09/07/2026
Pensjonistforbundet Varhaug
Referat frå Busstur til Finnøy – Perlå i Ryfylke.
Måndag 1. juni 2026 sette Vigrestad Buss – med Oddgeir ved rattet – kursen nordover med
52 forventningfulle pensjonistar i seta. Me skulle til Finnøy – og gleda oss veldig. Veret var
ikkje det finaste, men det var godt køyrever og turen nordover gjekk bra. I Stavanger gjekk
det nedover og me fòr avgarde under sjøen. Plutseleg var me ovanpå på landjorda att og då
var me komne til Finnøy og til gamle Ladstein ferjekai.Der entra Tor Øyvind Skeiseid
bussen – og lokka fram latteren hjå alle frå fyrste stund. Me hadde bl. anna ein ekstra runde
i rundkøyringa, og dermed kunne Skeiseid fortelja at nokre ungdomar hadde teke 100vis av
rundar der. Ikkje til å tru – det var meir enn nok med ein ekstra runde.
Tor Øyvind Skeiseid fortalde om alt og alle me såg etter vegen på ein morosam måte og der
var ingen pause, så me hadde det riktig så morosamt. Dei held på å byggja gang/sykkelsti på
Finnøy. Og komne til lyskrysset vart me nr 1 i køen og byrja køyra, men, no vart det kaos,
for vegen var smal og bilane laut rygga og det gjekk ikkje heilt godt. T.Ø. Skeiseid ville ut
av bussen og «hjelpa til» og det ordna seg. Men det var litt «løye». Ein bil køyrde på raudt
lys og, men på Finnøy var trafikkreglane kun rettleiande sa Tor Øyvind, og me lo.
Me køyrde gjennom Judaberg Sentrum og då imponerte Skeiseid med å fortelja om «kva og
kven» på begge sider av vegen/gata, i eit forrykande tempo. Og han klarte å «halda tunga
beint i munnen». Imponerande.
Me kom til Lauvsnes gartneri, til Jan Terje Vignes, som sidan han var 18 år har drive
tomatproduksjon i stor stil. Ikkje berre er det stort – det er digert, og, ikkje minst
imponerande. Han har teke i bruk naturlege «fiendar» for å «få has på udyra» - biologisk
kontroll, slik at ingen sprøytemidlar vert nytta. Ligg og langt framme når det gjeld å nytta ut
Co2, vatn og varme. Ei tomatplante treng 3-4 l vatn pr. dag. Ein starter å hausta tomatar etter
7-8 veker, 2 - 3 ggr i veka. Men dei beste arbeidarane han har er humlene, dei gjer jobben
sin. Her vart det og servert lunsj, og me fekk gongkaker med tomatsyltetøy og dei smaka
veldig bra. Dei hadde og tomatar og tomatsyltetøy på tilbud, så handelen gjekk og bra.
Me skulle vidare og kom til Mjølsnes, til sylvsmeden/-ane der. Anita, dottera til Folke Helle,
som og var sylvsmed, kom inn i bussen og helsa oss velkomne. Ho kunne fortelja at dei
hadde starta opp i 1985 og faren var og filigransylvsmedmeister. Du så mykje fint dei hadde
å sjå på og fleire fekk og handla.
Me var og innom Randa der dei dreiv med epler, og kom så til Hesby kyrkje. Ei gamal
mellomalderkyrkje bygd i gråstein med metertjukke vegger.. Her benka me oss i kyrkja og
venta spente på kva som skulle skje vidare.
Programmet for turen heitte: »Velkommen til 1000 år og vel så det på ein time på Finnøy.»
Så kom det plutseleg ei nonne gåande og messande opp kyrkjegolvet. Det var Maria Flesjå
Sivertsen, og ho og Tor Øyvind Skeiseid bytte på og var og saman om heile «historien» me
fekk vera med på. Det var ei reise gjennom 1000 år, der lokal- og nordisk historie vart
vovne saman. Ei litt original førestilling med musikk, historie og latter, der munkesong og
julesong hadde sin plass. Dei baud på kongestoff, drapsfelle, matematikk, grunnlovsarbeid,
grasrotopprør, og ei «bestemt» prestekone. Tor Øyvind og Maria gjekk ut og inn av rollene
og forteljingane. Framsyninga varde ca 75 minutt og det var litt av ein prestasjon av begge
to. Me fekk og lov å delta. Me fekk utdelt songen; «O jul med din glede», og den song me
alle seks versa av. Den er laga av prestekona Gustava Kjelland, som me fekk verta kjende
med gjennom Maria Flesjå Sivertsen.
Etter endt framsyning/historieforteljing i kyrkja bar det ut til bussen att og Tor Øyvind
Skeiseid geleida oss vidare sørover att mot Arena Utsyn, for no var det tid for mat.
Den smaka fantastisk. Me hadde vorte svoltne etter alle opplevingane me hadde fått vore
med på. Gryteretten – Bedehusgryte, oksekjøt med tilbehør gjekk ned på høykant. Det same
gjorde desserten som var karamellpudding, flott pynta med krem og blomar.
Etter maten skulle me ha «historietime» med Tor Øyvind og Maria. Me skulle testast i om
me hadde lært noko og om me hadde «fylgd med» gjennom dagen. Dette vart ein både løyen
og konkurannseprega 45 minutts «time». Me laga lag, 7 bord i alt, og bord nr. 7 gjekk av
med sigeren. Premien var ein flott medalje – laga av tomatar.
Gode og mette, både av mat og inntrykk, sette me så nasen heimover att, med Tor Øyvind
framleis i bussen. Då me kom attende til det «berømte» lyskrysset var det kø. Trur dei laut
venta for det skulle sprengjast vekk ein stein el likn. Så Tor Øyvind føreslo at me skulle ta
ein snarveg, noko som ikkje var så vanleg med buss. Vegen, mest som ein markaveg, var
smal, bussen fekk akkurat plass, men dei par bilane me trefte på vart kanskje litt
«øvegidde». Dei skunda seg fort ut av vegen, der det var mogleg. Det gjekk utruleg bra, og
me kom velberga fram og ut på vegen att på andre sida av lyskrysset.
Me var og innom Finnøy Heimgard sin gardsbutikk og handla litt før me kom til Ladstein
ferjekai att, og der tok me så farvel med Tor Øyving Skeiseid. Reisa vidare heimover gjekk
som ein røyk. Plutseleg var me attende i Stavanger og derifrå er det ikkje lange vegen til
Varhaug. Nestleiar Magnor Ånestad takka for turen og trudde alle var vel nøgde, som me
nok var.
Takk til Oddgeir som køyrde roleg og sikkert i alle tenkjelege situasjonar. «Minste føre»
med slik ein sjåfør.
Takk til alle som var med på turen og velkomen att ein annan gong.
Gjertrud Edith Hobberstad
ref.
Bilder fra Finnøyturen