14/09/2025
Årets Sjønær Festival 2025 vart i år også ein suksess, med nydelig vær, gode opplevelsar, hyggelig folk og god atmosfære.
Det er fjerde året vi har festivalen for oss som er litt ekstra interessert i havet, enten det er under, på eller ved havet. Vi var ein god gjeng med påmeldte, både lokale og tilreisande som møttest på fugleøya Runde i havgapet i Herøy kommune.
Festivalen starta fredagen med velkomst, foredrag av Erle og Johannes frå Runde Miljøsenter og Opplev Runde, og første kvelden avslutta med sosialt samvær og nydelig god mat og drikke frå kjøkkenet til Opplev Runde på Miljøsenteret.
Etter ei god natts søvn enten i leiligheitene på Miljøsenteret, eller i medbragte bobilar, så starta vi laurdags morgen med morgenyoga med Anine Leine Lerø for å få kroppen i gang, så vi fekk energi for ein aktiv dag med kjempegod frokost, igjen frå kjøkenet frå Miljøsenteret.
Vi var då klar for ei aktiv dag, der ein enten valgte dykking (fridykking eller flaskedykking) med båt, fridykkerkurs, coastering eller kajakktur. Båttur med både flaskedykkera og fridykkarar gjekk med tre båtar først til Grasøyane der vi fekk oppleve sel tett på. Det er ei fantastisk oppleving når du blir oppsøkt av sel og du får han tett inn på kameralinsa, dette må berre opplevast :)
Ved endt seldykk, gjekk vi vidare til sjølvaste Rundeskatten, Akerendam, der vi fann kanonene og fekk då oppleve kanonene som har vore her sidan Akerendam gjekk ned her ved Runde ved ein storm i 1725.
Etter to dykk den dagen gjekk vi innom grottene for ein sightseeing tur på tilbaketuren. Her var det faktisk fine forhold for å gå inn, men det var seint på dag, så her nøydde vi oss med ein liten ekskursjon i grottene med båt før vi gjekk tilbake til havna med båt for å få oss lunsj.
Etter ein god lunsj på Miljøsenteret og ein lang dag på sjøen, var det klart for Aftersea, der det var behagelig å sette seg ned å høyre på veldig interessante foredrag og livshistorier frå likesinna foredragsholderar. Her fekk vi høyre inspirerande livshistorier frå fridykker og gullmedaljevinner Mari Aarbø, reiseguide og kayakkentusiast Kim von Groningen (Kayakkim), marinbiolog og fridykker Erle Smedbold, og til slutt men ikkje minst pådrivarar for verning av fjordar i Swim4Fjords, Dan-Willy og Ingjerd H. Haarstad, som blant mykje anna er havsvømmerar og fridykkera.
For dei som ikkje hadde vore med på helgas uteaktivitetar, var det også muligheit til å melde seg på Sjønær Aftersea, med foredrag og middag for dei som var interessert i å vere med likesinna og å høyre om historier om og rundt havet.
Kvelden vart avslutta med nydelig god mat og drikke frå Opplev Runde, også med nydelige vegarrettar, og med sosial samling i ei fin atmosfære på Miljøsenteret på Runde ved havgapet.
Søndagen, siste dagen av Sjønær, starta med morgenyoga med Janine Müller; ein perfekt måte å starte dagen på, etterfulgt av nydelig frokost før dagens aktivitetar starta. For dei som var påmeldt Sjønær Festival var det avgårde på dagens aktivitetar, enten båttur med fridykking, flaskedykking, coastering eller kayakktur. For dykkerane var det igjen stemning for meir dykking med sel, her ville fleire også oppleve dette skuet. Men først ville vi på veg dit sjekke om grottene hadde fortsatt dei fine forholda som dagen før, men sjølv med same vindretninga som dagen før, så hadde bølgene andre planar, så då gjekk turen vidare til Grasøyane der vi fekk ein kjempeflott dag med dykking i fantastisk fin tareskog i lag med sel. Etter ein flott opplevelse så gjekk turen tilbake til Miljøsenteret for utstyrsskylling, mingling og god pizzalunsj.
Sunday Funday, er også dagen der folk i alle aldrar som vil ha ein smakebit av aktivitetar i og rundt havet kjem til Sjønær. Her kan dei som vil prøve fridykking, coastering, funballz, SUP, fjørevandring og kajakk, heilt gratis. For alle som var med aktivitetar venta det også gratis pizza. Ein kunne også nyte gode kaker, is, kaffe og drikke frå kiosken på Miljøsenteret.
Vi takkar alle bidragsytarar, tilreisande, gode hjelparar, påmeldte og besøkande for ei kjempebra helg. Vi håper vi sjåast igjen til neste år! For vi har allereide starta med å planlegge neste års Sjønær, det blir også første helga i september, 4.-6. september 2026! :)
Link til websida for Sjønær - Festivalen Over og Under Havet er i kommentarfeltet.
Foto og video av:
Joe Voldsund
Marko Polter
Rune Emil Sjøvangen
Endre Fuglseth
Kim van Groningen (Kayakkim)
Johannes Madsen
Lisa Bendal
CecilElisabet Nerbø
Bjørnar Torvholm Sævik
Sygni Johansen Røsbø
Takk til Sunnmørsbadet som stilte med Funballz og hjelparar og til BUA Herøy som stilte med SUP (Stand Up Paddle) brett :)