07/08/2026
🪗Takk for sist, og takk for no, frå Vågåmo! ♥️
Årets Landsfestival i gammaldansmusikk er overstått, og vi i arrangørkomiteen vil så audmjukt få takke for laget for denne gong!
Vi har arbeidd og sett fram mot denne sommaren i om lag to år, og vi sit att med ei kjensle av lykke, iblanda nokre dråper vemod.
Lykkelege for at alt har gått så bra, og for at deltakarar og tilreisande har vore tilfredse med arrangementet. Vemodige, fordi dette har vore vårt og vågåbygda sitt prosjekt i lang tid.
Takk til alle dei over tusen deltakarane som fylte Vågå med musikkglede, dans, engasjement og imponerande prestasjonar.
Takk til publikum som møtte opp, svinga seg på dansegolvet, og gav festivalen den gode stemninga vi er så stolte av.
Takk til alle dei frivillige som har lagt ned tallause timar før, under og etter festivalen. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre eit arrangement av denne storleiken.
Ein stor takk går til samarbeidspartnarar, sponsorar, og leverandørar av alt i frå kjøtkaker og tappetårn, til lyd og ljos! Kvaliteten som ligg i alle ledd er med på å skape ei vellykka festivaloppleving for både deltakarar, publikum, og dei 450 frivillige.
Tusen takk til kvar og ein av dykk som var med og gjorde Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026 til ein festival vi kjem til å minnast lenge!
Så sjåast vi vel ratt i Vågå på Landskappleik i 2029? 🎻🎶✨️
Lykke til med planlegginga av neste års landsfestival, Numedal spel og dansarlag og Kongsberg Trekkspillklubb - vi veit festivalen er i trygge hender! 🫡🤩
Helsing arrangørkomiteen for Vågå Trekkspelklubb
Fleire bilete av utøvarane finn de her:
82915246@N03/55403929177/in/album-72177720334764843" rel="ugc" target="_blank">https://www.flickr.com/photos/82915246@N03/55403929177/in/album-72177720334764843