Volda Frikyrkje

Volda Frikyrkje Volda Frikyrkje er ein del av Den Evangelisk Lutherske Frikirke. Du er hjarteleg velkomen til oss. Resten av veka foregår det ulike aktivitetar for store og små.

Volda Frikyrkje vart stifta i 1993 etter fleire års utpostvirke frå Ørsta, i starten var det 20 medlemar. I dag har vi passert 130 medlemar og er ein kyrkjelyd full av liv. Vi har gudsteneste ca.3 søndagar i månaden med tredelt søndagsskule parallellt, og med kyrkjekaffi etterpå. I snitt har vi eit gudstenestebesøk på om lag 90, med god aldersspredning. Kyrkjelyden har pastor tilsatt i 80%stilling

, og vert leia av eldsteråd og diakonråd som er valgt av kyrkjelyden. Verksemda er basert på frivillig teneste og er i stor grad finansiert gjennom gåver frå medlemar og besøkande. YNSKJER DU Å VERTE MEDLEM I VOLDA FRIKYRKJE? Ta kontakt med Pastor Sølve Hatlen

Takk til alle som var med å lage ei flott gudsteneste i Frikyrkja i dag! Ein særleg takk til ungdomane som leia lovsonge...
14/06/2026

Takk til alle som var med å lage ei flott gudsteneste i Frikyrkja i dag! Ein særleg takk til ungdomane som leia lovsongen så flott og til synodeleiar og pastor i Bergen Frikirke Tor Erling Fagermoen som forkynte over temaet «Komme ditt rike». Gudstenesta, som var godt besøkt både frå Ørsta og Volda, sette eit verdig punktum for gudstenestene denne våren, neste gudsteneste er 16. august. Vi kjenner oss rikt velsigna av dei flinke ungdomane og håpar å sjå og høyre mykje meir til dei til hausten.

Ungdomane leier lovsongen, søndagsskule og kyrkjekaffi. Håper du tek turen!
13/06/2026

Ungdomane leier lovsongen, søndagsskule og kyrkjekaffi. Håper du tek turen!

Velkomen til gudsteneste 7. juni 11.00Tale ved Gaute Gaudestad, god musikk med ung forsongargruppe, nattverd, søndagssku...
05/06/2026

Velkomen til gudsteneste 7. juni 11.00

Tale ved Gaute Gaudestad, god musikk med ung forsongargruppe, nattverd, søndagsskule, tweens og kyrkjekaffi🤩✝️

31/05/2026
Velkommen til gudsteneste 1.pinsedag kl.11.  Det blir ei gudsteneste for heile familien, og Rune Tøsse skal ha andakt. D...
22/05/2026

Velkommen til gudsteneste 1.pinsedag kl.11. Det blir ei gudsteneste for heile familien, og Rune Tøsse skal ha andakt. Det skal også vere konfirmasjonsmarkering for Othelia Ingebrigtsen denne søndagen!
Det vert fin song og musikk, også solosong. Enkel kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Minner om informasjonsmøte om frikyrkjeleg konfirmasjon i kveld, onsdag 20. mai kl 19Lurer du på om du vil konfirmerast ...
20/05/2026

Minner om informasjonsmøte om frikyrkjeleg konfirmasjon i kveld, onsdag 20. mai kl 19

Lurer du på om du vil konfirmerast frikyrkjeleg våren 2027?
Komande konfirmantar, og deira føresette er velkomen til eit uforpliktande informasjonsmøte i dei nye lokala til Ørsta/Volda Misjonsforsamling. Frikyrkjeleg konfirmasjon i Volda og Ørsta er eit samarbeid mellom Pinsekyrkja i Volda, Ørsta/Volda Misjonsforsamling (NLM), og Frikyrkjene i Ørsta og Volda. Vi nyttar undervisningsopplegget TenTro. Konfirmasjonsdato i 2027 vert i utgangspunktet laurdag 8.mai. Sjå mindre

Volda Frikyrkje har gleda av å kunngjere at kyrkjelydsmøtet i dag samrøystes kalla Rune Dalsbø Tøsse til pastor i 40 % s...
10/05/2026

Volda Frikyrkje har gleda av å kunngjere at kyrkjelydsmøtet i dag samrøystes kalla Rune Dalsbø Tøsse til pastor i 40 % stilling frå og med 15. august 2026. Kyrkjelyden takka samstundes Maria Dalsbø Tøsse, som no trer ut av eldsterådet, for tenesta som eldste med overrekking av Oppmuntringsprisen. Kyrkjelyden ber om Guds signing over det nye pastorparet og familien.

Velkomme! Det blir også søndagsskule 😀
06/05/2026

Velkomme! Det blir også søndagsskule 😀

28/04/2026

Laurdag vert det konfirmasjon for årets Frikyrkjelege konfirmantar i Ørsta og Volda.

Frikyrkjeleg konfirmasjon i Volda Frikyrkje 2.mai 2026 kl.11.00:
Ørsta Frikyrkje: Vilma Moe, Deimjenas (Deimjen) Martynas Valiulis
Ørsta/Volda Misjonsforsamling: Isak Belt og Mathias Dimmen Åmås
Volda Frikyrkje: Magni Sofie Lande, Susanne Louise Sandø Svensen, Selena Grevstad Hjelle, Simon Røren Remme, Theodor Roksvåg Torkildsen
Othelia Amalie Andås Ingebrigtsen, eigen seremoni i Volda Frikyrkje, Noah Warberg Matinda eigen seremoni i Volda Pinsekyrkje.

Vi gler oss til laurdag, og gratulerer konfirmantane med dagen😃

Velkommen til gudsteneste på søndag kl.11. Vi fortsett temaserien om bønn, og denne søndagen har Kari Anne Haugen tale m...
11/02/2026

Velkommen til gudsteneste på søndag kl.11. Vi fortsett temaserien om bønn, og denne søndagen har Kari Anne Haugen tale med overskrifta «Det er makt i de foldede hender». Vi skal også feire nattverd ilag, og det vert søndagsskule.
Som vanleg er det bønnesamling kl.10.30 for alle som vil, og etter gudstenesta er det kyrkjekaffi.
Velkommen!

Adresse

Gamletufta 1
Volda
6104

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda Frikyrkje legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda Frikyrkje:

Del