Tysnes Symjeklubb

Tysnes Symjeklubb Tysnes Symjeklubb er ein symjeklubb i Tysnes Kommune, Hordaland. Me er tilslutta NIF og NSF

Tusen takk til alle små og store som har vore med oss i bassenget denne sesongen – det har vore kjekt å sjå så mykje gle...
28/03/2026

Tusen takk til alle små og store som har vore med oss i bassenget denne sesongen – det har vore kjekt å sjå så mykje glede, innsats og utvikling!

Vi ønskjer alle ei riktig god påske 🐣

Bassenget er nå stengt, og opnar igjen etter haustferien – vi gler oss allereie til ein ny sesong!

13/02/2026

Redusert offentlig bading i dag.
Voksenbadinga fra 1900 til 2000 er i dag AVLYST.

Minner om offentlig bading!Som badevakt vil eg berre minne om at det framleis er offentleg bading på Tysnes. Det er som ...
09/02/2026

Minner om offentlig bading!

Som badevakt vil eg berre minne om at det framleis er offentleg bading på Tysnes. Det er som regel god plass i bassenget – særleg på vaksenbading og på den seinare familiebadinga.

Bassenget er ope to kveldar i veka og blir halde i gang av frivillige. Når det er offentleg bading, er badstova også varm.

Denne sesongen har det vore svært få vaksne som har brukt tilbodet. Det er synd, for dette er eit godt og viktig tilbod som vi gjerne vil halde liv i.

Så: hopp i det – kom og svøm! 🏊‍♀️

Mandager og fredager
Familiebading 1: kl. 17:30 - 18:15
Familiebading 2: kl. 18:15 - 19:00
Vaksenbading: kl. 19:00 - 19:45

Takk for meg – og lukke til vidareEtter mange år som svømmeskuleansvarleg og trenar i symjeklubben har eg teke valet om ...
13/01/2026

Takk for meg – og lukke til vidare

Etter mange år som svømmeskuleansvarleg og trenar i symjeklubben har eg teke valet om å fratre alle mine verv.

Eg ønskjer først og fremst å takke alle trenarar, badevakter og foreldre som stiller opp for barna og ungdomane våre. Det frivillige arbeidet som blir lagt ned, er heilt avgjerande for tryggleik, meistring og idrettsglede i vatn.

Engasjementet mitt i symjeklubben og bassengsaka har vore rollebasert og fagleg forankra – ikkje eit personleg prosjekt, men eit arbeid for symjeopplæring og tryggleik i vatn for heile lokalsamfunnet.

For meg har dette arbeidet alltid hatt ein naturleg samanheng med det eg møter i yrket mitt som redningsdykkar: førebygging, tryggleik og respekt for vatnet. Symjeopplæring er ein grunnmur – både for idrett og for liv.

Eg har hatt stor glede av å få bidra til dette arbeidet over tid, og har tru på at klubben vil halde fram det viktige arbeidet vidare, med mange gode krefter i sving.

Takk for samarbeidet, innsatsen og engasjementet 💙🌊

Vegard

Me prøver og få i gong ei ny «ungdomsgruppe» på nyåret. Me har nokon få som ynskjer dette men me skulle gjerne hatt noko...
24/11/2025

Me prøver og få i gong ei ny «ungdomsgruppe» på nyåret. Me har nokon få som ynskjer dette men me skulle gjerne hatt nokon fleire. Dette skal vera eit lavterskeltilbud men det krev at deltakarane meistrar crawl og rygg symjing.

Treningane vil vera variert med både teknikk, utfoldenhet, hurtighet, mobilitet, tøying og ballspel på programmet.

Har du ein ungdom i heimen som er 12 år eller meir og som:

1️⃣ Er treningsvillig
2️⃣ Har fullført symjedyktighetsmerket og meistrar crawl og rygg symjing
3️⃣ Har lyst å bli ein god symjar
4️⃣ Likar å trena i lag med andre og ha det kjekt i lag

Send e-post med påmelding til: [email protected]

Treningstider blir Torsdager 1830 - 1915, fyrste trening 5 januar forutsatt nok påmeldte.

Maks 8 deltakarar.

HITTEGODS I BASSENGET – KJENNER DU IGJEN NOE?Symjeklubben Tysnes har samla saman alt hittegods som har dukka opp i basse...
19/11/2025

HITTEGODS I BASSENGET – KJENNER DU IGJEN NOE?

Symjeklubben Tysnes har samla saman alt hittegods som har dukka opp i bassengområdet den siste tida. No håpar vi at eigarane tar ein titt og hentar det som er deira.

🕒 Når kan du sjå gjennom hittegodset?
Under offentleg bading mandager og fredager. Henvend deg i luken.

Hjelp oss gjerne å spre ordet! 🙏💦

🌊 Vil du bli badevakt på offentleg bading på Tysnes? 🏊‍♀️Tysnes Symjeklubb treng ein ny badevakt til den offentlege badi...
28/10/2025

🌊 Vil du bli badevakt på offentleg bading på Tysnes? 🏊‍♀️

Tysnes Symjeklubb treng ein ny badevakt til den offentlege badinga i symjehallen.
Det er bading to gongar i veka – måndag og fredag – med tre puljar:
👨‍👩‍👧 Familiebading 17.30–18.15 og 18.15–19.00
💦 Vaksenbading 19.00–19.45

Vi har ei fin gjeng med frivillige badevakter – nokre har vore med i mange år, og andre er heilt nye. No treng vi ein til for å få vaktlista komplett fram til påske.

👉 Du treng gyldig livredningsprøve.
MEN – om du ikkje har det, kan vi ordne dette lokalt dersom du har god og aktuell førstehjelpskompetanse, til dømes frå offshore-jobb eller liknande.

💧 Vi ser for oss at du tek om lag 6 vakter fram til påske.
Det er varmt (34 grader!), sosialt og kjekt, og du får vere med mange glade folk som set stor pris på tilbodet.

Vil du vere med, eller vil du vite meir?
Send oss ei melding her på Facebook, eller ta kontakt med Sabine på 48341105! 🙌

🏊‍♀️ Offentleg bading startar opp att! 🏊‍♂️Endeleg er ventetida over – denne veka opnar me dørene for ny badesesong! 🥳 F...
14/10/2025

🏊‍♀️ Offentleg bading startar opp att! 🏊‍♂️

Endeleg er ventetida over – denne veka opnar me dørene for ny badesesong! 🥳 Fyrste bading blir fredag 17. oktober, og me gler oss til å sjå både små og store i bassenget igjen.

Me treng fleire badevakter! Ynskjer du at den offentlige badinga skal starta opp igjen no til hausten? Då er me avhengig...
18/08/2025

Me treng fleire badevakter! Ynskjer du at den offentlige badinga skal starta opp igjen no til hausten? Då er me avhengig av fleire som kan vera med å passa på. Alle badevakter får opplæring i livredning og basal førstehjelp. Ta kontakt her på sida eller på epost [email protected] dersom du er interessert i å bli badevakt i symjeklubben.

Minner om opningstidene offentlig bading
08/11/2024

Minner om opningstidene offentlig bading

10/05/2024

Grunna svært låge besøkstall på offentlig bading runder me av publikumsbading for denne sesongen.

Adresse

Peralivegen
Tysnes
5680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes Symjeklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Tysnes Symjeklubb:

Del