Åmot Vel

Åmot Vel Dugnadsgruppa "Åmot Vel" såg dagens ljos då Vinje kommune lyste ut midlar til opprusting av badeplassar. No skal Ormetjønn bli ny! :-)

Yr melder ENDELEG sol og varme dei næraste dagane, og i Åmot er det vel ingen stad som kan utkonkurrere Ormetjønn på god...
14/06/2017

Yr melder ENDELEG sol og varme dei næraste dagane, og i Åmot er det vel ingen stad som kan utkonkurrere Ormetjønn på gode sommardagar.

Me i Åmot vel eig ikkje Ormetjønn, og har ingen rett til å nekte nokon form for bruk av staden. Med fellesskapet sitt beste i tankane vil me likevel gjerne oppmode ungdomane som har fest der i kveld om å rydde skikkeleg opp etter seg, slik at det blir triveleg for andre å koma dit i morgon.

Minner også om at det ikkje er lov å køyre bil ned til badeplassen!

24/05/2017

Det er i aller djupaste takksemd Åmot vel kan erklære kronerullinga for avslutta - me har nemleg motteke eit uvanleg raust og uventa bidrag frå ein av sambygdingane våre. Tusen hjarteleg takk til Ove Inge Årlid for 5000 kroner i kassa! 😀🙌🏼🎉

18/05/2017

Hei 😊 No nærmar sommarsesongen seg. Me i Åmot Vel har snakka om å få ei kasse med leiker til å ha ståande i Ormetjønn. (spader, bøtter, sandleiker, køyretøy o.l.). Då slepp me alle å frakte leiker fram og tilbake, og me får eit godt utval alle kan dele på. Pengesekken er så og sei tom, difor håpar me at fleire vil vera med å spleise på dette. Me kjem til å ha ein kodelås på kassa, dei som er med å spleise får koden. Om me får inn nok pengar ynskjer me og å kjøpe ei bålpanne. De som ynskjer å vera med på dette kan setje inn ein valfri sum over 50kr til kontonummer: 1503.62.98194. Merk betalinga med navn.

04/06/2016

HURRA! Sommaren har kome til Ormetjønn!☀😎👌 Det står berre att småplukk før Åmot Vel kan erklære prosjektet for avslutta, og stranda er no fullt brukeleg. Me håpar oppgraderinga kan vera til mykje glede for både gode gamle og unge lovande - og at me framover kan dele ansvaret med å syte for at den fine badeplassen vår forblir ein triveleg stad å vera for alle... Vis omsyn, nytt søppeldunkane - og mest av alt: kos dykk! 😊

Til veka går Aktiv Lek As i gang med å montere leikeapparat i Ormetjønn! :) OBS! Pga lagring og byggearbeid bør ikkje st...
27/05/2016

Til veka går Aktiv Lek As i gang med å montere leikeapparat i Ormetjønn! :)
OBS! Pga lagring og byggearbeid bør ikkje stranda brukast dei næraste dagane....

Lekeplassen er blitt levert! Flatpakka... Til uka skal moontering gjennomføres. OBS! Stranda bør ikke brukes de nærmeste dagene pga. lagring og byggearbeid. 😩

Topp innsats av små og store arbeidsfolk i ettermiddag! I øyeblikket jobbar gutane med flytebryggja, så no manglar snart...
20/05/2016

Topp innsats av små og store arbeidsfolk i ettermiddag! I øyeblikket jobbar gutane med flytebryggja, så no manglar snart berre å få på plass leikeapparat - før me kan erklære stranda for opna. 😊👍

10/12/2015

HIPP, HIPP HURRA! Me fekk pengane me søkte om hjå Sparebankstiftelsen DNB! 195.000 kroner (!!!) gjev oss høve til å realisere ikkje mindre enn ALLE forbetringstiltaka me har planlagt for Ormetjønn... Tidenes jolegåve til både oss og alle som gler seg til å ta i bruk badeplassen vår til sommaren - JUHU!!! :D

Me er i avisa! :D
15/10/2015

Me er i avisa! :D

Ormetjønn ligg på nedsida av Åmot sentrum, bakanfor Spar. I alle år har tjønna vore ein mykje bruka badeplass både for fastbuande og besøkande. Men plassen har hatt behov for å bli rusta opp i fleire år. Då Vinje kommune i vår lyste ut at ein kunne søkje om pengar til badeplassar, fann ei engasjert…

Graslegging i boks! Ta gjerne turen ned og sjå, men ver gode å ikkje trø på det fine, nye graset heilt enno... :-)Foto: ...
27/09/2015

Graslegging i boks! Ta gjerne turen ned og sjå, men ver gode å ikkje trø på det fine, nye graset heilt enno... :-)
Foto: Alex Johansen/Rune Sudbø

Sjå, så fint det blir! 😃👍
26/09/2015

Sjå, så fint det blir! 😃👍

Dei same karane som her heng over ripa og lukar siv, er no i sving med å fylle ny, fin sand nede i Ormetjønn. Laurdag kl...
23/09/2015

Dei same karane som her heng over ripa og lukar siv, er no i sving med å fylle ny, fin sand nede i Ormetjønn. Laurdag kl 11 er me klare for plendugnad - kom og bli med! 😃👍

Vidare dugnad er avlyst! Blei ferdige i går og i dag gjekk Kåsa&Ringhus i gang med gravearbeidet. 😃👍
17/09/2015

Vidare dugnad er avlyst! Blei ferdige i går og i dag gjekk Kåsa&Ringhus i gang med gravearbeidet. 😃👍

Adresse

Vinje
3890

Telefon

+4741477230

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Åmot Vel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Åmot Vel:

Del