Oppdatert 11-2024 ved Kristin Hestmann Vinjerui
Litt meir om barnehagen og skulen Bright Future
Bright Future er ein barnehage og skule i Ajumako Techiman, Central Region, Ghana. Barnehagen husar ca 200 born i alderen 1-6 år og skulen frå 1. Det er rektor og assisterande rektor, sju lærarar, ein kokk og assistent og ein reinhaldar med assistent. Mange har jobba for oss over fleire år, nokre av dei yngre har sjølv gått i barnehagen! Vi stør løn, men klarar endå ikkje by dei ghanesisk minsteløn. Vi er dermed uendeleg takknemlege for innsatsen dei legg ned i barnehagen og skulen. Prosjektet med å bygge og drive barnehagen starta i 2001, då Vest-Telemarkingen Kristin Hestmann Vinjerui var i landsbyen som frivillig. På den tida haldt barnehagen til i eit stort, men uferdig (kyrkje)bygg. Det bestod av fire veggar, taket mangla og golvet var raud jordsand. Det var nokså trasige forhold og endå verre i regntida. Ein dag i barnehagen bestod i å sitte 60 born klemt inn på tre trebenker i fem timar, med muntleg gjennomgang av alfabet, rim, regler, telling til hundre på engelsk og salmesang. Barnehagen var fullstendig utan leiker. Etter nokre veker med kultur- og kommunikasjonstilpasning, kom Vinjerui til å forstå at det nye huset som barnehagen blei sagt å skulle flytte inn i snart, ikkje fanst, men var eitt ønske. Vertsfar hennes i landsbyen, Mr. Anokye, gav ho då ei urydda tomt mot at ho lova å samle inn pengar til å bygge ein ny barnehage. Dette var starten på barnehagen BFPS! Bygginga av BFPS starta i 2001 og allereie i 2002/03 var hovudbygget ferdigstilt (oppussa, inkludert takskifte 2018/2019). Dette har vore i bruk sidan då. Bygget består av tre klasserom, eit kontor og eit lager. Sidan kom vasskran (2003), slik at skulen har tilgang på reint vatn, deretter utbetring i form av: toalettanlegg (2007/08), kjøkken (2013, oppussa 2018) , brønn for å sikre vatntilgang (2013, 2017) og prosjekt stimulerande leikeplass (2014, oppussa 2019), tilbygg for småbarn (2015, oppussa 2021), matsal (2016) og gjerde (2017). Oppretting og bygging av grunnskulen, kom til på initiativ frå foreldre og eldreråd. Det gjerast kontinuerleg vedlikehald/oppussing og dei siste åra, har dei større prosjekta òg vore retta mot vedlikehald, enn nybygg, som i 2022, med investering i nye pultar, stolar og leikeutstyr, og i 2023, då skulebygga, dører og vindauge, vart reparert og måla på ny. Motto vårt er "Trygg og sunn læringsarena", og fokuset er på bornas sikkerhet, trivsel, ernæring og hygiene, slik leggast grunnlag for god læring. Noko av det viktigaste vi tilbyr, er eit varmt, proteinrikt måltid til lunsj og vi har eiga kokk. For nokre av borna, er dette det einaste sikre måltidet i løpet av ein dag. Vi sette inn ekstra hygieniske tiltak i høve ebola-epidemi i 2014 og covid-pandemien "år 2" (2021). I 2020 var skulen stengd grunna nasjonale retningslinjer, men med støtte frå givarar i Noreg, gjennomførte vi matutdeling fleire gonger og heimeskule, når det vart mogleg. Barnehage og skule drivast i tett samarbeid med foreldre, lærarar og eldrerådet i Techiman, mogleggjort ved våre lokale adminsitratorar Patrick MacAidoo og Amos Ato. Dei største givararne over tid har vore frå studentar og tilsette ved Vest Telemark vidaregåande skule, gjennom ein årleg Solidaritetsaksjon. Nær alle større prosjekt nemnd under avsnittet om bygging, er støtta av Vest-Telemark vidaregåande skule! Elles har det vore private givarar; familie, kollegaer og venners venner. Vi ønsker sterkt fleire faste givarar, alle summar tel! Kontonummer 26303350348 - eller VIpps 86293 ved høve.