03/02/2026
I forbindelse med SKØYTESPORTEN sin dag vil det være mulighet for kjøp/salg og bytte av utstyr i Gjesthalla. Det blir en selvdreven aktivitet med bord for utstilling utstyret vil være tilgjengelig! Har du noe du ønsker å selge eller bytte, eller kunne trengt skøyter før du går på isen, ta en tur innom 🌞
Håper å se mange innom Gjesthalla og på skøyteisen! Bare å finne frem den barnslige gleden med aktiviteter på isen 🌞⛸️
Jølster IL arrangerer SKØYTESPORTEN sin dag på Jølstravatnet søndag 8. februar 2026
Kulda har laga flott skøyteis på Vassenden. I tradisjonens tru har Jølster IL danna ei svært hurtigarbeidande skøytegruppe som legg til rette for at folk kan møtast til skøytesporten sin dag i 2026!
Vi håpar å kunne samle folk til ein dag med mykje leik, aktivitet og uhøgtidleg konkurranse for både barn og vaksne. Puss støvet av gamle skeiser og skeisekunstar, ta med hockey-kølle, sparken eller ein solstol og delta som publikum!
Arrangementet er gratis. Lokale med kjennskap til isen på Jølstravatnet har målt stålisen til å vere godt over 15 cm der det vert laga til aktivitet.
Målet er ein sosial og kjekk dag for store og små!
PROGRAM (Dette vert oppdatert fortløpande i løpet av veka)
10.30. Oppstart på skøyteanlegget utanfor Solrenning camping
(ved Gjesthalla samfunnshus)
11.00. Opningstale v/ leiar i Jølster IL Finn Årdal
11.00.-15.30.
• Vi prøvar å lage til ulike aktivitetar og leik på isen for store og små. Vi prøvar å få til både curling, ishockey og kanskje litt isdans? Vi ser kva vi får til på ei veke Ta gjerne kontakt du har lyst til å ta ansvar for ein aktivitet.
• Vi ordnar med bålpanner for grilling nær land- ta med mat & drikke!
• COOP Vassenden sponsar kaffi som vert servert
• Lyst å fange ein Jølstraaure gjennom isen? Jølster Aurefiskefestival lagar til område der du kan pilke etter auren. Du må ha med eige utstyr.
• Jølster Røde Kors er med oss på isen
11.30. Registrering & påmelding - møt opp der du finn det norske flagget
• Alle som registrerer seg på ein av aktivitetane før kl. 13.00. er med på trekkepremiar
• Alle som vil delta på skøyteløpet må melde seg på
13.00. Skøyteløp på bane med høgst uoffisiell tidtaking
• To stk. i kvart heat – mogeleg å melde seg på saman med den du vil konkurrere mot!
• Tidtaking på ei runde pr heat (skifte mellom indre/ytre bane)
Ca. Kl. 14.00. -14.30. Trekking av trekkepremie
15.30. Avslutning
Med venleg helsing Jølster IL i spontane skøytegruppe
Utfyllande informasjon
Arrangementet er gratis. Ta med mat og drikke. Kle deg godt, og ta gjerne med stol eller bruskasse til å sitte på. Har du ein spark kan den vere kjekk!
Parkering: Ved Gjesthalla, Vassenden skule, stupebrettet på Vassenden
Toalett: Gjesthalla samfunnshus held ope
Sikkerhet: Alle som møter opp har ansvar for eiga sikkerhet og vurdering av kvar ein til kvar tid oppheld seg. Der det er laga til anlegg for aktivitet er det tatt grundige målingar som viser over 15 cm tjuknad på stålisen.
Om isen: I skrivande stund 1. februar har lokale krefter med god kjennskap til isen tatt målingar av den på ulike punkt. Den er blitt målt til over 15 cm stålis frå Vassenden-bukta og innover sørsida til grenda Kjelsnes. Det er meldt kaldt vær i dagane framover til arrangementsdagen.
VEDBUA (Erik Nilsen) sponsar VED til bålpannene til pølsegrillinga 👏