Sunde båtlag

Sunde båtlag Båtlaget med Vestlandets beste småbåthamn For leige av festlokale, kontakt Grete Karin tlf 90845063

Sunde båtlag er eit lag for båtinteresserte i området, men er i prinsippet ope for alle som ynskjer medlemskap (§1 i vedtektene) Standard båtplass 265 cm breidde, kostar Kr 48.500,-, Vi har fleire ledige plassar for sal.

14/02/2026

Hei. Det hadde vore fint om de som er nede og børstar snø av båt og kalesje, tar og måkar av bryggene samtidig. Blir mykje vekt av all den snøen. På forhånd stor takk.

31/12/2025

Me vil ønska alle medlemer, båtvenner samarbeidspartnarar og landkrabbar eit riktig Godt Nyttår. 🎉🚣🏼

07/12/2025

Hei. Er det nokon som har ein stor båthengar evt båthenger for traktor som tåler båt på 28 fot og ca 2,5-3tonn. Skal kun brukast til kort distanseflytting av båt.

02/10/2025

Uvær på veg.
Det er meldt mykje vind og regn dei neste dagane. På tide å ta ein sjekk i båten. Er fortøyningane strame og gode, virkar sjøllensinga, og er kalesjen skikkeleg på og tett. Betre å ta ein xtra tur idag, eller imorgon, slik at din båt har det greit også i storm og uvær. Og til hummarfiskarar, bruk vet og redningsvest, ta ingen sjansar. Ikkje risiker livet for den kardinalen, det er han ikkje verdt. God Helg.

Hei, har fått denne mld frå kommunen. Ikkje bruk vatnet til drikkevatn inntil vidare.
04/09/2025

Hei, har fått denne mld frå kommunen. Ikkje bruk vatnet til drikkevatn inntil vidare.

04/08/2025

Til båteigarar. Det er meldt sterk vind og mykje regn dei neste dagane. Anbefalar at alle som kan sjekkar fortøyningar, kalesjer og sikrar lause gjenstandar, før vinden kjem ikveld.
Så får me håpa at me står han av denne gongen og.

12/06/2025

Hei alle. Strålande vær er meldt og mange vil på sjøen i helga. Oppmodar alle til å parkera på bakken, då det skal vera stor feiring i båthuset, med mange eldre, og dei ønsker å parkera så nære huset det går an. Ver snill og ta hensyn til denne oppfordringa. God helg.

09/05/2025

Hei. Husk å ta i bruk den fine grøne bakken til parkering om du blir ute ein dag eller to. Der er mange båtar på land enno, og begrensa parkering. Nyt været og god tur.

Har du gamal båt du vil bli kvitt ? Viking gjenvinning hentar vederlagsfritt i heile Hordaland. Me har nett levert båt f...
08/04/2025

Har du gamal båt du vil bli kvitt ? Viking gjenvinning hentar vederlagsfritt i heile Hordaland. Me har nett levert båt for eit medlem. Veldig ryddig og greit. 👏👍

Hei, og godt nyttår. Det er kome mykje snø, så me oppfordrar alle til å måka snø av kalesjen mm. Ta med deg piasavaen, s...
04/01/2025

Hei, og godt nyttår. Det er kome mykje snø, så me oppfordrar alle til å måka snø av kalesjen mm. Ta med deg piasavaen, så måkar du litt av brygga også. Ein fin trim i nyåret. Og du unngår å få ødelagt kalesje som blir tynga ned av snøen. Er meldt mildare og regn i morgon, og då kjem vekta av snøen til å meir enn dobla seg. Men ver forsiktig, gå helst to ilag, så unngår me ulukker på glatta.
Fotograf Eskil K. Ersland. Takk for lån av bilde.

01/12/2024

BYGDAMØTE Ons 11.Des. Kl 17.30. I Båthuset.
Kommunen kallar inn til bygdamøte ad Områdereguleringsplan for Sunde. Møte er ope for alle, og det er viktig at Sundebuen møter opp og får orientering om kva denne planen inneber. Og ikkje minst at ein stiller spørsmål til dei som har arbeidd fram denne planen.
Vel møtt.

Hei. Er d nokon av våre medlemer evt andre og, som kan gjera seg nytte av dette brukte dusjkabinettet ? 90x90 cm, bua fr...
15/08/2024

Hei. Er d nokon av våre medlemer evt andre og, som kan gjera seg nytte av dette brukte dusjkabinettet ? 90x90 cm, bua front. Første mann til mølla får det. Må hentas snarast. Kontakt på tlf 40444762

Adresse

Vågsvegen 6
Sunde
5450

Telefon

915 15 175

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunde båtlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sunde båtlag:

Del