Vatne/Tennfjord Røde Kors

Vatne/Tennfjord Røde Kors Frivillig Organisasjon Vatne/Tennfjord Røde Kors er ei aktiv foreining, med både hjelpekorps og omsorg. Ta kontakt på tlf 88 00 62 65 for info og pris.

Røde Kors huset ligg på Eidet og vi har ei flott hytte på Krogsætra. Vi ønsker oss stadig nye medlemmar, både i hjelpekorpset og i omsorg, og om du trur dette er noko for deg eller kanskje du lurer på noko, ta kontakt med oss på
Tlf: 81504036 eller send ei melding på messenger. Du kan også lese meir på: www.rodekors.no

Hjelpekorps: Hjelpekorpset er i kontinuerlig beredskap og kan på kort varsel

rykke ut for å delta i søk og redningsaksjonar. Viss ein naudsituasjon inntreff, vert hjelpekorpset alarmert og rykker ut med personell, førstehjelpsutstyr og redningsmateriell. Hjelpekorpset disponerer mellom anna både bil, båt og ATV. Ved ulike arrangement som sportsstemner, konsertar, oppvisningar og folketog kan ein leige inn mannskap frå hjelpekorpset som sanitetsvakter. Omsorg: Vi besøker eldre som bur heime eller på Eidet omsorgssenter. Vi ordnar handleturar, lufteturar og andre sosiale samankomstar. Ettersom behovet for besøk og omsorg er stort, ønsker også omsorg seg mange fleire medlemmar!

Vatne/Tennfjord Røde Kors er godt representert på distriktsårsmøtet til Møre og Romsdal Røde Kors i Geiranger! Her har K...
18/04/2026

Vatne/Tennfjord Røde Kors er godt representert på distriktsårsmøtet til Møre og Romsdal Røde Kors i Geiranger! Her har Kjerstin Engstrøm Brautehaug også blitt valgt til leder for distriktsråd hjelpekorps! Vi gratulerer så mykje! ❤️

Natt til 1.påskedag blei hjelpekorpset vårt kalla ut til ein leiteaksjon i Moaområdet. Gjengen stiller på og saman med a...
05/04/2026

Natt til 1.påskedag blei hjelpekorpset vårt kalla ut til ein leiteaksjon i Moaområdet. Gjengen stiller på og saman med andre Røde Kors avdelinger, Norske Redningshunder Møre og Romsdal distrikt og Norsk Folkehjelp blei vedkommande funnen i god behold 💛

Samarbeidet, samholdet og innsatsen er som vanleg upåklageleg og det er fantastisk å sjå så mange frivillige i aksjon denne natta 💙🧡❤️

I helga var 7 av aspirantane til hjelpekorpset vårt på kvalifisert søk og redning kurs på Ørskogfjellet. Det var fantast...
23/03/2026

I helga var 7 av aspirantane til hjelpekorpset vårt på kvalifisert søk og redning kurs på Ørskogfjellet. Det var fantastisk kjekt og lærerikt, til trass for eit noko trasig vær! Alle stod på som heltar heile helga og no har vi 7 rykende ferske godkjente hjelpekorpsere! 👏

Tusen takk til Røde Kors Aalesund for meget faglig og stødig planlegging og gjennomføring, takk til veiledere fra eige korps, Aalesund og Brattvåg Røde Kors Hjelpekorps og ikkje minst takk til markører, sjåfører og hjertegode Tove Furu som stod på kjøkkenet og sørga for mat og drikke til gjengen gjennom heile helga!

For en gjeng, for en hobby og for ei helg! Tusen takk for at dåkke er frivillig for Røde Kors Hjelpekorps

Vatne/Tennfjord Røde Kors hadde årsmøte på tysdag og der fekk Eldbjørg Glomseth Dyrkorn utdelt Norges Røde Kors Fortjene...
05/03/2026

Vatne/Tennfjord Røde Kors hadde årsmøte på tysdag og der fekk Eldbjørg Glomseth Dyrkorn utdelt Norges Røde Kors Fortjenestediplom med nål for lang og tro tjeneste for Vatne/Tennfjord Røde Kors omsorg! Vi er veldig glade for å ha Eldbjørg med på laget og takknemlig for all innsats ho bidreg med år etter år! Eldbjørg har vore med sidan 1990- og det er eksepsjonelt!

Tusen takk Eldbjørg- og tusen takk for at du stiller som leder for omsorg i 2 nye år!

Vi hadde også 6 hjelpekorpsere som fikk utdelt 10-årsnål, Bjarne-Martin Valde fekk utdelt 20-årsnål og Arild Vadset og Ole Kjell Indrestrand fekk utdelt 20-års nåla si 26 år på etterskudd! Betre seint enn aldri der altså! 🤩

Tusen takk til alle sammen for at de er med på laget! 🏆

Da var vi endelig tilbake! 🙋 2026 starta litt kjedelig med ei suspendert facebook-side. Det er slikt som skjer- men no e...
22/02/2026

Da var vi endelig tilbake! 🙋

2026 starta litt kjedelig med ei suspendert facebook-side. Det er slikt som skjer- men no er vi på nett igjen! 🌟

Vi har ikkje lagt på latsida må vite- det har vært full action på Røde Kors huset vårt! Den nye ATV`en er i hus (🫶🏼 bilde og info om den kjem seinare!) så vi har måtte bygge om litt i garasja vår for å få plass til alt! Det har vore dugnadar for å få i stand dette og no er vi snart ferdig! Berre golv og finpuss igjen! Alle kjøretøy, henger og båten vår står no innomhus og det er vi veldig glad for!

17.februar arrangerte vi re-godkjenning så no har vi 3 nye korpsmedlemmer som er godkjent for 3 nye år! Gratulerer så mykje til Roger, Bjarne-Martin og Kristina! 🏆

2026 er også totalforsvarsåret så egenberedskap står høgt på planen vår i år! Vi held på med siste finpuss av beredskapsplanen til lokalforeninga og vi har laga til eit egenberedskapslager på huset!

Det neste som skjer med oss no er årsmøte 3.mars- sjå innkalling i eige bilde! Vi ønsker alle medlemmer velkommen til årsmøtet!

Frå alle oss til alle dåkke; Riktig God Jul og Godt Nyttår! 🎄🌟 Tusen takk til alle frivillige, sponsorer, heiagjeng og s...
24/12/2025

Frå alle oss til alle dåkke; Riktig God Jul og Godt Nyttår! 🎄🌟

Tusen takk til alle frivillige, sponsorer, heiagjeng og sambygdingar for eit innholdsrikt og meiningsfylt år! ❤️

SpareBank 1 SMN har bidrege med 25.000 kroner til satsinga vår på ny ATV. Gåva gir oss eit viktig løft i arbeidet med å ...
23/12/2025

SpareBank 1 SMN har bidrege med 25.000 kroner til satsinga vår på ny ATV. Gåva gir oss eit viktig løft i arbeidet med å styrkje beredskapen lokalt 🚑

Med denne støtta kjem vi nærare målet om ei 6-hjuling tilpassa pasienttransport, med nødvendig tryggleiksutstyr og framkome i krevjande terreng. Det gjer oss betre rusta når raske og trygge løysingar er avgjerande.

Vi er svært glade for bidraget frå SpareBank 1 SMN, og for at dei vel å støtte frivillig beredskap i nærmiljøet 🤝

Vatne/Tennfjord Røde Kors har fått anledning til å gi bort noen kinobilletter på Odeon kino og billetter til bybadet i Å...
22/12/2025

Vatne/Tennfjord Røde Kors har fått anledning til å gi bort noen kinobilletter på Odeon kino og billetter til bybadet i Ålesund 🏊‍♂️🎬

Kanskje kjenner du – eller er du selv – noen som hadde hatt ekstra glede av en slik opplevelse? Da er du hjertelig velkommen til å ta kontakt med oss.

Vi har 30 kinobilletter og 20 til bybadet- vi deler ut til det er tomt- så første person til mølla prinsippet gjelder! 🙋🏻‍♀️

Send oss en privat melding her på facebook eller send e-post til [email protected].

Del gjerne innlegget videre 💌

Møre Hus har sponsa oss med 5000 kroner til ny ATV 🙏🏻Vi er svært glade for gåva og set stor pris på støtta 🎯Bidraget er ...
21/12/2025

Møre Hus har sponsa oss med 5000 kroner til ny ATV 🙏🏻

Vi er svært glade for gåva og set stor pris på støtta 🎯

Bidraget er eit viktig steg mot oppgradering frå 4-hjuling til ei 6-hjuling med veltebøyle, beltekit og bårerigg.
Dette vil styrkje beredskapen vår og gi trygg og rask pasienttransport 🚑

Byggmann Molvær As har sponsa oss med 2000 kroner til ny ATV 🙏🏻Vi er svært glade for gåva og set stor pris på støtta 🎯Bi...
20/12/2025

Byggmann Molvær As har sponsa oss med 2000 kroner til ny ATV 🙏🏻
Vi er svært glade for gåva og set stor pris på støtta 🎯

Bidraget er eit viktig steg mot oppgradering frå 4-hjuling til ei 6-hjuling med veltebøyle, beltekit og bårerigg.
Dette vil styrkje beredskapen vår og gi trygg og rask pasienttransport 🚑

Tusen takk til Ronny Tennfjord AS som har sponsa oss med 10.000 kr i støtte til ny ATV 🛻Bidraget tek oss endå eit steg n...
16/12/2025

Tusen takk til Ronny Tennfjord AS som har sponsa oss med 10.000 kr i støtte til ny ATV 🛻

Bidraget tek oss endå eit steg nærare målet om styrkt beredskap 🎯

Oppgraderinga frå 4-hjuling til ei 6-hjuling med veltebøyle, beltekit og bårerigg vil gi oss betre framkome og auka kapasitet i krevjande terreng.

Dette gjer oss betre rusta til trygg og effektiv pasienttransport når kvart minutt tel 🚑

Kanskje har Ronny Tennfjord AS ei bedrift dei vil sende utfordringa vidare til?

Sperre Racing har bidrege med 5000 kr i støtte til ny ATV 🛻Bidraget tek oss endå eit steg nærare målet om styrkt beredsk...
15/12/2025

Sperre Racing har bidrege med 5000 kr i støtte til ny ATV 🛻
Bidraget tek oss endå eit steg nærare målet om styrkt beredskap 🎯

Oppgraderinga frå 4-hjuling til ei 6-hjuling med veltebøyle, beltekit og bårerigg vil gi oss betre framkome og auka kapasitet i krevjande terreng.

Dette gjer oss betre rusta til trygg og effektiv pasienttransport når kvart minutt tel 🚑

Adresse

Gamle Postvegen 14
Vatne
6265

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vatne/Tennfjord Røde Kors legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vatne/Tennfjord Røde Kors:

Del