22/04/2026
I veke 43 blir det ny SOS Ukraina-aksjon på Haugalandet i regi av Open Heart og lokale samarbeidspartar. I Sveio betyr dette innsamling av klede og anna utstyr fredag 23. oktober (i Valevåg) og laurdag 24. oktober (på dei andre innsamlingsstadene). Søndag 25. oktober blir det storbasar i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn. Set av datoene allereie no, og start gjerne tidleg med å sortera klede og sko og pakka i sekker. Behovet er enormt etter meir enn fire år med krig. Dei fattigste har det alle mest vanskeleg, og særleg går det ut over barna. Difor er Open Heart sitt hjelpearbeid særleg retta inn mot barn og barnefamilier.
I Pinsekyrkja er førebuingane til årets storbasar allereie i gang. Barn på Supertirsdag har såleis vore med på å kløyva og pakka ved i 60-liters sekker. Veden - 21 sekker i alt, skal loddast ut på basaren saman med eit stort utval andre gevinstar. Pengane me får inn, går til innkjøp av matvarer og drift av matstasjoner over heile Ukraina.