29/06/2026
I helga hadde vi ei vellykka dugnad ved Kjerringatjørne med fiskebering! 🙌🐟
Med 12 ivrige frivillige starta vi kl. 10 ved Kjerringatjørne – eit tjørn som kanskje har fått namnet sitt etter kor vanskeleg det var å fiske der i gamle dagar. Kjerringer kan jo vere vanskelege... eller? 🤷 Gubbar òg, men dei har visst fått ein annan plass. 😄
Med opplett store delar av dagen, godt humør og god innsats enda vi opp med å fange over 60 små aurar, som no har fått flytte vidare til andre, meir næringsrike tjørn der dei kan vekse seg større.
Har du lyst til å vere med og bidra neste år, så vit at dette er ein dugnad for alle – her er det plass til alle som vil vere med! Vi håpar endå fleire får augo opp for Vaksdalfjellet, og at de kjem seg ut og fiskar så mykje som mogleg.
Skitt fiske til alle saman i sommar! 🙌🌞🎣
📸 Foto: Sveinung Sigbjørnsen 😄