Voss KFUK-KFUM

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Voss KFUK-KFUM Låg terskel og høg himmel i Vonheim på Voss! Me l***r opne og trygge møtestader og aktiviteter f Velkomne til KFUK-KFUM Voss! Du er hjarteleg velkomen!

I foreiningshuset vårt Vonheim midt på Vossevangen yrer det av liv heile veka. Våre frivillige og tilsette har som mål å skape trygge, opne og kjekke aktiviteter og møtestader for vossingar i alle aldre. For dei aller minste og dei halv-gamle:
Vonheim Open Barnehage
Måndagar, onsdagar og torsdagar for born i fylgje med ein vaksen, kom når du vil, gå når du vil. Gratis og ope for alle. facebook.com/vonheimopenbarnehage

For heile familien:
Saman med Kyrkja i Voss inviterer me heile familien til Superonsdag ein gong i månaden. Middag, kjekke aktiviteter, input og kaffidrøs for vaksne og Skattekista for borna. https://www.facebook.com/groups/489618838837842

For dei midt i mellom:
Voss Tween Sing (ligg på is i 2021)
Song, leik, dans, drama, turar og konsertar for gutar og jenter i 5., 6. og 7ande klasse. Annakvar onsdag frå 13.30 (ope hus!, øvinga startar 15.00) - 17.00. Førsette kan få info i denne gruppa: https://www.facebook.com/groups/455607641248842/

For tenåringar:
Refleks Ten Sing
Kor, band, dans, drama, teknikk, kjøkkengruppe, turar, leirar, festivalar, konsertar og leiartrening for ungdom mellom 13 og 18 år. Kvar torsdag frå 14.15 - 21.00
https://www.facebook.com/reflekstensing
https://www.facebook.com/groups/reflekstensing/
førsette finn info her: https://www.facebook.com/groups/119808984857100/

For dei nevenyttige:
Vaktmeistergruppa Handy https://www.facebook.com/groups/405426282922869/
Og jolemesseverkstadkvelder. Følg med på facebook for invitasjon! For dei vaksne:
Bibeltimer, dugnad og møter som vert annonsert på sida her

For alle generasjoner:
Jolafest, KFUK-KFUM-fest, dugnader, turer til vår hytte Vonhaug på fagre Mjølfjell, 17.-mai feiring, Jonsokfeiring og kakefestival

Me eig og hytta Vonhaug på Mjølfjell - den kan du leiga! http://bit.do/vonhaug

Du kan og leiga Vonheim: http://bit.do/vonheim

Vil du dra i gong ein aktivitet, eller vere med på noko? Ta gjerne kontakt!

Er det du som skal bli ny dagleg leiar/ ungdomsarbeidar hjå oss? Søk, då vel!
06/09/2026

Er det du som skal bli ny dagleg leiar/ ungdomsarbeidar hjå oss? Søk, då vel!

Vil du vere med og skape trygge fellesskap for born og unge på

06/09/2026

Vil du vere med og skape trygge fellesskap for born og unge på

Velkommen til Voss og Vonheim, Lea og Lilli, nye volontørar frå Tyskland. Dei er klar til å gjere ein innsats mellom oss...
24/08/2026

Velkommen til Voss og Vonheim,
Lea og Lilli, nye volontørar frå Tyskland. Dei er klar til å gjere ein innsats mellom oss, og til å bli invitert på middag og slikt!
La oss ta vel imot dei!

19/08/2026
Det er ei tid for alt, og det er litt vemodig etter alle desse åra med flotte opplevingar, men no er det altså tid for a...
18/08/2026

Det er ei tid for alt, og det er litt vemodig etter alle desse åra med flotte opplevingar, men no er det altså tid for at nokon andre skal få glede av nydelege Vonhaug! Spre gjerne ordet!

Innholdsrik fritidsbolig med anneks beliggende flott til like ved Mjølfjell stasjon. Innlagt vann og strøm.

Adresse

Hestabakkvegen 1
Voss
5700

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Voss KFUK-KFUM legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Voss KFUK-KFUM:

Snarveier

Del