Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane

Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane Fortidsminneforeininga er ein frivillig medlemsorganisasjon, inndelt i avdelingar og lokallag.

Me er ei ideell foreining med føremål å ta vare på verneverdige kulturminne innan Sogn og Fjordane og å skape allmenn forståing for verdien av desse. Ynskjer du å verte medlem, kan du nytte denne verdsvevsida: http://www.fortidsminneforeningen.no/medlemskap

Følg Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling på Twitter:

og på bloggen http://grindabloggen.blogspot.no/

Jobbmoglegheit ⛪
16/07/2026

Jobbmoglegheit ⛪

Vi søker fleire omvisarar frå juli- september! Kjenner du nokon, så takk for at du tipser.
Del gjerne!
Har du interesse og kunnskap om kulturhistorie! Likar du å omgås folk, og er glad i, og har erfaring frå å formidle, er du den rette for oss!
Send søknad til [email protected]

Arbeidsoppgåver:
- Ta imot og informere besøkande, billett- og butikksal.
- Omvisning på norsk og engelsk. Også andre språk er ynskjeleg.
-Dagleg tilsyn i utstillingane og museumsbutikk.
-Opne og stenge stavkyrkja.
- Reingjering.
- Andre førefallende oppgåver.
Vi søker deg som:
-er flink til å uttrykke deg munnleg på fleire språk.
-Trivast å arbeide med mennesker.
-Tilpassar deg og trivast med varierte oppgåver.
-Er fleksibel og kan jobbe i helger.
-Er serviceinnstilt.
-Kan formidle og guide på engelsk, italiensk, fransk, tysk eller spansk.
-Personlege eigenskapar og erfaring frå liknade arbeid vert vektlagt.

Kurs i tjørebreing på Hestad kapell No har du sjansen til å lære tradisjonell tjørebreing på eit av dei vakraste kulturm...
10/07/2026

Kurs i tjørebreing på Hestad kapell

No har du sjansen til å lære tradisjonell tjørebreing på eit av dei vakraste kulturminna våre!

8.–10. september 2026 inviterer Fortidsminneforeininga til kurs på Hestad kapell.

Kurset er gratis. Fortidsminneforeininga dekkjer opphald og måltid, medan deltakarane sjølve dekkjer reisa.

⚠️ Avgrensa tal plassar – målarar med fagbrev og lærlingar blir prioriterte.

📍 Hestad kapell, Sunnfjord
📝 Påmelding via skjema på nettsida til Fortidsminneforeininga - sjå lenke i kommentarfeltet

I morgon, 1. juli, opnar vi dørene til vakre Hestad kapell – idyllisk plassert på landtunga mellom Hestadfjorden og Viks...
30/06/2026

I morgon, 1. juli, opnar vi dørene til vakre Hestad kapell – idyllisk plassert på landtunga mellom Hestadfjorden og Viksdalsvatnet.

Gjennom juli kan du oppleve kapellet, den vakre kyrkjegarden og den rike historia om staden.

🗓 Opningstid: 1.–31. juli
🕚 Onsdag–søndag kl. 11.00–16.00
🚫 Stengt måndag og tysdag

Ta turen innom og opplev eit av Sunnfjord sine mest særmerkte kulturminne i sommar!

Velkomen! 🌸

Velkomen til Hove steinkyrkje i Vik! Kyrkja er open for besøk kvar dag frå kl. 11.00 til 16.00 fram til 20. august. Ta t...
21/06/2026

Velkomen til Hove steinkyrkje i Vik!

Kyrkja er open for besøk kvar dag frå kl. 11.00 til 16.00 fram til 20. august. Ta turen innom og opplev ei av dei best bevarte steinkyrkjene frå mellomalderen i Noreg.

Fortidsminneforeininga ønskjer deg hjarteleg velkomen!

SOMMARJOBB I GAUPNE GAMLE KYRKJE.Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane søkjer omvisar. Arbeidet består i å ta imot bes...
08/06/2026

SOMMARJOBB I GAUPNE GAMLE KYRKJE.

Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane søkjer omvisar. Arbeidet består i å ta imot besøkande frå inn- og utland og fortelje om kyrkja si historie.

Gaupne gamle kyrkje er ei sjeldan kyrkje frå tida etter reformasjonen. Det finst berre rundt 20 bevarte kyrkjer frå denne tida, noko som gjer ho særleg kulturhistorisk verdifull.

Opningssesongen varer frå 1. til 31. juli.
Kyrkja er open for publikum 11.00-16.00 frå onsdag til søndag.

Høyrest dette ut som noko for deg? Send ein e-post til: [email protected]

Adresse

Hopperstadvegen 61
Vik
NO-6893

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane:

Snarveier

Del