Vennelaget Lerbrekk skule

Ring Veibeskrivelse Kontakt organisasjonen

Vennelaget Lerbrekk skule Vennelaget for Lerbrekk skule har ca. 130 medlemmer. Oppstart 1995. Skulen blir bla. brukt til åpen Historie om Lerbrekk gamle skule. Det gjekk slag i slag.

Det gamle skulehuset på Lerbrekk stod for fall. På ny-året 1995 kom det signal om at huset kunne verta rive. Huset såg på dette tidspunktet stygt ut og var til nedfalls. Den fyrste skulestova vart bygd i 1865. Dette stod åleine til 1896, då vart det bygd på, med lærarbustad i søre enden. Barneflokkane auka i kretsen, og det vart behov for meir plass. Så i 1916 kom det ei skulestove til på nordre enden. Lerbrekk skulekrets omfatta gardane: Hobberstad, Lerbrekk, Nord-Varhaug, Sør Varhaug, Bratland, Reiestad, stasjonen «nedanom linja», Ånestad, Tvihaug, og Djøseland. Frå 1916 vart og Husvegg og Madland med i krinsen .Desse to høyrde først til Stavnheim krins, som då hadde skulestova på Mæland. Det gamle skulehuset på Lerbrekk er det eldste i kommunen, og det einaste som er att med lærarbudstad. I tillegg til skulen har det og vore søndagsskule her i meir enn 80 år. I gamle dagar vart det av og til halde herredstyremøte i den gamle skulestova. Og før år 1902, då me fekk Forsamlingshus på stasjonen, var det og halde kristne oppbyggelses-møter på skulehuset. Slike samlingar var mest vanlige i heimane, men dei trong større plass då vekkingstidene strøymde på i slutten på 1800-talet. I 1995 gjekk nokre personar frå krinsen saman og kalla inn til allmannamøte. 58 personar møtte fram 22. februar, og blei einige om at skulen måtte bevarast. Det vart og framheva stor vilje til dugnad. På dette møtet blei det oppnemnt ei nemnd som skulle ha hovudansvar for alt som skulle fungera. Me måtte bli einige med Hå kommune om finansiering, planlegging og materialval, m.m. Kommunestyret gav godkjenning, og løyvde kr250 000,-
11. mai 1996 starta dugnadsarbeidet for alvor. Gamal kledning vart teken av. Nye vindauge kom på plass. Ny kledning og isolering. Alle takpanner vart tekne ned. Taket vart forbetra, og pannene lagt på plass att. Uthuset vart teke delvis ned, og sett opp att. Og dei gamle utedoa, har og fått «ansiktløfting». 80 personar deltok med dugnadsarbeid berre dette året. I dag kan me gleda oss over det fine resultatet alt arbeidet har gjeve: Lerbrekk gamle skulehus – i ny drakt. I dag, 2014, har me eit vennelag med ca. 150 medlemmer som vil stå rundt denne kjære møteplassen.

Me er kome over i juni, så det vert sundagskafé sundag den 7. juni kl. 14 - 17. Sal av kaffi, vaflar og kake. Velkomen i...
01/06/2026

Me er kome over i juni, så det vert sundagskafé sundag den 7. juni kl. 14 - 17. Sal av kaffi, vaflar og kake.
Velkomen innom skulen ved riksvegen!

Adresse

Lerbrekkvegen 2
Varhaug
4360

Telefon

+4797053731

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vennelaget Lerbrekk skule legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vennelaget Lerbrekk skule:

Snarveier

Del