Vang Frivilligsentral

Vang Frivilligsentral Drivkraft for frivillig verksemd i Vang. Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn!

Frivilligsentralen skal vere drivkraft for frivillig verksemd i Vang, med visjonen "Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn". Vi har som mål å

1: Førebygge einsemd og bygge fellesskap på tvers av alder, kultur, bakgrunn og interesser.

2: Vere eit bindeledd mellom frivillig, offentleg og privat sektor, og ein støttespelar for frivillige lag og andre arrangørar.

3: Inspirere lokals

amfunnet i arbeidet med bærekraft, mangfald, solidaritet, likestilling og inkludering. kulturarrangement, øvingskøyring, middagsservering, BUA Vang, Aktive saman, TV-aksjonen og ulike prosjekt knytt til frivilligheit, integrering og kultur.

Ønskjer du å bidra til noko av dette, eller har andre idear - ta kontakt! Sentralen held til saman med biblioteket på Vangstunet. Du er hjarteleg velkomen innom for å slå av ein prat, elles når du dagleg leiar Marte Tangen på [email protected] og på 46816473.

08/06/2026

Neste måndag kjem Fenriken til Vangshallen, du kan lese meir om dett på sida til Futurizing Vang 👀

Oioioi som vi gler oss til Vesle-Vinje 2026 utanfor Vangstunet på laurdag!!! 🤩 Her er programmet, les meir i eventet:12:...
28/05/2026

Oioioi som vi gler oss til Vesle-Vinje 2026 utanfor Vangstunet på laurdag!!! 🤩 Her er programmet, les meir i eventet:

12:00 Opning ved elevar frå barnekoret i Vang Kulturskule og ordførar.
12:15: Ridge Valley Globetrotters
13:00: Høgtlesing for store born
13:30: Høgtlesing for små born
14:00: Det Andre Teater
15:00: Quiz med Aasmunds kvissmeistarar
15:45: Premieutdeling
16:00: Takk for i dag!

Velkomen til Sjakk med Dag og Rune! ♟️Fredag 29. mai kl 14-16 blir det sjakk med tips, triks og gode sjakktrekk på Vang ...
25/05/2026

Velkomen til Sjakk med Dag og Rune! ♟️
Fredag 29. mai kl 14-16 blir det sjakk med tips, triks og gode sjakktrekk på Vang folkebibliotek. Me spelar, lærer av kvarandre og tek ein kaffe. Våre trufaste sjakkspelarar ynskjer få med fleire som er nysgjerrig på sjakk, som kan litt sjakk eller som er god i sjakk! Her er alle velkomne 🥰

Velkommen til Generasjonstreff med babysang, tysdag 26. mai kl 11-13 i Fjordstøga på Vangsheimen! 👶Generasjonstreffa er ...
21/05/2026

Velkommen til Generasjonstreff med babysang, tysdag 26. mai kl 11-13 i Fjordstøga på Vangsheimen! 👶
Generasjonstreffa er eit samarbeid med Kyrkja i Vang og blir leia av kyrkjelydspedagog Anne Mette Thoresen og organist Kateryna Persysta.
Her kan alle velkomne, både med og utan baby, samt med og utan songstemme 😇
Enkel traktering.

Det er håp – håp for alle epletre i Vang! 🍎🌳🍏Det fekk 13 lærenemme vangsgjeldingar bekrefta av Tanaguil Enzenberger, då ...
07/05/2026

Det er håp – håp for alle epletre i Vang! 🍎🌳🍏
Det fekk 13 lærenemme vangsgjeldingar bekrefta av Tanaguil Enzenberger, då ho for nokre veker sidan geleida oss gjennom korleis beskjære eit frukttre. Fleire av desse hadde tre i hagen, både gamle store tre med tjukke greiner og kvistar, men også yngre tre der det var kun ein liten kvist på stammen med antyding til blad på. Men ifølge Tanaguil så er det håp for alle tre.

Om ein ser på før og etter bilete av epletreet ved Vangstunet, så ser ein på førbildet kvistar som står rett opp. Desse vert kalla vannskudd, og skal kuttast vekk. Når me beskjær epletrea vil me ikkje oppmuntre til kraftig oppovervekst, men ha kvisten til å vekse utover eller henge nedover. Slik vert det mest mogleg blome og frukt.

For å få det til, bør ein lære seg forskjell på fruktspore og bladspore. Kvistar som veks rett oppover, skjær ein ned på ein eller eit par blad. Då stansar oppoverveksten, og det kan hende at kvisten utviklar fruktsporer. Kvistane med fruktspore som skal blomstre og gje frukt, tek me sjølvsagt vare på. Med alle kvistar er ei vurdering av kor lange og kraftige dei er, og kvar veg me vil at kvisten skal vekse.

Så etter ei vurdering beskjærer ein oppoverstrebande kvist etter fyste, andre, tredje bladknopp, og vel ein knopp som vender den vegen der me ynskjer ny vekst. Og skulle det ikkje bli heilt rett, kan "feilen" rettast opp att ved neste beskjæring.

(Sjå på bildene før beskjæring, under beskjæring, fruktspore, og resultat etter beskjæring).

Tusen takk til Tanaquil for ein lærerik ettermiddag der me fekk svar på spørsmål, gode råd og tips om korleis få fine epletre i hagen. 🍎🤩🍏

Framleis nokre ledig plassar på kurs i Beskjæring av frukttre i morgon onsdag kl 17! Gi beskjed til biblioteket@vang.kom...
28/04/2026

Framleis nokre ledig plassar på kurs i Beskjæring av frukttre i morgon onsdag kl 17! Gi beskjed til [email protected] // 613 69 426 om du vil slenge deg med 🌳🫐🍏🍒🍇

Om lag 200 plagg fikk nye eigarar på klesbyttedagen på laurdag 👗👖👔 Det er framleis mykje igjen, og no er det berre å kom...
21/04/2026

Om lag 200 plagg fikk nye eigarar på klesbyttedagen på laurdag 👗👖👔
Det er framleis mykje igjen, og no er det berre å komme og forsyne seg! Kleda heng t.o.m. fredag 24. april og er tilgjengeleg i Vang folkebibliotek og Vang Frivilligsentral si opningstid, som til saman er:
måndag/tysdag: 11-19
onsdag/torsdag/fredag: 10-16

Tusen takk til frivillige Kine Kvannefoss som er byttegeneral for 4. år på rad, og som saman med ungane sine gjer all den praktiske jobben med byttedagen! Vi er imponert over kor kjapt galleriet blir forvandla til klesbutikk 👏 Det var om lag 80 personane innom på laurdag - der det også vart servert suppe frå Nåløye 🥰

Adresse

Tyinvegen 5151
Tyinvegen
2975

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vang Frivilligsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vang Frivilligsentral:

Del