Stryn Ping-Pong Club

Stryn Ping-Pong Club Vestlandet si mest myteomspunne Herreforening. Arrangerer årleg Oktoberfest Stryn. Kva og kven er Stryn Ping-Pong Club? Og slik har det vore i snart tjue år.

Kardinal Kim-Rune Flo forklarer:

-Idéen om Stryn Ping-Pong Club vart til av en kompisgjeng rundt pingpongbordet på nattklubben Scala i kjellaren på Stryn Hotell heilt attende i 2004, fortel Flo.

-Og som det høver seg for ein herreklubb med respekt for seg sjølv, hadde Stryn Ping-Pong Club etter kvart både eit stiftelsesmøte og eit sett med vedtekter. I desse vedtektene sin paragraf 2 kan ein les

e at «Stryn Ping-Pong Club skal vere ein aktiv medspelar i å utvikle eit levande og godt lokalsamfunn gjennom å styrke det sosiale fellesskapet i nærmiljøet. Foreninga skal stimulere til auka frivillig innsats i eiga forening og i andre ideelle organisasjonar i nærmiljøet. Foreninga skal vere ein aktiv del av lokalsamfunnet og samarbeide med private og offentlege aktørar der dette kan bidra til måloppnåinga. Stryn Ping-Pong Club skal òg vere ein arena der nytilflytte og fastbuarar i nærmiljøet kan bli kjende med sambygdingar og knyte sosiale bånd med kvarandre». I dag tel SPPC omlag 70 aktive medlemmar. Og første fredag i kvar månad arrangerer medlemmane «First Friday» for kvarandre. Dette er ein fast møteplass for klubben sine medlemmar, der det einaste faste innslaget er at kvelden skal innehalde ein form for konkurranse der det skal kunne kårast ein vinnar.
-First Friday har vore arrangert kvar einaste første fredag i månaden sidan april 2004, og på SPPC sine heimesider har vi eit arkiv med referat frå alle arrangementa, samt ei oversikt over alle vinnarane. Dette har gitt oss mange historier å mimre over, og ikje minst skapt nokre legender blant klubben sine medlemmar, fortel Flo med eit glimt i auga. Det største arrangementet er likevel Oktoberfesten som SPPC har arrangert årleg sidan 2008, med unntak av koronaåra.
-Idéen om Oktoberfest Stryn kom etter ein tur med medlemmane til München. Og då vart vi einige om at viss dei klarer å få til noko slikt i München, skal vi no jammen klare det i Stryn òg, fortel Flo. Og det som byrja med eit enkelt laurdagsarrangement i 2008, har sidan vokse til eit arrangement som varar i tre dagar, med fest og moro for både store og små.
-I år legg 65 av SPPC sine medlemmar ned omlag 2000 dugnadstimar berre i samanheng med rigginga av festivalområdet. I tillegg kjem alle timane som går med til organiseringa og planlegginga av arrangementet resten av året.
-I desse tala ligg det ein enorm respekt for dei medlemmane i SPPC som år etter år har vore med på å bygge Oktoberfest Stryn til å bli det solide arrangementet det i dag er. Og alt dette gjer vi for at vi i SPPC skal vere ein medspelar for eit godt lokalsamfunn. Det være seg til frivillige lag og organisasjonar, òg for at Stryn skal kunne ha ein identitet som ei bygd der det er godt å bu og leve, avsluttar Flo.

💙 Rekordutdeling frå Stryn Ping-Pong Club 💙I går hadde vi gleda av å dele ut eit rekordstort beløp til lag, organisasjon...
05/06/2026

💙 Rekordutdeling frå Stryn Ping-Pong Club 💙

I går hadde vi gleda av å dele ut eit rekordstort beløp til lag, organisasjonar og gode tiltak i Stryn kommune.

Totalt deler vi i år ut 500.000 kroner – fordelt på 22 mottakarar.

For oss er dette noko av det viktigaste vi gjer. Gjennom arrangement som Oktoberfest Stryn og andre aktivitetar gjennom året blir det skapt eit overskot som kjem lokalsamfunnet til gode igjen.

Pengane som blir delte ut i år vil bidra til aktivitetar for barn og unge, kultur, idrett, frivillig arbeid, møteplassar og gode opplevingar rundt om i heile kommunen.

Årets mottakarar er:

🔹 Rand Ungdomslag – 35.000 kr
🔹 Stryn Musikklag – 10.000 kr
🔹 Stryn Klatreklubb – 30.000 kr
🔹 Stryn KFUK-KFUM Speidarar – 33.000 kr
🔹 Oppstryn Ungdomslag – 10.000 kr
🔹 Kontaktutvalet Olden og Oldedalen – 30.000 kr
🔹 Gildevangs Venner – 25.000 kr
🔹 Markane IL Orientering – 10.000 kr
🔹 Utvik Ungdomslag – 30.000 kr
🔹 Purglede med Friskt Mot, Pub og Vinaftan – 20.000 kr
🔹 Stryn Handel – 10.000 kr
🔹 Olden Ungdomslag – 10.000 kr
🔹 Hornindal og Markane Skyttarlag – 22.000 kr
🔹 Stryn Skulekorps – 48.000 kr
🔹 Blakset Hornmusikk – 15.000 kr
🔹 Utvik Vel og Utviklingslag – 30.000 kr
🔹 Stryn Motorsportklubb – 31.000 kr
🔹 Forsamlingshuset Markahall – 10.000 kr
🔹 Markane Ungdomslag – 29.000 kr
🔹 Stryn Turn – 10.000 kr
🔹 Innvik Bygdeutviklingslag – 30.000 kr
🔹 Olden Skyttarlag – 22.000 kr

Vi er stolte over å kunne bidra til så mykje positiv aktivitet rundt om i kommunen, og vi gler oss til å sjå kva pengane blir til ute i laga og organisasjonane.

Takk til alle som bidreg til at dette er mogleg – og til alle som er med på å skape aktivitet, fellesskap og liv i bygda vår.

💙

Les meir her:

Stryn Ping-Pong Club blar opp rekordbeløp til 22 mottakarar i år. – Dette er ein stor motivasjon for oss, seier herreklubben.

04/06/2026

I helga går Motorfestival Stryn av stabelen, og festivalsommaren er i gang i Festivalbygda Stryn 🎉

Det er mykje å gle seg til i Stryn i sommar. Men vi skal vere ærlege nok til å innrømme at vi allereie har eitt auge på september.

For 18. og 19. september er det igjen klart for Oktoberfest Stryn 2026!

3.500 menneske i Dirndl og Lederhosen. Tre telt. Store artistar. Lange bord. Fulle seidelar. Allsong på inn- og utpust.

Nye historier å ta med heim. Og gamle historier som framleis held koken.

🎟️ Billettane finn du her:
https://tikkio.com/events/58915-oktoberfest-stryn-2026

Det finst mange oktoberfestar – men berre éin der du får gåsehud før du har nådd inngangen.

Ein prosit! 🍺

💰 No opnar vi for søknadar om midlarKvart år deler vi i Stryn Ping Pong Club ut overskotet frå Oktoberfest Stryn og andr...
20/03/2026

💰 No opnar vi for søknadar om midlar

Kvart år deler vi i Stryn Ping Pong Club ut overskotet frå Oktoberfest Stryn og andre arrangement vi arrangerer.

Dette er midlar som går tilbake til gode tiltak i Stryn 💛

No kan lag, organisasjonar og andre som har prosjekt på gang søkje om støtte.

Har de noko de ønskjer å få til? Då vil vi gjerne høyre frå dykk.

📩 Send søknad til: [email protected]
⏰ Søknadsfrist: 1. mai 2026

👉 Mykje fest – og mykje tilbake til bygda

Adresse

Stryn
6783

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stryn Ping-Pong Club legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stryn Ping-Pong Club:

Snarveier

Del