14/04/2026
Det er ikkje berre i hagene rundt Vågåheimen det gror og blomstrer. Sidan 2001 har frivillige blomsterdamer stelt blomster, planta om og vatna og pynta rundt omkring på avdelingane. Karin Løkken, Margot Blankenborg og Kari Bråthen var faste blomsterpiker kvar veke. I 2019 tok Toril Jøndal, Kari Runningen og Ingrid Wilhelmsen over stafettpinnen. Ei oppgåve blomsterpikene gler seg til kvar veke🌸Hurra for alle frivillige 😍