Sykkylven Røde Kors

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Sykkylven Røde Kors Sykkylven Røde Kors er en frivillig organisasjon og består av Lokalforening, Hjelpekorps, Omsorg med besøkstjeneste og Beredskapsvakt.

Fredag 4.sept var det klart for ein ny kafe på Pensjonistsalen. 9 driftige damer dekka bord, pynta, kokte kaffi og fiksa...
06/09/2026

Fredag 4.sept var det klart for ein ny kafe på Pensjonistsalen. 9 driftige damer dekka bord, pynta, kokte kaffi og fiksa gode rundsykker. Heile 72 kom og ville vere med ! Det er bebuarar på Buas, begge dagsentera, dei som er tilknytta Heimetenesta og pårørande som vert invitert. Denne gongen var det duoen "Å du og du" som var med og spelte. Alle kosa seg. Og mange kjøpte lodd. Ein av gjestane leste dikt.Det vart som vanlig tid for litt dans på slutten.

I dag hadde vi invitert til aktivitetsdag på Hundeidvik familiepark. Heldigvis fann regnet ut at det skulle ta ein pause...
06/08/2026

I dag hadde vi invitert til aktivitetsdag på Hundeidvik familiepark. Heldigvis fann regnet ut at det skulle ta ein pause medan vi var der.

Over 70 barn og vaksne fikk seg ein kjekk dag i parken. Mykje kjekt å gjere på her. Vi serverte pizza og drikke til lunsj.

Takk til bl.a. Sykkylven Stål for støtta til denne dagen.

25/07/2026

Sykkylven Røde Kors inviterer til gratis aktivitetsdag for barn og unge(0-16 år), saman med foreldra, torsdag 6. august 2026 kl. 1200-1600. I år blir dagen på Hundeidvik familiepark. Oppmøte der frå kl. 1200.

Pizza til lunsj.
Minigolf er inkludert.
Vi har plass til 50 stk., inkl. barn og vaksne. Om det blir fleire påmelde, må vi gjere eit uttrekk.

Påmelding på sms til Geir Olav Øien, mob 41314577, seinast søndag 2. august.

https://hundeidvik.no/hundeidvik-familiepark/

I dag var dagen her for vår årlige busstur i Røde Kors Omsorg. Vi møtte opp på Buas for å hjelpe til med å få deltakaran...
12/06/2026

I dag var dagen her for vår årlige busstur i Røde Kors Omsorg. Vi møtte opp på Buas for å hjelpe til med å få deltakarane inn i dei ulike minibussane. 45 påmeldte frå dagsentera, bebuarar på Buas m.fleire var veldig klare til tur! Målet var Orreneset, og 3 dyktige sjåførar fekk oss dit fram. Der blei vi møtt av eit hyggelig vertskap. Einane Trio var også på plass for å lage god musikalsk stemning. Vi var alt i alt 59 stk som samla oss rundt borda.Etter litt musikk og allsang, var det tid for nydeleg lapskaus. Praten og kosen var upåklageleg ved borda. Under kaffien fekk alle utlevert kvart sitt lodd, og 8 heldige vinnarar fekk med seg premie heim. Vi feira ei av Omsorgsdamene som nettopp hadde fylt 80 år. Dagen blei avslutta med litt meir musikk og sang. Og til slutt eit par melodiar, der den som ville, kunne få ta seg ein svingom. Alle var svært fornøgde med dagen og turen ! Tusen takk til dei som var med på å gjere dette til ein kjekk dag for så mange❤️

I går 24.april sto nok ein kafe i Pensjonistsalen på agendaen. 13 raudkledde damer var klar til å pynte og dekke på bord...
25/04/2026

I går 24.april sto nok ein kafe i Pensjonistsalen på agendaen. 13 raudkledde damer var klar til å pynte og dekke på borda, smøre mat og koke mange kanner med kaffi. Då klokka var der, hadde 68 frammøtte funne plass ved borda. "Husorkesteret" vårt Einane Trio, spelte flotte melodiar, og fekk alle med på allsangen. Praten gjekk, og stemninga steig rundt i salen. Loddsalget er populært, og mange fekk med seg fine gevinstar. På slutten av kvar kafe har vi no begynt å danse, og fleire svinga seg på golvet. Nok ein veldig vellukka kafe !

På årsmøtet til Sykkylven Røde Kors fikk Heidi Josefsen og Trygve Ebbesvik tildelt Fortenestediplom med nål for sin inns...
14/03/2026

På årsmøtet til Sykkylven Røde Kors fikk Heidi Josefsen og Trygve Ebbesvik tildelt Fortenestediplom med nål for sin innsats.
Vel fortjent og gratulere til begge. Dei er uvurderlige ressursar for lokalforeiniga vår.
Gratulere også til nyvalgte i styret og i lokalråda og tusen takk for innsatsen til dei som gikk ut.

Nok ein vellukka kafe på Buas i dag🥰 11 Omsorgsdamer møtte på morgonen for å pynte salen i vårlige fargar, smøre mat og ...
13/03/2026

Nok ein vellukka kafe på Buas i dag🥰 11 Omsorgsdamer møtte på morgonen for å pynte salen i vårlige fargar, smøre mat og koke kaffi. Heile 70 stk møtte fram! Og vi måtte sette fram fleire bord, og lage til meir mat.. "Trioen vår" sørga for det musikalske, og stemninga var veldig god ved borda. Bra loddsalg og fornøgde vinnarar. Fleire fekk svinge seg litt til slutt💃 Virkelig kjekt å lage til, når så mange kjem for å vere med på det vi arrangerer !!

På årsmøtet i Sykkylven Røde Kors i kveld fekk Trygve Ebbesvik tildelt Fortenestediplom med nål. Dette for sin flotte jo...
13/03/2026

På årsmøtet i Sykkylven Røde Kors i kveld fekk Trygve Ebbesvik tildelt Fortenestediplom med nål. Dette for sin flotte jobb med Migrasjon, aktiviteter for flyktningene, samt gode søknader for å skaffe midler til dette. Han har vore medlem i styret i 4 år. Tusen takk for innsatsen Trygve🥰

Nok ein vellukka kafe på Buas i dag🥰 11 damer møtte på morgonen for å pynte i vårlige fargar, smøre mat og koke kaffi. H...
13/03/2026

Nok ein vellukka kafe på Buas i dag🥰 11 damer møtte på morgonen for å pynte i vårlige fargar, smøre mat og koke kaffi. Heile 70 stk møtte fram !! Så vi måtte sette fram fleire bord, og lage til meir mat.. "Trioen vår" sørga for det musikalske, og stemninga var veldig bra ved borda🎵🎶 Bra loddsalg, og fornøgde vinnarar. Fleire fekk svinge seg på slutten💃 Virkelig kjekt å lage til når så mange møter fram🥰

Adresse

Haugneset 15
Sykkylven
6230

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sykkylven Røde Kors legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sykkylven Røde Kors:

Snarveier

Del