Vågå Historielag

Vågå Historielag Vågå Historielag vil bruke Facebook for å formidle informasjon om Historielagets arbeid og virksomhet

Minner om kveldsseto i Jutulheimen om OKB onsdag 8.4.2026 kl. 19.00.
07/04/2026

Minner om kveldsseto i Jutulheimen om OKB onsdag 8.4.2026 kl. 19.00.

Kveldsseto i Jutulheimenonsdag 8. april 2026 kl. 19.00         O K Bv/Stig Aaboen og Elias SperstadOttadalen Kommunale B...
25/03/2026

Kveldsseto i Jutulheimen
onsdag 8. april 2026 kl. 19.00
O K B
v/Stig Aaboen og Elias Sperstad

Ottadalen Kommunale Billag blei etablert i 1943 på tuftene etter Skjåkbilane, Ottadalen Kommunale Auto (OKA), Otta-Geiranger-Stryn (OGS) og Heidal Auto.
OKB sitt primærområde var eigarkommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Etter kvart var rute- og transportnettet utvida med bl.a. «Lillehammerruta».
Denne kvelden kjem Stig Magnus Aaboen og Elias Sperstad. Dei vil fortelje om Ottadalen Kommunale Billag.
Dei har òg skreve ei praktbok om temaet - som dei tek for seg denne kvelden.
¤Historia frå hest til bil
¤Billaga før OKB
¤Sjåførane, historiene og identiteten.

Velkomne til ein triveleg kveld i Jutulheimen!
Inngang kr. 100 (inkl. kaffe og biteti)
Arr: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

VÅGÅ HISTORIELAGInnkalling til årsmøte i Jutulheimen onsdag 11. mars 2026 kl. 19.00.Sakliste:1. Val av møteleiar og ein ...
09/03/2026

VÅGÅ HISTORIELAG

Innkalling til årsmøte
i Jutulheimen onsdag 11. mars 2026 kl. 19.00.

Sakliste:
1. Val av møteleiar og ein til å skrive møteboka.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Innkomne saker
6. Val av 2 styremedlemmar for 3 år
Val av 3 varamedlemmar til styret
Val av styreleiar og nestleiar
Val av 2 revisorar
Val av ny valkomite
7. Kontingent

Gard og slekt
Etter årsmøtet ser vi på gamle plassar og busetjing på Sæta, Skjellum og Øygardane.

Kveldsseto  i Jutulheimenonsdag 25. februar 2026 kl. 19.00Eventyr i Canada – Pål Atle Fagerli31 dagar i ukjend villmark....
15/02/2026

Kveldsseto i Jutulheimen
onsdag 25. februar 2026 kl. 19.00
Eventyr i Canada – Pål Atle Fagerli

31 dagar i ukjend villmark.
Denne kvelden kjem murudølen Pål Atle Fagerli og vil fortelja om sitt livs eventyr i Canada.
3. juli 2023 tok eg mine fyrste padletak frå indianarlandsbyen Whati i Nordvest-territoria i Canada.
630 kilometer og 31 dagar seinare kom eg fram til Deline – den einaste busettinga ved Store Bjørnesjø.
Gjennom urørt villmark, langs slyngande elver og nærmøte med bjørn og ulv, ga turen meg minner for livet.
I foredraget fortel eg om dragninga mot canadisk villmark,
og kva rolle Helge Ingstad og hans læremeister Hjalmar Dale har hatt for mi friluftsinteresse.
Kvifor vel nokon å reise ut i det ukjende?
Eg deler tankar kring planlegging, gjennomføring – og ikkje minst ettertanken ein slik tur gir.

Inngang 100 kr. inkl. kaffe og biteti
Arr: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

Jutulen 2026 er ferdig og blir utsendt til medlemmane og lagt ut for salg på Vågå bok og leker as og på Norli Otta. Året...
11/02/2026

Jutulen 2026 er ferdig og blir utsendt til medlemmane og lagt ut for salg på Vågå bok og leker as og på Norli Otta. Årets utgåve har 22 små og større artiklar, bl.a. om Glade Moen, Magne og Tora Løkken, Nils-Iva, Peder Knutsen Bakken, Hans Gude, spissleden til Johan Storm og Tronhus.

Kveldsseto i Jutulheimen onsdag 14. januar 2026 kl. 19.00.Altartavla i VågåkyrkjaHans Jacob Dahl vil fortelja om altarta...
13/01/2026

Kveldsseto i Jutulheimen onsdag 14. januar 2026 kl. 19.00.
Altartavla i Vågåkyrkja

Hans Jacob Dahl vil fortelja om altartavla frå 1600-talet.
Dahl har skrivi bok om altartavlene etter Johannes Skråstad.
Dahl tek også for seg målinga av Peder Joensen med motiva frå nattverden og korsfestelsen,
samt akantusutsmykkinga av Østen Kjørren på 1700-talet.

Inngang kr 100 kroner inkludert kaffe og biteti.
Arr: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historiela

Kveldsseto i JutulheimenOnsdag 14. januar 2026 kl. 19.00Altartavla i VågåkyrkjaHans Jacob Dahl vil fortelja om altartavl...
04/01/2026

Kveldsseto i Jutulheimen
Onsdag 14. januar 2026 kl. 19.00
Altartavla i Vågåkyrkja

Hans Jacob Dahl vil fortelja om altartavla frå 1600-talet.
Dahl har skrivi bok om altartavlene etter Johannes Skråstad.
Dahl tek også for seg målinga av Peder Joensen med motiva frå nattverden og korsfestelsen,
samt akantusutsmykkinga av Østen Kjørren på 1700-talet.

Inngang kr 100 kroner inkludert kaffe og biteti.
Arr: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag

Minner om kveldsseto i Jutulheimen torsdag 4. desember
03/12/2025

Minner om kveldsseto i Jutulheimen torsdag 4. desember

Kveldsseto i JutulheimenJohn Botheim – Lesjing I tysk krigsfangenskapforedrag av Egil Ulateigtorsdag 4. desember 2025 kl...
24/11/2025

Kveldsseto i Jutulheimen
John Botheim – Lesjing I tysk krigsfangenskap
foredrag av Egil Ulateig
torsdag 4. desember 2025 kl. 19.00

John Botheim stod midt i kampane under den andre verdskrigen.
Velkommen til eit fordrag om krig og fortid, om lokalhistorie og ei verd i brann.

Den 10. desember 1942 banka sikkerheitspolitiet på døra hos John Botheim på Sygard Botheim i Lesja.
Frå då og til krigen var over, var han tysk krigsfange i mellom anna Grüne og Schildberg.
Botheim var kaptein og kompanisjef, bonde, ordførar – og ein av dei største og mangslungne personlegdomane i Lesja si moderne historie.
I dag er John Botheim gløymd.
I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen kan du lese ein større tekst om Botheim – skrive av journalist og forfattar Egil Ulateig.

Pris: 100 kroner, som inkluderer kaffi og biteti
Velkommen!
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag

John Botheim var gift med Barbro Nordahl frå Vågå, dotter til lensmann Jo Nordahl.

minner om kveldsseto i Jutulheimen onsdag 5. november
04/11/2025

minner om kveldsseto i Jutulheimen onsdag 5. november

Kveldsseto i Jutulheimenkorgmaker Syver Horten  Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø vil fortelja om:- Prosjektet aktarkor...
25/10/2025

Kveldsseto i Jutulheimen

korgmaker Syver Horten

Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø vil fortelja om:
- Prosjektet aktarkorg gjennom Norsk Håndverksinstitutt
- Vise filmen om Syver Horten frå Skårvangen
- Generelt om korgtradisjonar i Noreg
- Norsk Korglag.

Onsdag 5.november kl 19.00
Inngang 100 kr. inkl. kaffe

Arr: Vågå historielag og Gudbrandsdalsmusea

Hege Iren Aasdal er en anerkjent kurvmaker som bor og arbeider i Hardanger. Med svennebrev i kurvmakerfaget og et stipend fra Norsk Håndverksinstitutt i perioden 2020-2023, har hun fordypet seg i tradisjonelle teknikker og lokalhistoriske metoder for kurvfletting.
Aasdal er dedikert til å videreføre gamle håndverkstradisjoner og arbeider eksklusivt med materialer hun selv høster fra naturen rundt sitt verksted i Hardanger. Gjennom en tidkrevende prosess som har blitt perfeksjonert over år med praksis, bearbeider hun rå naturmaterialer til jevne, myke og føyelige bånd som danner grunnlaget for hennes unike kurver.
Hennes arbeid er både en hyllest til norske kurvtradisjoner og en levende videreføring av håndverkskunnskaper som står i fare for å gå tapt. Hver kurv hun skaper er et resultat av dyptgående materialkunnskap, teknisk dyktighet og en lidenskap for bærekraftig håndverk som er dypt forankret i det lokale landskapet.

Samson Øvstebø har laga kiper og holdt på med trearbeid i over 25 år, og har holdt utallige kurs i korgmaking.
Han har vore veileder for Hege i stipendiatarbeidet og har samarbeida med ho i fleire prosjekt i regi av Norsk Handverksinstitutt med å gjenskape tradisjonelle korger som vedmeis, aktarkorg og snik. Han har tidlegare arbeida mest i brakje (einer) men jobbar no med mange treslag og er den med mest erfaring på splitting og deling og fletting med forskjellige tresorter.
Han har også jobba med å lage tau av lindebast og vidareformidla denne kunnskapen.

11/10/2025

Informasjonskveld for kurs i tradisjonsmåling 22.10 kl 18.00 i hovudhuset i Ullinsvin

No har du moglegheit til å vere med å restaurere presterkontoret i hovudbygningen i den gamle og freda prestegarden Ullinsvin.
Vågå Historielag eig den gamle og freda prestegarden i Vågå.
No restaurerer dei hovudbygningen. Vågå husflidslag og Gudbrandsdalsmusea arrangerer kurs. Hege Vaagaasar i Vaagaamal er kurslærar.

Kursinnhald:
Du får innføring i
- historie til såkalla tradisjonsmaling
- førebuing til malingsoppdrag som dette
- utstyr som penslar og stell av desse
- grunnarbeid på veggar og himling som har ubehandla og nytt panel, er tidlegare linoljemalt eller er malt med latexmaling
- praktiske tips og triks, hms
- etter alt dette kosar vi oss til slutt med sjølvaste malinga!

Kom på informasjonskveld for å finne ut om dette kan vere noko for deg. Denne kvelden avtaler vi kursdagar og anna praktisk.
Du treng ikkje å ha bestemt deg for å delta på kurset om du kjem på informasjonskvelden.

VELKOMEN

Adresse

Vågå
2680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vågå Historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vågå Historielag:

Del