Foreningen TrysilPride

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Foreningen TrysilPride Forening TrysilPride er en ny forening med formål å fremme mer åpenhet, synlighet, mangfold og aksept i lokalsamfunnet i og rundt Trysil

20/09/2026

Her kommer appellen fra Siri Ølness :

Eitt par fine ord om Trysil og oppmøtet, at det er ei liten plass nett som der eg veks opp utan at det var nokon pride der. Då eg vokste opp.

Eg hugsar sjølv korleis det er å ikkje ha språket for å forstå seg sjølv, men å i det minste forstå at ein kanskje ikkje fell inn under den normen som den gong då var eitt premiss for å oppleve tryggleik. Eg veit korleis det er å forsøke å tilpasse seg, maskere og gå på akkord med seg sjølv for å få eitt snev av tilhøyrsle. Ein forsøker gjerne å gå i heilt motsatt retning i eitt slags krampetak. Litt fordi det er historia vi alle får høyre frå vi er to eplar høg- litt fordi det er forventa, litt fordi eg ikkje hadde kunnskap, representasjon og eitt skeivt samfunn rundt meg.

Og er eg eigentleg skeiv nok? er eg eigentleg trans nok? Eg hugsar seine nattetimar der det ikkje er nokre lydar, der det ikkje er nokon måte å distrahere meg sjølv- der eg blir konfrontert med meg sjølv, og der eg forsøker å få vekk kløen, steinen i skoen som eg alltid har gått med. Som har gjort at eg har vore livredd for å bli gjennomskua, og har gjort at ein listar seg kor en enn går. For det eg ikkje forstår, og for skammen for det eg ikkje tør å plukke på. Ein forsøker å finne svar på nettet. Nokon seier det berre er ei fase, nokon seier det er ein mental sjukdom, nokon seier ein må vite at ein er fødd i feil kropp før ein kan gå. Ein språkleg forenkling av eigen sjølvforståing som ikkje legg til grunn kor vanskeleg det er å forstå seg sjølv i eitt samfunn som er besatt på å gje deg eitt slags kart og ein mal til å være vellykka. Gå på skule, få utdanning, få kjærast av eitt anna kjøn, kjøp bustad, gifte seg og få barn. Eg såg ikkje ut som dei få transpersonane eg såg i media. Eg hadde ikkje dei same interessene, det same uttrykket eller den same historia. Og då byrja eg å lure: Er eg for seint ute? Er eg trans nok? Og dessutan er eg ikkje “fødd i feil kropp”, det er ikkje noko galt med kroppen min, kroppen er ikkje feil. Kroppen er min.

Eg er ikkje mentalt sjuk- Eg er berre utanfor den standarden det cis-heteronormative tvingar meg til å være. Eg har levd lenge nok til å vite fasen er med meg resten av livet

Som det står i null hypothecis med c; Når du tilbringer nok tid sammen med skeive, snakker med hverandre, deler erfaringer, mimrer, forteller historier, klager over alle de irriterende tingene Ulvetimen gjer, setter ord på dine eigne opplevingar og lytter til deiras. Og finner de små stikkene av gjenkjennelse som endelig forsikrer deg om at det ikke var noe unikt ved din egen lille hjerne, byrjar du å sjå fellestrekk.
Gjentakende temaer. Motiver. Visse historier som blir fortalt om igjen og om igjen gjennom livene våre med ulike sjangre, omgivelser og hovedpersoner, men uten at sjølve handlinga endrer seg.

I dag bur eg i Oslo saman med partnaren min, og eg jobbar som blikkenslagar. Det høyrest kanskje heilt vanleg ut og det er nettopp poenget. Eg fekk ikkje eit nytt liv fordi eg blei ein annan. Eg fekk meir rom til å vere den eg alltid var.

Vi er ikkje same og heilt like. Vi har ikkje same erfaringar, tryggleik, kroppar, kjærleikar eller høve. Pride er ein fest og eitt løfte om at ingen av oss skal måtte forhandle om retten til å vere trygge, synlege og heile menneske.

Eg treng ikkje at alle forstår alt ved livet mitt. Men eg treng at dei respekterer at eg er her. At vi er her. Og at ingen av oss er frie før vi alle kan være fri. Mennesker har ingenting å tene på å bli reduserte til spaserande kjønnsorganar.

Det som skjedde rundt Moss Pride minnar oss på at solidaritet er bærebjelken i den skeive rørsla. Når ryggmargsrefleksen til den skeive rørsla mobiliserast kan vi flytte fjell. Solidaritet er å seie at det ikkje finst nokon Pride utan transpersonar. Eitt fellesskap blir ikkje sterkare av å be nokon av oss om å være mindre seg sjølv, stille eller halde seg heime.

Pride kan vere farleg. Vi veit det frå London Pub i Oslo. Vi veit det frå Berlin i sumar. Når skeive samlast i gatene, er det framleis nokon som meiner at synlegheita vår er ei provokasjon. At kjærleiken vår, kroppane våre og livene våre er noko ein kan true, hate eller angripe.
Det er ikkje lenger overraskande når det skjer eitt angrep- Det er forventa. Ord blir til haldningar- haldningar blir til handlingar. Hundefløytar og ekstremisme får bein å gå på av politikarar og media som er med å normalisere og legitimere ekstremisme i eitt slags platt og kunnskapslaust forsøk i å “balansere”.
Svaret vårt kan ikkje vere at vi blir mindre synlege. Svaret kan ikkje vere at transpersonar skal bli bedne om å tone seg ned, at lesbiske, homofile og bifile skal vere stille, eller at interkjønnpersonar, ikkjebinære, aseksuelle og alle andre skal vente på tur til å få høyre til. At enkelte delar av beveginga blir reduserte til parasittar, skadedyr og andre folkemordslege begrep.

Vi må ivareta dei trygge romma vi har. Vi må respektere namn og pronomen, vi må gjere pride større enn

20/09/2026

Takk alle som har bidratt med at TrysilPride 2026 kunne gjennomføres! ❤️🏳️‍🌈

Ekstra takk til Julie Tone Berg, Siri Ølness, Silje Lans Pedersen og ikke minst Turid Backe-Viken for fine appeller og ord. Og dyktig hjelp.

Pride er både protest og fest. I flere måter er Trysil kommune "stavtaket foran" også når det gjelder mangfold og inkludering.

Jeg synes at det er dermed veldig fint å kunne faststelle at vi kan legge på Pride som fest i Trysil samt en hand til alle som behøver det.

Ingen er fri før alle er fri ! Og i Trysil er det mulig!

Takk! 😘

Vi ses september 2027 !

❤️
28/08/2026

❤️

Hvil i fred, kong Harald. Takk for alt.

Takk for din raushet, omtanke og varme. Din tale fra 2016 var, er og vil i fremtiden være svært viktig for mange. Din gjerning som folkets konge inkluderte på best mulig måte minoriteter - og med ordene "Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre" gikk du foran og viste vei for et samfunn som skal ha plass til alle. Tusen takk for alt.

Hvil i fred.

Vi sender vår kondolanse til hele kongefamilien.
💔

FRI Agder, FRI Oslo og Viken, FRI Rogaland, FRI Troms og Finnmark, FRI Innlandet, FRI Vestland, Fri Møre og Romsdal, FRI Nordland, FRI Vestfold og Telemark, FRI Trøndelag.

27/05/2026

Årets TrysilPride skal avholdes i år 19. September!!
Dette av organisatoriske grunner.

Nytt Pridene omkring!🏳️‍🌈🏳️‍🌈🏳️‍🌈🏳️‍🌈

Følg gjerne FRI Innlandet for en oppdatert pride kalender!

Lisanne 🥰🏳️‍🌈

22/02/2026

Hej alihopa!

Lite nyheter, informasjon (og en opprop)

Vår 5. TrysilPride skal avholdes lørdag den 19. september 2026. Dette både fordi jeg har litt ond om tid om våren og i september blir det eventuelt mulig å samkjøre med TQFF om kommunen bestemmer at det blir, noe som skulle kunnen gjøre 5 års jubileum ekstra festlig.

Vi har ikke kjørt skeiv kafe mer siden første året i 2022. Dette er tidskrevende å sette opp og jeg har lettet etter en alternativ i form av en egen TrysilPride Discord server.

Fordelen er mange. Man kan delta anonymt i seg, eller velge være åpen. Dette tilbyr også muligheter til våre kjære sesongarbeidere å blir kjent med skeive i Trysil. Hytte Tryslinger kan blande seg med fastboende og utflyttere kan holde kontakten.
Samtidig er det ingenting i vei for medlemmene å organisere IRL (I det ekte livet) sammenkomster.

Planen er å få Discord serveren aktiv føre påske, men det er mye jobb og det er viktig å sikre sikkerheten å holde uønsket folk ute. Så derfor leter jeg etter noen som kan være med på utviklingen til å få plass det siste. Og senere være med i moderering og videre utvikling av serveren.

Har du lyst å være med å hjelpe til med Discord serveren, ta kontakt via DM eller [email protected]

Adresse

C/o Tenaasveien 434
Trysil
2420

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Foreningen TrysilPride legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Foreningen TrysilPride:

Snarveier

Del