku.. som fagsjef for tjenestene, Kommunalsjef Kjersti Nordanger ikkje tek inn over seg. Ho tek ikke hensyn til dei
menneskelege behov, og tek i frå oss pleietrengende all verdigheit.
Vi er berre blitt ein salderingspost i kommunebudsjettet.