03/08/2026
Me treng skodespelarar til vandreteater på Valestrand.
Helgen 12. & 13. September blir vandreteateret Skinn spelt på Valestrand. I dette vandreteateret reiser me tilbake i tid og får sett historia og utviklinga til garvinga og garveria på Valestrand.
For å få til dette treng me skodespelarar. Difor leiter me etter de som kunne tenka dykk å vera med som skodespelarar. Me treng både dei som vil vera statist (ingen replikkar) eller store rollar. Du treng ikkje erfaring for å vera med, alle er velkommen. Det er nokre “typar” me er spesielt ute etter, men om ingen av desse passar er du framleis velkommen til å ta kontakt.
- Born som kan vera med - her må ein vera mellom 8 og 14 år.
- Mannleg vaksen/ungdom 16 til 30 år (fleire rollar, både store og mindre)
- Mannleg vaksen 25 til ++
- Kvinnleg vaksen 25 til ++
Det blir ein kort og effektiv innøvingsperiode:
Øvingar:
- Tirsdag (11. 18. og 25. August)
- Øvingshelg (5. og 6. september)
- Generalprøve og førestillingar (10. til 13. September)
Om du ønsker å vera med må du ta kontakt med Sebastian Haugland – mob 93649315