13/03/2026
Onsdag 4.mars var det årsmøte i Vinje Mållag. Utanom vanlege årsmøtesaker, årsmelding og presentasjon av styret for 2026 vart det dela ut to målprisar til næringsverksemder som utmerker seg med bruk av nynorsk i marknadsføringa. Me hadde òg vitjing av Sjur Vågen frå VisitHardangerfjord. Han fortalde om korleis dei hadde bygd opp ei felles "visitplattform" for heile 9 kommunar i det som før heitte Hordaland. "Språk, identitet og marknadsføring" var eit knakande godt føredrag!!
"Det enklaste valet var bokmål. Men hardingane går ikkje for det enklaste".
Prisvinnarar var for 2024 og 2025 Lindskog Auto-service A/S v/Tommy Lindskog, og Vinje motorsenter AS v/ Vegard Bråstøyl.