NMS Gjenbruk Sunndalsøra

NMS Gjenbruk Sunndalsøra NMS Gjenbruk – eit skattkammer for deg som elskar gjenbruk og kloden vår

I dag har vi hengt mange varme gensrar. Nokre av dei er fotografert her. Arne
14/01/2026

I dag har vi hengt mange varme gensrar. Nokre av dei er fotografert her. Arne

Med dagens temperaturer kan det vere lurt å kjøpe seg varme klede hos oss....... og dette er berre litt av utvalget.
08/01/2026

Med dagens temperaturer kan det vere lurt å kjøpe seg varme klede hos oss....... og dette er berre litt av utvalget.

På første dagen i 2026 i butikken vil eg prøve å få fleire menn til butikken. Vi har fått inn gode arbeidklede, og sjølv...
02/01/2026

På første dagen i 2026 i butikken vil eg prøve å få fleire menn til butikken. Vi har fått inn gode arbeidklede, og sjølvsagt kan dei også brukast av damer.

Av og til er det viktig å få varene ut til rett tid. Denne julekjolen (str L) kom inn i dag. Har du eit uventa bruk for ...
29/12/2025

Av og til er det viktig å få varene ut til rett tid. Denne julekjolen (str L) kom inn i dag. Har du eit uventa bruk for kjole så kom innom før kl.15 i dag.

EKSTRA OPNINGSDAGAR I ROMJULA.Med god erfaring frå i fjor trur vi spesielt at det er ein del ungdomar på juleferie som g...
25/12/2025

EKSTRA OPNINGSDAGAR I ROMJULA.
Med god erfaring frå i fjor trur vi spesielt at det er ein del ungdomar på juleferie som gjerne vil oppsøke oss.
3. juledag laurdag 27.des kl. 12-15.
5. juledag måndag 29.des kl. 12-15.
Vanleg opningstid fredag 2.jan kl. 12-16.30
og laurdag 3.jan kl. 12-15.

Kanskje du skal gi eit gavekort frå NMS Gjenbruk til julegave i år. Når du kjøper brukte klede frå oss aukar du ikkje tr...
15/12/2025

Kanskje du skal gi eit gavekort frå NMS Gjenbruk til julegave i år.
Når du kjøper brukte klede frå oss aukar du ikkje trykket på kloden vår.
Når du gjev eit gavekort som julegave kan enda fleire bli miljøbevisste.
Ei undersøking frå Finn.no i haust viser at 9 av 10 nordmenn tykkjer det er greit å få gaver som er gjenbruk.
Våre gavekort kan brukast på alle våre 52 butikkar rundt om i landet, så mottakaren treng ikkje bu her.
Butikken her på Sunndalsøra har vanlege opningstider frå onsdag til laurdag denne veka.

STOR FEIRING PÅ GJENBRUK MED 50%.Klesbutikken NMS Gjenbruk på Sunndalsøra feirar 1-årsdag fredag 28. november.  Årsdagen...
27/11/2025

STOR FEIRING PÅ GJENBRUK MED 50%.
Klesbutikken NMS Gjenbruk på Sunndalsøra feirar 1-årsdag fredag 28. november. Årsdagen fell saman med markering av Grøn fredag så her blir det dobbel feiring.
Vi markerer dette med å selge alle varene utanom eigenproduserte lys til halv pris både fredag og laurdag.
Vi har hatt eit kjekt og spennande år. Vi merkar at det blir stadig fleire som vel å kjøpe brukt, både på grunn av pris og og for miljøet på kloden vår.
Vi merkar også at dei unge er meir bevisst på dette enn dei som er litt eldre.
Men dei fleste som jobbar i butikken er av naturlege årsaker pensjonistar.
Fenomenet GRØN FREDAG har kome som alterativ til Black Friday. Svartfarga er med på å auke kjøpepresset og salg av enda meir varer som kloden vår skal takle. Kvar gong du kjøper noko brukt i staden for å kjøpe noko nytt så reduserer du presset på kloden vår. I tillegg er du med og støttar gode prosjekt i fleire land på kloden, og vi som jobbar i NMS gjenbruk arbeider gratis. Pr i dag er vi 14 medarbeidarar i butikken på Sunndalsøra.
Det er kanskje ikkje så viktig med rabatt når våre prisar er så låg frå før. Men viss nokon har sett på eit klesplagg som dei tykkjer er for dyrt så kom igjen på desse to dagane.
Mest å spare blir det for den som kjem og kjøper brudekjolen som heng på veggen i butikken. På den andre sida er det kanskje ikkje så enkelt å finne seg ein brudgom på 2 dagar, men gjer gjerne eit tappert forsøk.

Ei dongeribukse skiller seg ut frå dei andre. Elles har vi 4 hyller fulle med heilt vanlege dongeribukser.
15/11/2025

Ei dongeribukse skiller seg ut frå dei andre. Elles har vi 4 hyller fulle med heilt vanlege dongeribukser.

Hausten er godt i gang, og mange likar å ta på seg ein varm genser eller jakke. Dei fleste som er fotografert her er hei...
12/11/2025

Hausten er godt i gang, og mange likar å ta på seg ein varm genser eller jakke. Dei fleste som er fotografert her er heimestrikka.

No er det tid for å kle seg for vinter både for store og små. I dag har vi lagt ut mange barneluer i butikken.
29/10/2025

No er det tid for å kle seg for vinter både for store og små. I dag har vi lagt ut mange barneluer i butikken.

Nokre glimt frå klesbutikken igjen. Kvar veke kjem det fram nye vinterklede.
18/10/2025

Nokre glimt frå klesbutikken igjen. Kvar veke kjem det fram nye vinterklede.

Adresse

Nordmørsvegen 31
Sunndalsøra
6600

Åpningstider

Onsdag 12:00 - 16:30
Torsdag 12:00 - 16:30
Fredag 12:00 - 16:30
Lørdag 12:00 - 15:00

Telefon

+4740445426

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når NMS Gjenbruk Sunndalsøra legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til NMS Gjenbruk Sunndalsøra:

Del