Natteravnene og Mc - ravnene Voss

Natteravnene og Mc - ravnene Voss Natteravning handlar om å vere til stade for born og unge når dei ferdast ute på kveld- og nattetid, ta ansvar og syna medmenneskeleg omsorg.

Når vaksne er til stades der ungdom ferdast verkar det førebyggande og dempande på uynskja
hendingar.

God oppslutning på informasjonsmøtet for MC- og natteramnene i går!Tusen takk til alle som kom — og til Gunn Iren Brende...
19/03/2026

God oppslutning på informasjonsmøtet for MC- og natteramnene i går!

Tusen takk til alle som kom — og til Gunn Iren Brenden fra Politiet på Voss (Voss lensmannsdistrikt), og til Arve, Stein Johnny og Pavol som hjelper oss med koordinering og vaktlistesystem 🙌

Det er framleis fullt mogleg å bli natteramn — skann QR-koden og meld deg på 😊

Neste onsdag arrangerer me informasjonsmøte for deg som vil vera med og trygga ungdommen i bygda på nattestid når våren ...
10/03/2026

Neste onsdag arrangerer me informasjonsmøte for deg som vil vera med og trygga ungdommen i bygda på nattestid når våren kjem. Bli med! 🙌

Wow! I går fekk Natteravnene og MC-ravene Voss utdelt kr 25.000 av Salt Voss 🤩Tusen takk – desse pengane kjem utruleg go...
08/12/2025

Wow! I går fekk Natteravnene og MC-ravene Voss utdelt kr 25.000 av Salt Voss 🤩Tusen takk – desse pengane kjem utruleg godt med ❤️

For ein god morgon me fekk av Scandic Voss i dag 🤩Saman med Utekontakten var me over 20 natteramnarar som kosa oss med h...
15/10/2025

For ein god morgon me fekk av Scandic Voss i dag 🤩
Saman med Utekontakten var me over 20 natteramnarar som kosa oss med herleg frukost.
Tusen takk til hotellet som heiar på oss ❣️

Natteramnane er der for ungdomen og dei blir satt pris på ❣️ Fin og viktig lesning i avisa 🙌🏻
04/10/2025

Natteramnane er der for ungdomen og dei blir satt pris på ❣️ Fin og viktig lesning i avisa 🙌🏻

– Det er alltid nokon som lagar litt meir styr enn andre, seier Kristina Sæthre Lekven (17). Ho får medhald hjå politistasjonssjef Håvard Skattum som meiner det òg gjeld vaksne.

I helga var siste vandringa for natteramnene denne våren. Det har generelt vore rolege helger med kjekke og greie ungdom...
23/06/2025

I helga var siste vandringa for natteramnene denne våren. Det har generelt vore rolege helger med kjekke og greie ungdomar. Me vil takke alle som har stilt opp – innsatsen de legg ned, er utruleg viktig❣️Også har me det jo kjekt saman òg 🤩

Nydeleg start på dagen! Tusen takk for frukost Scandic Voss❣️Sosialt, godt og veldig kjekt å bli satt pris på 😀🥰
12/06/2025

Nydeleg start på dagen! Tusen takk for frukost Scandic Voss❣️Sosialt, godt og veldig kjekt å bli satt pris på 😀🥰

Hurra for gårsdagen, og takk for at Natteramn var i Folketoget i år også 😍🥳🇳🇴
18/05/2025

Hurra for gårsdagen, og takk for at Natteramn var i Folketoget i år også 😍🥳🇳🇴

Det er 16. mai, og ei ny natt med fest og moro ventar for ungdomane. Blant mange er natteramnene klare til innsats 🙌Tuse...
16/05/2025

Det er 16. mai, og ei ny natt med fest og moro ventar for ungdomane. Blant mange er natteramnene klare til innsats 🙌
Tusen takk til alle dykk som vandrar denne sesongen, de gjer ein utroleg viktig innsats❣️

Ha ein god 17. mai i morgon!🍦🌞🇳🇴

Heia Bente Fenne 🤩💪
09/05/2025

Heia Bente Fenne 🤩💪

Bente Fenne er ei engasjert og allsidig dama – ein ekte MC-ravn og mykje meir! Dette er Fredagens Frivillig 🤩

Bente seier:
– Det er mykje ein kan bidra med i samfunnet som frivillig, og ein blir kjent med mange folk. Eg flytta til Voss for ein del år sidan, og alle dei verva og frivillige oppgåvene eg har teke på meg, har gjort at eg har blitt kjent med mange flotte menneske.

Bente starta som Natteravnene og Mc - ravnene Voss i 2007, men i 2019 tok ho motorsykkellappen og vart MC-ramn i staden for. Bente er også jeger og sit i styret til Voss jeger-og fiskarlag der ho er standplassleiar. I tillegg er ho dataansvarleg for skytebanen til Borstrondi Skyttarlag på Årsbrekkgjelet. Og ikkje minst – ho deltek i forskingsfiske på Vossalaksen.
Bente sit òg i styret for FRI Voss, og på jobben er ho tillitsvald for NSF og med i forhandlingsutvalet.

For ein innsats du gjer for samfunnet vårt, Bente – tusen takk❣️

Kjekt å bidra i går. Ein god gjeng som stiller opp for den flotte ungdommen vår 🥰
01/05/2025

Kjekt å bidra i går. Ein god gjeng som stiller opp for den flotte ungdommen vår 🥰

Denne gode gjengen er ute og passar på ungdomen i kveld! Natteravnane Voss Voss Røde Kors, MC-ravnene, vektarar, politi, ambulanse og utekontaktar. No nærmar klokka seg midnatt og me håpar ungdom under 18 år er på veg heim.

For ein start på natteramnsesongen 🤩 Russerebus, MC-ramn treff i Bergen og fyrste vandring for året 😃 Takk til alle dei ...
27/04/2025

For ein start på natteramnsesongen 🤩 Russerebus, MC-ramn treff i Bergen og fyrste vandring for året 😃 Takk til alle dei frivillige som er med å trygge ungdomane våre nattestid i helgane framover ❤️

Adresse

Aad Gjellesgt 6
Voss
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Natteravnene og Mc - ravnene Voss legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Natteravnene og Mc - ravnene Voss:

Del