21/04/2026
J12 reiste til Trondheim med 18 jenter, fordelte på to lag. Sjølv med to påmeldte lag er det viktig at jentene skjønner at dei til saman er eit stort lag. Dette har prega heile turen, både på og utanfor bana.
Ei ekstra fin ramme rundt helga var at dette var ein mobilfri tur. Jentene la att telefonane heime, og resultatet vart akkurat det vi ønskte: meir nærvær og sterkare samhald. Det sosiale fekk verkeleg blomstre, både internt i gruppa og i møte med nye bekjentskap frå andre delar av landet.
Sportsleg har det òg vore ei fin utvikling. Totalt åtte kampar er gjennomførte, med ein god blanding av tap, uavgjort og siger. Likevel har det vore meistringskjensle og innsats som har stått i sentrum. Jentene har vist vilje, lagånd og stå-på-vilje i kvar einaste kamp.
Dagane har vore lange, med tidlege morgonar og seine kveldar, men det har ikkje lagt nokon dempar på humøret. Tvert imot har jentene vore ei glede å ha med på tur. Dei har høyrt på beskjedar, teke ansvar, vist respekt og tilpassa seg kvarandre på ein god måte.
Det har vore ei kjekk helg, både på og utanfor bana, for spelarane og laget rundt jentene. Vi gler oss alt til neste gong 🤾♀️
💙🤍💙Heia Valder 💙🤍💙